Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2008

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024



Uke 1
Den første kjende boka som vart gjeven ut i Noreg var Tyge Nielssøn sin Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644.
Den første kjende boka som vart gjeven ut i Noreg var Tyge Nielssøn sin Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644.

Ein almanakk er ein årleg kalender som inneheld informasjon om eitt eller fleire emne knytt til dei ulike dagane.

Den informasjonen som er mest vanleg å finne i ein tradisjonell vestleg almanakk er astronomiske data, og statistikk over til dømes soloppgang og -nedgang, fullmåne og halvmåne, tidvatn, offentlege høgtidsdagar, helgedagar og liknande.

Forgjengaren til almanakken er rekna å vere den greske vêr-kalenderen, parapegma, kjend frå det 2. århundret. Den eldste kjende almanakken etter moderne mønster blei laga i 1150 av Solomon Jarchus. Den eldste kjende norske almanakken er datert til 1643, då Tyge Nielssøn gav ut sin almanakk; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644, på 48 sider. Denne almanakken er òg rekna å vere den første norske boka som har vorte publisert.

Ordet almanakk kjem truleg av arabisk al-manākh, 'klimaet', og reflekterer det opphavlege føremålet med almanakken: Å informere om korleis vêr og klima kom til å påverke jordbruket. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 2
Nordsida av den gamle festningen på Korfu
Nordsida av den gamle festningen på Korfu

Korfu eller Kerkyra er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utafor kysten av Albania og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breidt sund. Hovudbyen på øya og i prefekturet, Kérkyra prefektur, er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie som er nært knytt til den greske historia med start i gresk mytologi.

Det greske namnet Kerkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytene skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho. Poseidon førte ho til Korfu, som då ikkje hadde namn enno. Han tilbydde seg å kalla øya opp etter ho, som etter kvart utvikla seg til Kerkyra. Saman fekk dei bornet Faiax, som innbyggjarane på øya er kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius).

Historien om Kerkyra er full av slag og erobringar, noko ein kan sjå igjen i alle borgene og festningane på strategiske stader rundtom på øya. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 3

Thorstein Veblen (18571929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein av grunnleggjarane av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899). Veblen vart fødd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Norsk var første målet hans.

Veblen utvikla ei evolusjonær økonomilære for det 20. hundreåret basert på dei nye idéane som kom frå antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk økonomilære som voks fram på same tida, skildra Veblen økonomisk åtferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han såg økonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Folk, både rike og fattige, prøver å imponere andre og å stå fram som vinnarar ved det Veblen kalla «conspicuous consumption» (brautande forbruk) og «conspicuous leisure» (brautande fritid). I dette verket seier Veblen at forbruk blir bruka som ein måte å få og vise status på. Gjennom «conspicuous consumption» kom ofte «conspicuous waste» (brautande sløsing), som Veblen avskydde. Mykje av moderne reklame er bygd på det Veblen tala om når det gjeld forbruk. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 4
Atahualpa, den siste Sapa Inka døydde 29. august 1533.
Atahualpa, den siste Sapa Inka døydde 29. august 1533.

Inkarikets fall er omgrepet nytta om historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nærare 25 år frå europearane først kom til Stillehavet i 1513 og fekk høre om eit gulland i sør, til inkaene i røynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfødde ca. 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart såra.

Det kom fleire mindre motåtak og eit alvorleg opprør. Frå tidspunktet då den spanske conquistadoren Francisco Pizzaro på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprøret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco Cápac II. Etter dette opprøret eksisterte ei lita sjølvstendig statsdanning for dei siste inkaene og herskarklassen med senter i Vilcabamba over ein periode på 36 år, leia av Manco Cápac og etterfylgjarane hans. I 1572 vart den siste inka og dei øvste hærfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjølv om det er meir rett å vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som erobringa av inkariket. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 5
Hans Holbein d.y. Sjølvportrett frå 1542.
Hans Holbein d.y.
Sjølvportrett frå 1542.

Hans Holbein den yngre (1497/98-1543) var ein biletkunstnar fødd i Augsburg i Bayern. Kunsten hans fell inn under stilretninga nordleg renessanse og han var mellom dei heilt fremste av portrettmålarar i sin periode. Hovudområda han budde og arbeidde i var Basel i Sveits og London i Storbritannia. Holbein arbeidde med teikning, grafikk og måleri. I tillegg formgav han glasmåleri, klesdraketer og anna, og han illustrerte bøker. Frå 1536 var han hoffmålar hjå kong Henrik VIII av England. Måleriet Ambassadørane vert rekna som han viktigaste verk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 6
Orografisk tåke ved Lushan-fjellet i Jiangxi-provinsen i Kina.
Orografisk tåke ved Lushan-fjellet i Jiangxi-provinsen i Kina.

Tåke eller skodde er ei sky som er i kontakt med bakken. For å kallast tåke må sikten vera under 1000 m.

Den staden med mest tåke i verda er Grand Banks utanfor øya Newfoundland, Canada. Det oppstår ofte tåke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frå nord her møter den mykje varmare Golfstraumen frå sør.

I Noreg varierer det frå landsdel til landsdel kva tid på året det kjem mest tåke. Kysten av Barentshavet, Norskehavet og sørover til Jæren er mest utsett for tåke om sommaren, medan Sørlandskysten er mest utsett om våren. Austlandet får som regel mest tåke om vinteren, og er særleg utsett i periodar med sørleg, mildt luft som kjem inn over eit snødekt landskap.

Tåke oppstår normalt når relativ fukt når 100 % på bakkenivå, men havtåke kan oppstå i turrare luft. Tåke kan dannast brått, og løysast opp like brått, avhengig av på kva side av doggpunktet temperaturen er. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 7
Gullhjelmen til Håkon den gode som er på heradsvåpenet til Fitjar. Det er ikkje offentleg godkjend fordi det har tre fargar.
Gullhjelmen til Håkon den gode som er på heradsvåpenet til Fitjar. Det er ikkje offentleg godkjend fordi det har tre fargar.

