Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2006

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024



Uke 1
Fjellrev

Fjellreven (Alopex lagopus), også kjend som kvitrev og polarrev, er ein liten reveart som held til i heile det nordlege polarområdet, lenger sør hovudsakleg i fjella. Bestanden har gått kraftig tilbake i Noreg i moderne tid, og fjellreven er rekna som svært truga. Reven blei freda i Noreg i 1930, men bestanden er fortsatt svært låg, og på det norske fastlandet finst det berre rundt femti revar (2004). Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 2
Pilgrimar rundt Kaba i Mekka.

Mekka er ein by i Saudi-Arabia og den heilagaste staden i Islam. Det var her Muhammed blei fødd og seinare stod fram som Guds sendebod. Muslimar vender seg mot Mekka i bøn, og ønsker å vitja byen minst ein gong i livet. Under hadj, som i 2006 tek til den 8. januar, vitjar rundt to millionar pilgrimar byen. Ikkje-muslimar er derimot utestengde frå Mekka. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 3
Saltkrystallar

Salt er ei stor gruppe kjemiske stoff med liknande eigenskapar: I tørr, fast form er dei krystallar, og oppløyst i vatn dannar dei frie ion som gjev vatnet elektrisk leiingsevne.

Eit salt er ei kjemisk binding mellom to eller fleire ion, som oftast eit metall-ion (kation) og eit ion av ikkje-metall (anion). Iona i ein del salt er viktige for kroppen, og fleire salttypar blir brukte i matlaging.

Det vanlegaste saltet i matlaging, bordsalt, er natriumklorid (NaCl).

Ein kan utvinna salt frå sjøvatn eller frå mineral. Saltgruver finst fleire stader i Europa. Kontroll med saltgruver eller salthandel har vore ei kjelde til rikdom og makt.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 4
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) som seksåring

Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 17565. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 5
Eit 2D firkammersnitt av hjarte. Dei venstresidige kammera til høgre i biletet, atria øvst. Mørkt er blod, lyst er muskel. Klaffane mellom atria og pumpekammera visest tydeleg.

Ekkokardiografi er undersøking av hjartet med ultralyd. Det kan brukast diagnostisk, eller for å vegleie terapeutiske intervensjonar. I daglegtale på sjukehus blir det ofte kalla ekko-Doppler, ekko for det todimensjonale strukturbiletet, og Doppler for fartsmålingane.

Hjartet kan visast som to-dimensjonale skiver, som eit tredimensjonalt volum eller berre langs ein isolert stråle. Dette kan visast som still-bilete eller levande film. Fartsmålingar frå blod eller muskelvev kan visast isolert som kurver eller lagde oppå strukturbileta, med fart og retningar fargekoda. Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 6

Hugo Alvar Henrik Aalto (3. februar 189811. mai 1976) var ein finsk arkitekt og formgjevar, ein av dei mest kjende finske arkitektane gjennom historia. Alvar Aalto var banbrytande inom moderne arkitektur. Mellom kjende bygg teikna av Aalto er Finlandiahuset i Helsingfors og eit bustadområde i Seinäjoki. I bustadområdet inngår kyrkje, rådhus, bibliotek, teater og politistasjon. Det meste av arkitekturen hans var nydannande.

Aalto vart i tillegg vidgjeten som formgjevar. Han arbeidde mykje med formgjeving av glas, eit døme er den såkalla Aalto-vasen. Andre kjende verk er Kulturhuset i Helsinki, Rovaniemi bibliotek og Viborg bibliotek. Aalto teikna den finske paviljongen på verdsutstillinga i 1939. Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 7

Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historien åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam.

Trass i at jødedommen har utvikla mange ulike variasjonar, har han halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane. Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 8

Avskoging i Afrika vert sett på som eit problem. I Afrika det er mange land som har veldig lite skog, enten fordi miljøet ikkje er eigna for skog, eller fordi skogen er fjerna. Avskoginga kan resultere i erosjon, redusert biologisk mangfald og kan trua livsgrunnlaget til folk.

Det som vanlegvis blir peika på som hovudårsak til avskoging både før og no er det som blir karakterisert som dårlege jordbruksteknikkar, slik som svibruk, skiftjordbruk og overbeiting. Ei anna viktig årsak er industriell hogst og vedhogst. I tillegg kjem selektiv hogst som ikkje avskogar, men blir skulda for å degradere skog og bane veg for vidare degradering og avskoging. Industriell hogst av regnskog er vanlegvis drive av transnasjonale selskap og kjem sjeldan landet og lokalbefolkninga til gode. Ulovleg og uregulert hogst er også ein del av problemet i land som ofte har svake og korrupte styresmakter. Folkevekst blir også ofte direkte sett i samanheng med avskoging. At deler av dette slik som urbanisering fører til avskoging er ikkje så vanskeleg å forstå ettersom byar treng plass. På den andre sida viser studiar at folkevekst likså godt kan føre til «påskoging» grunna nyplanting. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 9
Det norske Stortinget

Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som sit i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget.

Dagens stortingsbygg på Karl Johans gate er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet. Det blei innvigd 5. mars 1866, etter ei byggetid på nærare fem og eit halvt år. Frå 1814 og fram til 1854 haldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole på hjørnet av Prinsens gate og Dronningens gate i Oslo. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsalUniversitetet i Oslo. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 10

Sirimavo Bandaranaike (17. april 191610. oktober 2000), var ein srilankisk politikar og verdas første kvinne vald til å styra eit land. Gjennom eit langt politisk liv blei ho opphøgd til landsmoder og elska av mange, men var òg skulda for maktmisbruk og å så splid mellom dei ulike folkegruppene i landet. Bandaranaike var statsminister i periodane 19601965 og 19701977, og hadde same stillinga frå 1994 fram til året ho døydde. Dotter hennar, Chandrika Kumaratunga, har vore president i Sri Lanka sidan 1994.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 11
Raude blodlekamar frå eit menneske

Raude blodlekamar er den viktigaste reidskapen for oksygentransport i blodet hos. Raude blodlekamar er mest hemoglobin. Det er eit molekyl satt saman av heme-gruppar, desse inneheld jarn som bind til seg oksygen i lunger eller gjeller og slepp det laus andre stader i kroppen. Ein blodlekam inneheld om lag 270 millionar hemoglobinmolekylar. Ein typisk raud blodlekam er 6–8 µm. Dei er altså mykje mindre enn dei fleste cellene i lekamen.

Eit vakse menneske har om lag 2–3 × 1013 raude blodlekamar. Milt|Milten verkar som eit lager for raude blodlekamar, men ikkje i like stor grad hjå menneske som hjå andre dyr.

Nederlendaren Jan Swammerdam var den fyrste som skildra ein raud blodlekam. Det var i 1658 og han nytta eit tidleg mikroskop. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 12
Skriftsystemet kuneiform

Eit skriftsystem, eller ei skrift, er eit system av symbol som blir brukt til å representere språklege uttrykk.

Skriftsystem skil seg frå andre moglege symbolske kommunikasjonssystem ved at lesaren må forstå noko av språket knytt til dette systemet for å vere i stand til å lese og forstå teksten. Skriftsystem skil seg dermed frå andre symbolske system, som til dømes informasjonsskilt, kart og matematikk, som vi kan forstå utan å ha kjennskap til eit visst språk.

Det finst fire hovedtypar av skriftssystem: Logografiske, stavingsbaserte, alfabetiske og trekksystem. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 13
Komi i Russland

Komi, eller Den komiske republikken (på komi Komi Mu eller Komi-landet), er ein delrepublikk i den europeiske delen av Russland, på vestsida av Uralfjella, i hovudsak innafor Petsjora-elva sitt nedslagsfelt. Komi-området vart ein del av Russland i 1472, då den russiske ekspansjonen austover tok til.

Republikken er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, og ein av dei tretten medlemmene av Barentsregionen. I nord grensar Komi mot Nenetsia, i nordaust mot Jamal-Nenetsia, i aust mot Khanty-Mansia, i søraust mot Sverdlovsk-provinsen, i sør mot Perm-provinsen, i sørvest mot Kirov-provinsen og i vest Arkhangelsk-provinsen. Hovudstaden i republikken er Syktyvkar.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 14
Machu Picchu

Inkariket er ein tidlegare stat i Sør-Amerika frå år 1438 til 1533. På quechua heiter inkariket Tawantinsuyu, «dei fire hjørne sitt rike». Hovudstaden var Cuzco, «verdas navle», og låg der dei fire delane av riket møttest. Territoriet ekspanderte fram til 1525 og strakte seg då over det meste av dagens Peru og Ecuador, med unntak av dei austlege, lågtliggande områda, Chile sør forbi Santiago og områda av Bolivia og Argentina som ligg i Andes. Kan hende var Tawantinsuyu større enn samtidige Ming-Kina og Det ottomanske riket. Quechua var offisielt språk i forvaltinga av staten.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 15
Trollheimen om vinteren sett frå aust. Dalen som skjer i landskapet er Gjevilvassdalen og fjellet som er gryteforma til venstre i biletet heiter Okla. Foto av Hogne.

Trollheimen er eit fjellområde på grensa mellom Nordmøre i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Trollheimen dannar eit klimaskilje mellom landsdelane og mykje av fjellheimen er freda. Her er sers spanande fjellflora, og målingar syner at dette er eit av dei områda i Nord-Europa med minst ureining. Dei høgste fjella er Trolla (1 850 moh.), Blåhø (1 672), Snota (1 668) og Trollhetta (1 614).