Fitjar er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.

Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget.

Den første kyrkja på Fitjar var frå 1100-talet, og truleg bygd i tilknyting til kongsgarden. Den gamle steinkyrkja vart riven i 1860-åra, og den noverande trekyrkja vart bygd på same staden i 1867. Stein frå den gamle kyrkja vart nytta som steingard rundt kyrkjegarden. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 8
Aure er den av ferskvassfiskane som opptrer i flest vassdrag i Noreg.
Aure er den av ferskvassfiskane som opptrer i flest vassdrag i Noreg.

Ferskvassfisk er fisk som lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn, det vil seie i elver og innsjøar med salinitet på under 0,05 %. Tilhøva i desse miljøa skil seg frå dei i havet på mange punkt; den mest openberre skilnaden er det ulike saltinnhaldet. For å kunne overleva i ferskvatn treng fisken ei rekkje fysiologiske tilpassingar for å halda ein god balanse av salt i kroppen.

41 % av alle kjende fiskeartar førekjem i ferskvatn. I Noreg er det registrert 42 ulike artar ferskvassfisk, men det finst ingen vassdrag kor ein finn alle saman. Dei mest artsrike fiskesamfunna finn me i lavlandet på Austlandet. Langsmed norskekysten er økosystema hovudsakeleg dominerte av anadrome fisk som laks og aure. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 9

Temperatur er den fysiske eigenskapen som er grunnlaget for om ein lekam vert oppfatta som varm eller kald. Lekamen med høgast temperatur vil oppfattast som varmast. Temperatur er direkte knytt til mengda varmeenergi i systemet, det vil seia tilfeldige rørsler i atom og molekyl i systemet. Ein auke i temperaturen tilsvarar ein auke i den absolutte gjennomsnittsfarten til atoma og molekyla.

Temperatur blir målt med eit termometer og kan kalibrerast til å gjelde for forskjellige temperaturskalaer. I dei fleste områda av verda bruker ein Celsius+skalaen, bortsett frå USA som brukar Fahrenheit. SI-eininga for temperatur er derimot kelvin (K). Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 10
Halldis Moren Vesaas.
Halldis Moren Vesaas.

Halldis Moren Vesaas (18. november 1907 - 8. september 1995) var ein norsk lyrikar, omsetjar og kulturarbeidar, som på mange område gjorde ein omfattande innsats for nynorsk språk og kultur. Dei fleste av diktsamlingane hennar, seks av i alt åtte, kom ut i åra frå 1929 til 1947. Det sentrale temaet er opplevingar og kjensler hjå kvinner gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, samliv i lukke og i motgang, morsrolle og til sist den modne kvinna og hennar perspektiv på livet og gleda ved ny kjærleik. Halldis Moren Vesaas vann ry som gjendiktar gjennom arbeidet sitt med klassisk dramatikk, ho var ein ettertrakta opplesar, og ho hadde fleire sentrale verv i kulturlivet, mellom anna i Riksteateret, forfattarforeininga og Norsk kulturråd. Ho var fødd i Trysil, det meste av det vaksne livet sitt budde ho på Midtbø i Vinje, frå 1933 til rundt 1970, saman med ektemannen og kollegaen Tarjei Vesaas. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 11
Side frå kyrkjeboka til Os prestegjeld som viser nokre av dei som omkom under stormen.
Side frå kyrkjeboka til Os prestegjeld som viser nokre av dei som omkom under stormen.

Den galne måndagen eller Galne-Måndagen var eit uvêr som slo inn over Vestlandet 11. mars 1822. Truleg mista rundt 300 mann livet på havet under stormen.

Uvêret kom særs brått på og dagen hadde starta med stille og fint vêr og blankt hav, og mange fiskarar skal ha kome frå fjordbygdene for å vere med på fisket, som hadde vore særs godt så langt det året. Ein gamal fiskar skal ha meint at han kunne sjå teikn på at det var uvêr i emne, men ingen valde å høyre på han og la ut til havs. Ut på dagen skya det til og det byrja å sludde og snø. Vinden auka raskt på til orkan. Muntlege overleveringar tyder på at 300 menneske drukna til havs og i tillegg omkom fleire på land då bygningar raste saman eller dei fraus i hel. I kyrkjebøkene kan ein telje opp om lag 150 menneske som omkom i stormen, men truleg vart berre dei som vart funne igjen skrive opp i bøkene.

Uvêret levde lenge i lokale tradisjonar og mellom anna på Utsira vart det på folkemunne sagt: «Gud bevare oss for 11. mars!» Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 12
Rissa polsk påskeegg med haremotiv. Aust-Europa har ein lang påskeeggtradisjon.
Rissa polsk påskeegg med haremotiv. Aust-Europa har ein lang påskeeggtradisjon.

Påskeegg er dekorerte egg og eggforma pynt eller mat laga i samband med påske. Dei kan vera alt frå etande hønseegg eller sjokoladeegg til hole pynteegg av ei rekke ulike materiale, frå tomt eggeskal, tre, papp og plastikk til glas, porselen og gull. Påskeegg blir brukte som påskepynt, til ulike leikar, og ikkje minst som påskemat. Egga har røter i både jødisk, heidensk og kristen tradisjon, og symboliserer framfor alt nytt liv og grøde.

Den kristne kyrkja hadde tidleg eit forbod mot å ete egg under fasten, eller i det minste i den stille veka. Egg som blei lagde i denne tida blei tekne vare på og ofte pynta, til dømes farga raude, til minne om blodet Jesus ofra på krossen eller som eit uttrykk for gleda over oppstandinga hans. Dei tre elementa — skal, plomme og kvite — som utgjer eit egg er også blitt sett på som eit symbol for treeininga. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 13
Kolossen på Rhodos, som sannsynlegvis ikkje stod med ein fot på kvar side av hamna som vist her.
Kolossen på Rhodos, som sannsynlegvis ikkje stod med ein fot på kvar side av hamna som vist her.

Kolossen på Rhodos var ein enorm statue av den greske solguden Helios som vart reist på Rhodos, den austlegaste av dei greske øyane i Egearhavet, på 200-talet fvt. Statuen hadde om lag same storleik som Fridomsgudinna i New York City i USA, men vart plassert på ein lågare plattform. Kolossen på Rhodos var eitt av dei sju underverka.

Skildringane frå antikken er noko motseiande når dei skildrar konstruksjonen. Nokre fortel at han vart bygd i fleire steinkolonner eller i tårn av steinblokker som bygget sitt indre. Han vart reist på ein 15 meter høg sokkel av kvit marmor i nærleiken av innløpet til hamna, kanskje på ein molo ved hamna. Jernbjelkar vart drevet inn i steintårna og bronseplater vart festa til bjelkane og danna «huda»;, dei ytre flatane på statuen. Mykje av materiala var vorte smelta ned frå våpna som Demetrios sine hærestyrkar forlot i tidlegare slag. Dei øvste delane vart bygd ved å nytte ein rampe frå bakken. Statuen i seg sjølv vart over 34 meter høg.

Konstruksjonen stod ferdig i 282 fvt. etter 12 år. Statuen stod berre i knappe 56 år før Rhodos vart rysta av eit jordskjelv i 226 fvt. Statuen brakk ved kneledda og fall mot land. Kolossen stod sannsynlegvis på ein sokkel og statuen som står med beina på kvar si side av hamna er truleg ein fantasi frå seinare skildringar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 14
R.E.M. på konsert i Padova i Italia 22. juli 2003.
R.E.M. på konsert i Padova i Italia 22. juli 2003.

R.E.M. er eit amerikansk rockeband som vart danna i Athens i Georgia i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Etter utgjevinga av debutplata Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988.

Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor innflytnad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar. I april 2008 er R.E.M. aktuelle med nytt album, Acceletate. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 15
Tomáš Garrigue Masaryk i 1918.
Tomáš Garrigue Masaryk i 1918.

Tomáš Masaryk (1850 - 1937) er kjend som den tsjekkoslovakiske landsfaderen. Han var sentral i opprettinga av Tsjekkoslovakia og var den første presidenten i landet. Masaryk var også ein respektert akademikar, redaktør og politikar.

I ettertid har Masaryk vorte noko nær ein nasjonalhelt, særleg i Tsjekkia. Vitskapsmannen Karl Popper utropa han og Winston Churchill som dei to største statsmennene1900-talet. Den tsjekkiske journalisten Ferdinand Peroutka meinte Masaryk sitt store bidrag ikkje var hans vitskaplege verk, men hans eigen person. Forfattaren Karel Čapek har hevda at «Masaryk er eit prinsipp». Alle utsegna prøver å syna Masaryk si stordom, ikkje berre som vitskapsmann og politikar, men òg som menneske. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 16
Marineinfanterister fra 3. marineinfanteridivisjon går i land ved Bougainville.
Marineinfanterister fra 3. marineinfanteridivisjon går i land ved Bougainville.

Amfibisk krigføring innebèr åtak på landbaserte mål med militære styrkar frå skip. Amfibisk krigføring krev landgangsfarty eller helikopter for å transportera soldatar til land frå skipa som har ført dei til området.

Målet med å setja soldatar i land frå skip er å avslutta konfliktar. Rein sjøkrig har sjeldan ein avgjerande effekt, og marsj over land er ikkje alltid eit alternativ. Mange land har eigne styrkar med marineinfanteri for dette føremålet. For tida er USA sitt United States Marine Corps det største, og det einaste med eigne landgangsfarty og eige flyvåpen. Halvparten av marineinfanteristane i verda høyrer heime i denne avdelinga.

Eit amfibisk åtak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld frå skip og luftfarty, medan bakkestyrkane skal setjast i land på ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel på grunn av det opne landskapet på dei fleste strender. Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 17
Geirangerfjorden er ein av dei best kjende norske fjordane.
Geirangerfjorden er ein av dei best kjende norske fjordane.

Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av områda i verda med flest fjordar. Noreg har òg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden på 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200. Norske fjordar har som regel fjord som siste del av namnet sitt, men dei kan òg kallast til dømes poll, botn, sund, eller vuotna‎, som er samisk for fjord.

Lista i artikkelen inneheld dei aller fleste fjordane i Noreg og på Svalbard. Dei aller minste fjordane (hovudsakleg mindre enn 1 km lange) er stort sett ikkje teke med. Alle fjordane i lista har eigne artiklar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 18
Knelarnettvengje.
Knelarnettvengje.

Knelarnettvengjer (Mantispidae) er ei familie insekt som høyrer til nettvengjene. Namnet sitt har dei fått fordi dei har fått forbeina sine omdanna til fellklør som ser ut som dei knelarar har. Gruppa finst normalt ikkje i Noreg, men førekjem stundom på importert tropisk frukt. Det er kjend rundt 350 artar på verdsbasis, fordelt på 45 slekter og fleire underfamiliar. Fem artar er kjende frå Europa, men berre Mantispa styriaca førekjem nord for Middelhavsområdet. Denne er funnen så langt nord som nord i Tyskland. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 19
Opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.
Opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.

Året 1968 er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon. Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idéar motsvar av konservative politikarar som hevda å tala for ein «taus majoritet».

Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.

USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøy og demonstrasjonar mot vietnamkrigen.

Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og skuffingar, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst fortsatt innan seinare politikk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 20
Daguerreotypi av Henrik Wergeland. Søstera hans Camilla Collett, totte det var det einaste biletet av han som verkeleg likna.
Daguerreotypi av Henrik Wergeland. Søstera hans Camilla Collett, totte det var det einaste biletet av han som verkeleg likna.

Henrik Arnold Wergeland (1808-1845) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Han er rekna som den største lyrikaren Noreg har fostra. Fleire verk kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Det kunstfilosofiske eventyret Jan van Huysums Blomsterstykke (1840) er eit framifrå døme på genreblanding og eit høgdepunkt i diktinga hans. Han skreiv òg for scena og let etter seg ein stor, variert dramatisk produksjon med sceniske utfordringar som vår tid truleg har betre føresetnader for å nytte ut enn samtida hans hadde. Han ville omsetja sine poetiske idear i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei politisk gjæringstid då Noreg heldt på å finne fram til ein eigen kulturprofil. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 21
Kart over nedslagsfeltet
Kart over nedslagsfeltet

Isar er ei 295 km lang elv i Austerrike og Tyskland. Ho er ei av sideelvene til Donau. Etter Inn og Lech er Isar den tredje viktigaste tyske sideelva til Donau. Tidlegare var elva brei og grunn, med mange øyar av grus og sand. Bortsett frå nokre plassar lengst opp er dette preget regulert bort. Middelvassføringa er 175 m³/s (til samanlikning har Glomma 700 m³/s).

Isar er utsett for flaum og før ho vart regulert skapte elva ofte flaum i byane langs elva og gjorde store øydeleggingar og tok livet av mange menneske. I 1813 kollapsa ei bru i München under ein flaum og 100 menneske mista livet. På 1920-talet byrja ein å byggje vasskraftverk, og frå 1954 til 1959 bygde ein Sylvensteinspeicher for å produsere straum og for å verne mot flaumar. Dette førte mellom anna til at landsbyen Fall var lagd under vatn. Når vassnivået i reservoaret er svært lågt, kan ein framleis sjå kyrkjetårnet stikke ut av vatnet. Les meir!
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 22
Strandkrabben er den vanlegaste krabbearten i fjøra i Noreg
Strandkrabben er den vanlegaste krabbearten i fjøra i Noreg

Krabbar er krepsdyr med fire par bein, eitt par klør og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Krabbar høyrer til infraklassa Brachyura. Dei lev for det meste i havet, men særleg i tropane finst det òg artar i ferskvatn og på land. Gruppa er den største og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 10 500 registrerte artar fordelt på 70 familiar.

Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.

Om lag 20% av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat på verdsbasis er krabbar, til saman over 1½ millionar tonn. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i størst kvanta, men strandkrabbe smakar også godt. Kongekrabben vert òg seld som krabbe, men høyrer eigentleg til anomurene. Les meir!
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 23
Ruinane etter det gamle Sparta
Ruinane etter det gamle Sparta

Sparta (gresk: Σπάρτα) er ein by i prefekturet Lakonia, der han er hovudstad, i Peloponnes i Hellas. Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste på Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.

Kring 550 fvt. og ei tid framover var Sparta ei sterk og effektiv militærmakt, og falanksane deira vart rekna som umogeleg å slå. Dette kom mellom anna til uttrykk i peloponnesarkrigen. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 24
Eivind Groven. Bilde frå 1951
Eivind Groven. Bilde frå 1951

Eivind Groven (1901-1977) var ein norsk komponist, musikkvitar, spelemann på hardingfele og seljefløyte, folkemusikksamlar og utgjevar som mellom anna er kjend for arbeidet sitt med reinstemte orgel.

Som komponist var han ein av dei mest originale Noreg har fostra. Mykje av det folk trur er folkemusikklån, er hans eige stoff. Han er den fyrste, og til no den einaste, norske komponisten som meistra både hardingfela og symfoniorkesteret. Meir


Vis - Diskusjon - historikk


Uke 25
Big Ben er eit landemerke i London
Big Ben er eit landemerke i London

London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling.

Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.

Sjølve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 26
Fargane på kartet illustrerer ulike klimasoner.
Fargane på kartet illustrerer ulike klimasoner.

Köppen si klimaklassifisering er eit av dei mest brukte klimaklassifiseringssystema. Det vart utvikla av den tyske klimatologen Wladimir Köppen rundt 1900. Han gjorde seinare fleire utbetringar av systemet. Systemet kombinerer årlege og månadlege middel av temperatur og nedbør i samsvar med vegetasjonsfordelinga på jorda.

Köppen sitt skjema deler klimaet inn i fem klimasoner i tillegg til fleire klimatypar og klimaundertypar. Dei fem klimasonene er tropisk klima, tørt klima, temperert klima, kontinentalt klima og arktisk klima. Les meir…


Vis - Diskusjon - historikk


Uke 27

[[Fil:|120x170px|venstre|border|lenke={{{3}}}|«Liebherr T282B» er ein av verdas største dumparar.]] Dumpar er ei anleggsmaskin som vert nytta for å transportere jord, grus, stein og liknande, ofte på dårleg underlag. Dumparar finst i mange typar og mange storleikar. Nokre dumpartypar er bygde for bruk i terrenget, medan andre krev veg eller fast underlag. På veg, eller anna godt underlag, vert òg lastebilar utstyrte med dumparkasse nytta for massetransport.

Dumparar med stiv ramme kan ha lasteevne opp mot 400 tonn

Det norske føretaket Moxy har produsert rammestyrte dumparar sidan 1972, då dei introduserte den sekshulsdrivne «Viking D15». Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 28
Dansefluge er ei tovengje insekt.
Dansefluge er ei tovengje insekt.

Insekt (frå latin in secta, ”i delar” etter kropssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er beskrive godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrert i Noreg. Talet på beskrivne artar aukar med om lag 3 500 i året, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.

Ein finn insekt dei fleste stadar på land og i ferskvatn, kor dei spelar særs viktige rollar økologisk. Dei er både viktige predatorar på andre virvellause dyr og viktige matorganismar for større dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for å kunne formeira seg.

Insekt er òg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart år vert ein tredel av verdas avlingar øydelagt av insekt av eit eller anna slag. Mange sjukdommar vert òg spreidd via insekt, mellom anna malaria.

Sidan insekta er så enormt mangfaldige, talrike og økologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eiga fag, kalla «entomologi». Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 29
Det osmanske riket frå 1300-talet til 1683.
Det osmanske riket frå 1300-talet til 1683.

Det osmanske riket, også kalla Det ottomanske riket, var eit enormt, tyrkisk imperium, grunnlagd av Osman I ved byrjinga av 1300-talet og styrt av Det osmanske dynastiet fram til Tyrkia som republikk vart skipa av Mustafa Kemal Atatürk i 1923 etter den fyrste verdskrigen.

Riket var mektigast på 1500-talet under sultan Süleyman den store. Det hadde likevel størst utstrekking i 1683, då det strekte seg frå Wien i vest, gjennom Midtausten og Nord-Afrika, til dagens Iran og Den arabiske halvøya i aust. Sjølv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.

Ein sultan styrte riket saman med diwanen, ei regjering sett saman av vesirar og leia av storvesiren. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen kalif, det åndelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundreår såg ein på desse sultanane som dei einaste som hadde rett til å erklæra heilag krig. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 30
Portrett av Grotius som 48-åring. Michiel Jansz van Mierevelt, 1608.
Portrett av Grotius som 48-åring. Michiel Jansz van Mierevelt, 1608.

Hugo Grotius (10. april 158328. august 1645) arbeidde som jurist i Nederland og la fundamentet for internasjonal rett basert på naturrett. Han var og filosof, poet og dramaforfattar. Han er kanskje mest kjent for verket Mare Liberum som la grunnlaget for teorien om det opne hav og framtidig havrett.

I Mare Liberum («Dei frie hav») som vart trykt i 1609 formulerte Grotius eit nytt prinsipp om at havet var internasjonalt og at alle nasjonar fritt kunne nytte havet for handel. Dette prinsippet gav nederlenderane ideologisk grunnlag for bryte ulike handelsmonopol gjennom si formidable maritime makt. Før denne tid var det vanleg å tenkje at hava var delt mellom Spania og Portugal med bakgrunn i at Paven hadde delt verda mellom desse to landa. Prinsippa som Grotius formulerte finn vi igjen i dagens havrett. Artikkel 17 i Havrettstraktaten gjev alle rett til uskuldig gjennomfart.

England som konkurerte kraftig med Nederland om å dominere verdshandelen var usamde i dette og kravde suverenitet over havet rundt dei britiske øyene. Det var Cornelius Bynkershoek som i De dominio maris (1702) fann løysninga. Eit land skulle ha suverenitet over hava så langt ut frå land som ein kanon kunne skyte. Dette utvikle seg til prinsippet om tremils grense til havs. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 31

[[Fil:|120x170px|venstre|border|lenke={{{3}}}|Lava sprutar ut frå Eldfell på eit tidleg stadium av utbrotet. Ein kan sjå byen Heimaey i føregrunnen.]] Eldfell (utt. eld-fedl, tyder eldfjell) er ein om lag 200 meter høg sinderkjeglevulkan på den islandske øya Heimaey, som vart danna då eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.

Utbrotet utløyste ei alvorleg krise og førte nesten til ei permanent evakuering av øya. Vulkansk oske fall over mesteparten av øya og øydela mange hus. Ein straum av lava trua med å fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til øya via fiskeriflåten. Ein operasjon vart iverksatt for å kjøle ned lavaen ved å pumpe sjøvatn på toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frå å stenge hamna.

Etter at utbrotet var over, brukte øyfolket varmen frå den sakte avkjølande lavaen til å produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte óg noko av tefraen, nedfall frå dei eksplosive utbrota, for å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus på. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 32
Fønvindskyer
Fønvindskyer

Ein fønvind er ein varm og tørr, ofte kortvarig, vind som fell nedover ei fjellside, på motsett side av fjellet enn der vinden kjem frå. Uttrykket fønvind blir særleg brukt i Alpane, men det finst òg ei rekkje andre namn på dette fenomenet i andre fjellområde. I Noreg oppstår ofte fenomenet på Austlandet i vestavindssituasjonar, og på Nordvestlandet i situasjonar med mild og fuktig luft frå sør. Tafjord, som er omringa av fjell på over 1500 m høgde, er ein kjend plass når det gjeld fønvind i norsk samanheng. Her kan temperaturen av og til komme opp i mot 20 grader i november-desember når det bles kraftig frå sør. Maksimumstemperaturen i Tafjord for november er til dømes 21,8°C satt i 2003.

Fønvind, eller fallvind, oppstår frå atmosfærisk uro og er eit fysisk betinga vêrfenomen som førekjem over heile verda. Det finst knapt eit fjell som ikkje har sin eigen lokale fallvind, og fønvind, chinook og bora er blant dei mest kjente av desse vindane.

1920-talet vart varemerket Fön registrert for ein maskin som tørka håret ved å blåse varm luft på det – i dag kjend som hårfønar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 33
Porta Soprana
Porta Soprana

Genova er ein hamneby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Genova og regionen Liguria, og har om lag 620 000 innbyggjarar med om lag 890 000 innbyggjarar i storbyområdet.

Genua var den gamle byen til ligurarane og namnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne». Genova var òg hovudstaden til Republikken Genova, eit mektig handelsimperium i renessansen.

Christofer Columbus var fødd i Genova og donerte ein tiandedel av inntektene sine etter oppdaginga av Amerika for Spania til banken i San Giorgio i Genova.

I 2004 valde EU Genova som europeisk kulturhovudstad. Delar av gamlebyen i Genova er innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 34
Olav H. Hauge ville vore 100 år 18. august
Olav H. Hauge ville vore 100 år 18. august

Olav H. Hauge (19081994) var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.

Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald. I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk og amerikansk lyrikk, gjennom omfattande lesing og sjølvstudium.

Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På Ørnetuva skjer det ei påtakeleg formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 er vorten ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Hauge fekk Doblougprisen i 1969 og Aschehougprisen i 1978. I februar 2006 vart han heidra med eit frimerke (NK 1598). Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 35
Claas Lexion 570 skurtreskar.
Claas Lexion 570 skurtreskar.

Skurtreskjar er ei maskin som slær, treskar og reinskar korn. Tidlege skurtreskarar vart dregne av hestar, og seinare traktorar (slepetreskarar), men i dag er skurtreskarar utstyrte med eigen motor og er sjølvgåande.

Ein skurtreskar er utstyrt med eit skjerebord i fronten, som har som oppgåve å skjera av kornaksa og føra dei inn i treskeverket. Aksa vert skorne av med ei knivstong som går over heile breidda på skjerebordet. Knivstonga er i grove trekk av same type som vert nytta på slåmaskiner, men i standen for glatte knivar vert det som oftast nytta rifla knivar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 36
Kattar mel ofte når dei er avslappa
Kattar mel ofte når dei er avslappa

Kattemaling (også kalla purring eller spinning) er ein lyd som nokre kattedyr lagar. (høyr!) Detaljane i lyden varierer frå katt til katt (i styrke, tone, osb), og mellom dei einskilde katterasane, men kan generelt skildrast som ei låg summing eller murring. Nokre kattar mel so høgt at heile kroppen vibrerer. Kattepurr ligg mellom 27 og 44 hertz.

Når kattar mel sender hjernen rytmiske nervemeldingar til strupehovudet på katten; opp mot 25 meldingar i sekundet. Dette får stemmebanda til katten til å stramme seg og opne seg på annankvar nervemelding, og når stemmebanda er stramma kjem det praktisk tala ikkje noko luft gjennom strupehovudet. I kombinasjon med at katten pustar roleg og regelbunde oppstår det eit kort puff kvar gong stemmebanda vert stramma, og straumen av om lag 25 korte puff i sekundet dannar det vi kjenner som purrelyden. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 37
Mt Lion og Taurikura sett frå Mount Manaia.
Mt Lion og Taurikura sett frå Mount Manaia.

Northland på New Zealand er ein av dei 16 regionaneNew Zealand. Regionen ligg heilt nord på Nordøya, og administrasjonssentret ligg i byen Whangarei. Northland har låg busetnad og er den minst urbaniserte regionen på New Zealand; folketalet er 148 470 og 50 % bur i urbane område.

Iwi i Northland meiner at Kupe gjekk i land ved Hokianga nordvest i Northland, og regionen gjer derfor krav på å vera «fødestaden» til New Zealand. Nokre av dei eldste funna av māori kainga (fiskarlandsbyar) er funne her.

Northland er kjend for kauriskogane. Store skogar vart hogde ut på 1800-talet, men det er enno att somme område der desse sjeldne kjempetrea får veksa seg høge. Det største treet på New Zealand, Tāne Mahuta, står i skogområdet Waipoua Forest sør for hamna Hokianga Harbour. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 38
The Dark Side of The Moon
The Dark Side of The Moon

Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har seld flest plater gjennom historia med over 200 millionar plater. Blant desse finn ein mellom anna The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, og The Wall frå 1979, plater som gav Pink Floyd status som eit av dei største banda i verda. Viktige medlem som er eller har vore med i Pink Floyd er Syd Barrett, David Gilmour, Nick Mason, Roger Waters og Richard Wright. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 39

[[Fil:|120x170px|venstre|border|lenke={{{3}}}|nn:City of London, der romarane først grunnla byen.]] Historia til London strekker seg to årtusen tilbake, til då romarane grunnla Londinium ved bekken Walbrook på nordsida av Themsen i år 43. Byen har sidan hatt ei rik historie, med mange forskjellige fasar. Sidan grunnlegginga har London vokse til å bli den storbyen den er i dag. Den har stått i sentrum for det britiske imperiet og den industrielle revolusjon. Den blei lagt i oske av bybrannen, bomba under Blitzen og ramma av pest. I moderne tid er London eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 40
Salmodikon, notar og boge
Salmodikon, notar og boge

Salmodikon er eit enkelt strykeinstrument med éin streng, utvikla for å spele koralar på. Det har namn frå gresk psalmos (salme) og ode (song). På siste halvdel av 1800-talet var det mykje brukt som hjelp i songundervisninga i skolen. Til salmodikonet er det utvikla ei eiga siffernoteskrift. Dei enklaste salmodikona er bygd opp av ei fjøl eller eit brett av grantre med eit gripebrett inndelt med stålkrampar. Over brettet er det spent ein streng som på høgre side er festa i ein stift og på venstre side er snodd om ein skruve.

Salmodikonet vart introdusert i Danmark av læraren J.W. Bruun i 1823. Men det var i Noreg, Sverige, Finland, Estland og Litauen at instrumentet vart mest nytta. Utvandrarar brakte instrumentet til USA, og det har enno ein plass i amerikansk folkemusikk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 41
Lundefangstmann
Lundefangstmann

Lundefangst er systematisk fanging av lundefugl for å gjere seg nytte av kjøt, fjør og dun. I bustader frå steinalderen har arkeologar funne restar av sjøfuglavfallsplassane. Det har truleg vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.

Av dei omlag 50 sjøfuglartane som er vanlege langs norskekysten, er det særleg ærfugl, alke og lundefugl som har vore økonomisk viktig. Hjå ærfuglen vert duna teken vare på. Alka vert helst fanga på sjøen eller skoten. Medan lundefuglen vert fanga i fuglefjell. Sjølv om lundefuglen ikkje er ein sky fugl, er det vanskeleg å fange han utan særlege hjelpemiddel. Under visse verforhold kan han takast med berre hendene. Ellers har det vore nytta kjepp, kjeppkrok, hund, garn og fleiing.

Det har vore mykje lundefangst i det nordatlantiske lundeområdet og fleire stader har det vore uttak på opp mot 30 000 fugl årleg. Lundefuglen er no på nasjonal raudliste (2006) for trua artar i Noreg med status «sårbar (VU)». Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 42
Geirr Tveitt.
Geirr Tveitt.

Geirr Tveitt ( 19. oktober 1908 - 1. februar 1981 ), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist. Tveitt var ein av Noregs mest markante, fargerike og velutdanna komponistar på 1900-talet. I musikken hans møtest det norske og det kontinentale i ein fruktbar syntese. Han skreiv klaverkonsertar, ballettar, operaer og ruvande verk for kor og orkester. Det verket som har nådd vidast ut og som blir oftast oppført, er «Hundrad folketonar frå Hardanger». Det er samansett av komprimerte satsar bygde på folketonar, fantasifullt instrumenterte og med suggestive titlar. Han komponerte òg folkekjære songar og viser. Best kjend er kanskje «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta» til tekst av Aslaug Låstad Lygre, og viser til tekstar av Jakob Sande og Aslaug Vaa.

Ei rekke ulykker følgde Tveitt. Det partituret til «Baldurs draumar» som vart brukt i Paris, vart borte i eit flyåtak over London under krigen. Huset hans i Norheimsund vart knust av snøras i 1960. Ti år seinare brann bustadhuset ned. I denne katastrofen brann om lag 80 % av den produksjonen hans opp. Ein del av den musikken som gjekk tapt, er seinare blitt rekonstruert på grunnlag av arkivmateriale, radioopptak og liknande. Berre rundt 90 verk er framleis tilgjengelege. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 43

Viaduc de Millau er den høgaste skråstagbrua i verda og ligg ved Millau i Frankrike. Brua er 343 meter høg på det høgaste punktet og trafikken kjører på det meste 270 meter over elva. Brua vart opna i 2004. Brua er bygd av sju slanke pilarar som ber den nesten 2,5 km lange brua over dalen i Millau. Arkitekten bak brua, Norman Foster, er òg mannen bak Millennium Bridge og Swiss Re-bygningen ('Sylteagurken') i London.

Frå nesten alle stader i Millau kan ein sjå dei enorme pilarane reise seg til himmels nokre kilometer vest for byen. Det raskaste og billegaste sambandet mellom Paris og Middelhavet går no via Millau og den nye brua. I tillegg til at byen er kvitt mykje forstyrrande gjennomgangstrafikk har byen òg skaffa seg ein stor turistattraksjon. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 44
Kauritreet saman med ein person for å vise storleiken.
Kauritreet saman med ein person for å vise storleiken.

Agathis australis, best kjend som kauri, er eit stort kongleberande tre som finst nord for 38°S på NordøyaNew Zealand. Dei høgaste trea kan nå opp til 50 meter over skogbotnen. Diameteren til stammene kan verta over fem meter. Treet har glatt bork og små ovale blad. Kauriskogar er mellom dei eldste i verda. Føregjengarane til kauritreet dukka opp i juratida (for mellom 190 og 135 millionar år sidan). Med sitt uvanlege regenerasjonsmønster og samverknad med jordsmonnet, er treet i stand til å ta opp konkurransen med seinare utvikla og snøggare veksande planteslag. Trea kan vanlegvis leva i meir enn 600 år. Truleg er mange individ over 1000 år, men der er ingen sikre prov på at trea kan verta meir enn 2000 år gamle.

Det største eksemplaret det finnest oppteikningar om var kjent som «Det store skrømtet». Lokalhistorikaren Alastair Isdale frå Thames skreiv at dette treet målte 8,54 meter i diameter og 26,83 meter i omkrins. Det gjekk med i ein brann omkring år 1890. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 45
Nick Drake
Nick Drake

Nick Drake (1948-1974) var ein britisk musikar og låtskrivar rekna for å ha hatt stor innverknad på folkrocken på slutten av 1900-talet.

Han skreiv og komponerte alle songane sine sjølv, ei original blanding av roleg rock og britisk folkemusikk, svært melankolsk og ofte dyster, men aldri aggressiv. I løpet av sitt korte liv gav han ut tre album, og trass i svært gode kritikkar blei ikkje nokre av albuma hans store suksessar medan han levde. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 46
Frå den indre øygruppa.
Frå den indre øygruppa.

Skjergardshavet er ei øygruppe i Austersjøen mellom Bottenhavet og Finskebukta. Med over 20 000 øyar er ho den mest øyrike øygruppa i verda. Dei fleste er svært små og dekkjer eit lite område. Øyane dukka opp frå vatnet kort tid etter den siste istida, og landhevinga er ein prosess som framleis pågår, der nye skjer og øyar sakte vert danna, medan dei eldre øyane vert større eller veks i hop.

På 1700- og 1800-talet var talet på tvillingfødslar i forhold til folketalet større her enn nokon anna stad i Europa, og svært mykje høgare enn på det finske fastlandet. Årsaka til dette kan ha vore fiske. Fisk er ei svært god kjelde til protein og umetta feitt, og var tilgjengeleg sjølv når avlingane på fastlandet svikta. Tvillingar hadde difor større sjanse til å vekse opp på øyene. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 47
Kart over den planlagde Crossrail-linja.
Kart over den planlagde Crossrail-linja.

Crossrail er eit prosjekt som går ut på å bygge eit stort nytt jarnbanesamband under det sentrale London. Namnet blir òg brukt som ein referanse til den første linja som er planlagd bygd i prosjektet, ei linje som baserar seg på ein tunnel frå aust til vest mellom Paddington og Liverpool Street. Formelt heiter linja Crossrail Line 1.

Statsminister i England, Gordon Brown, gav offisielt grønt lys til Crossrail Line 1 den 5. oktober 2007, etter at finansieringa, med både offentlege og private aktørar, kunne dekka den fyrste linja. Går alt etter planen kjem dei fyrste toga til å gå i 2017. Toga vil gå i om lag same tempo som London Underground-toga, og vil utfylla Thameslink-ruta. Billettypane vil truleg bli dei same som i resten av transportsystema i London, med Travelcard innanfor Stor-London og Oyster card på heile linja (bortsett frå Heathrow-greina, der eigne system vil halda fram). Crossrail har ofte blitt samanlikna med RER-systemet i Paris, grunna lengda på tunnelen under sentrum. Crossrail vil bli integrert med London Underground, og vil truleg dukka opp på undergrunnskartet. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 48
Logoen til SPD.
Logoen til SPD.

Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) (på norsk Tysklands sosialdemokratiske parti) er det eldste parlamentariske politiske partiet i Tyskland, og òg eitt av dei eldste politiske partia i verda. Partiet blei skipa i 1863 av den tysk-jødiske politikaren Ferdinand Lassalle] i Leipzig som Allgemeine Deutsche Arbeiterverein (ADAV). Den tyske rikskanslaren fyrst Otto von Bismarck prøvde å hindre oppslutning om partiet ved både å innføre visse sosiale tiltak og rett og slett å forby SPD. Også under Under nazismen var partiet forbode og mange sosialdemokratar, venstresosialistar (frå SAP) og kommunistar var innesperra i konsentrasjonsleirar. Partiet kom til makta fyrste gong i 1918, og har saman med SPD vore det viktigaste partiet i Tyskland etter krigen. Sidan 2005 har SPD sote i ein storkoalisjon med CDU. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 49
Surtsey, 16 dagar etter at utbrotet nådde havoverflata.
Surtsey, 16 dagar etter at utbrotet nådde havoverflata.

Surtsey er ei vulkansk øy utanfor sørkysten av Island. Øya er òg det sørlegaste punktet til Island. Øya vart skapt av eit vulkanutbrot som byrja 130 meter under havoverflata, og nådde overflata 14. november 1963. Utbrotet kan ha starta nokre få dagar tidlegare og varte fram til 5. juni 1967, da øya nådde sin maksimale storleik på 2,7 km². Sidan den gong har erosjon frå vind og bølgjer ført til ein stadig reduksjon av storleiken, og i 2002 var ho berre 1,4 km².

Den nye øya vart kalla opp etter elden sin herskar, Surt, frå norrøn mytologi, og vart nøye studert av vulkanologar under utbrotet, og har sidan slutten av utbrotet vorte sett på med stor interesse av botanikarar og biologar etter kvart som forskjellige dyr og planter har etablert seg på den golde øya. Dei undersjøiske magmaopningane som skapte Surtsey er ein del av Vestmannaeyjar sitt undersjøiske vulkansystem, som igjen er ein del av Den midtatlantiske ryggen. Surtsey blei teken med med på Unesco si liste over verdsarv i 2008. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 50
Henry George
Henry George

Henry George (1839-1897) var ein journalist, politisk økonom og sosialfilosof frå USA. Han gjorde framlegg om ein skatt, eller grunnrente, på jordeige. Tankane hans vart formulert i fleire bøker. Tilhengjarane av teoriane hans vert kalla «georgistar», og av namnet hans kjem ordet «georgisme». Den norske forfattaren Arne Garborg var rekna for å stå georgismen nær.

George var svært kjend og populær i samtida. I 1886 var George ein av kandidatane i valet på borgarmeister i New York. George kom på andre plass (betre enn Theodore Roosevelt). Han var kandidat igjen i 1897, men døydde fire dagar før valdagen. Om lag 100.000 menneske var med i gravferda.

Brettspelet Monopol skulle demonstrera teoriane til George. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 51
Forenkla gjengjeving av romskipet Enterprise.
Forenkla gjengjeving av romskipet Enterprise.

Star Trek er ei science fiction-verd frå fjernsyn og film, skapa av Gene Roddenberry i 1966. Star Trek skildrar ei optimistisk, nesten utopisk framtid der menneska har overvunne sjukdom, rasisme, fattigdom, intoleranse og krigjorda. I Star-Trek universet har menneska utvikla teknologi for reiser raskare enn lyset, såkalla warp-drive. Med denne teknologien reiser ein rundt i universet for å oppdage nye sivilisasjonar og å skape fred og forsoning mellom dei ulike rasane.

Det har blitt produsert 6 fjernsynsseriar og 10 kinofilmar, der ein ellevte er i produksjon og truleg vil bli lansert våren 2009. Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA kalla ei av romferjene sine opp etter Enterprise, romskipet i serien. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 52
Eit barnekor med nisseluer opptrer med julesongar.
Eit barnekor med nisseluer opptrer med julesongar.

Julesongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte eller spela i tida rundt jul. Dei har ofte eit innhald som minner om jula, til dømes ved å visa til Jesusbarnet, juleevangeliet, julefeiring eller vinter, men kan også vera knytta til høgtida gjennom tradisjon, utan å ha noko eigentleg juleinnhald. Mange julesongar er folkeeige som er kjende og blir sungne av store delar av eit samfunn. Dei kan dimed kallast «ekte» folkemusikk.

På same måte som julemat og julepynt følgjer julesongar ulike tradisjonar innan ulike land og språksamfunn, men mange av dei finst også på fleire språk og er spreidde rundt i heile verda. Fleire julesongar har røter tilbake til mellomalderen, medan andre er blitt skrivne seinare. Særleg på 1800-talet, då mange av dei moderne juletradisjonane blei forma, blei det skrive mange julesongar, men det kjem framleis nye til.

Nokre kjære julesongar er «Det lyser i stille grender», «Det hev ei rose sprunge», «Eg synger jolekvad» og «Fager er jordi». Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024