Det er mykje turisme i Trollheimen, og fleire hytter i turistnettet til Den Norske Turistforeining. I vinterhalvåret er det køyrd opp fine skiløyper kringom i området. Særleg i påskeveka er det mykje folk i dei.

Namnet Trollheimen vart først føreslått av Håkon Løken, og vart gitt til området av Trondheim Turistforeining i 1880-åra. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 16
Christopher Columbus (Bilete måla av Sebastiano del Piombo).

Christofer Columbus (145120. mai 1506) (spansk: Cristóbal Colón, italiensk: Cristoforo Colombo) var opphavleg ein italiensk oppdagar og handelsmann. I 1492 kryssa han Atlanterhavet frå Kanariøyane til Bahamas i Karibia. Han gjekk i land på ei av øyane den 12. oktober under kastiljansk flagg. Eigentleg gjorde han ein freistnad på å finne ein vestleg sjøveg frå Europa til Aust-Asia og India, av det kjem namnet «indianarar». Hendinga i 1492 sette ei skiljelinje i amerikansk historie. Ho markerer starten på europeisk kolonisering av Amerika, medan heile perioden før 1492 blir kalla førkolumbisk.Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 17
NASA-bilete av 243 Ida. Den vesle prikken til høgre er månen til Ida, Dactyl.

243 Ida er ein hovudbelte-asteroide som Galileosonden tok bilde av 28. august 1993. 243 Ida blei oppdaga av Johann Palisa 29. september 1884 i Wien. Ida er namnsett etter Ida, ei nymfe frå Kreta i gresk mytologi som levde på eit fjell med same namn (sjå Ida på Kreta).

Forskaren Ann Harch i Galileogruppa oppdaga under gjennomgang av forseinka bilde 17. februar 1994 at Ida hadde ein liten måne. Asteroidemånen blei gitt det foreløpige namnet S/1993 (243) 1 og seinare omdøypt til 243 (1) Dactyl. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 18
Utbreiing av genotype PiZZ (homozygøs alvorleg α₁-antitrypsinmangel) i Europa).
Utbreiing av genotype PiZZ (homozygøs alvorleg α₁-antitrypsinmangel) i Europa).

α₁-antitrypsinmangel eller alfa 1-antitrypsinmangel, òg kalla A1AD eller rett og slett alfa-1, er ein kodominant arveleg sjukdom der α₁-antitrypsinnivået i blodet er for lågt. A1AD kan føre til lungeemfysem og i nokre fall til leversjukdom. A1AD, inkludert i lettare form, er òg sett i samband med m.a. behandlingsresistent astma og kronisk sinusitt. A1AD er vanlegast blant europearar av baltisk, sørskandinavisk, nederlandsk, britisk og iberisk (spansk og portugisisk) bakgrunn, og i tillegg blant saudiarabarar. Les meir ...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 19
Kalkomnen ved Odda Smelteverk.

Odda er ein kommune i Hordaland. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune er byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kjende tettstader i Odda kommune er mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Odda er kjend som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonni er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Keisar Wilhelm var årviss gjest frå 1889 til 1914.

Odda er òg kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk og Boliden (Norzink). Våren 2003 gjekk smelteverket konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode. Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utganspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 20
moskeen på Frogner i Oslo.

Islam i Noreg. Islam er den nest største religionen i Noreg.

I 2003 budde det truleg omlag 115 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Noreg. Av desse var om lag 80 000 medlemer i 92 muslimske trussamfunn i 2004. Om lag 60 000 av desse bur i Oslo og Akershus. Dei aller fleste muslimar i Noreg har innvandrarbakgrunn. Det islamske miljøet i Noreg er sterkt fragmentert, men mange moskéar er organisert i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 21
Henrik Ibsen (1828-1906)

Henrik Johan Ibsen (født 20. mars 1828 død 23. mai 1906) var ein norsk dramatikar, ein av «dei fire store» i norsk litteraturhistorie og kjend for diktinga si over heile verda. Ibsen er rekna som far åt det moderne dramaet og har påverka ei rad kunstnarar frå George Bernard Shaw og Oscar Wilde til James Joyce.

Henrik Ibsen vart fødd i Skien som son av forretningsmannen Knud Ibsen. Familien hans høyrde til overklassen i Skien. Ibsen sin farfar forliste, og Knud Ibsen si mor gifte seg att med den rike Ole Paus, far åt den seinare stortingsrepresentanten, byfoged C. C. Paus, som altså var Knud Ibsen sin halvbror. Henrik Ibsens si mor, Marichen Altenburg, var dotter av ein annan Paus — Hedvig Christine Paus — og mannen hennar Johann Altenburg, ein annan av patrisiatet i byen. Henrik Ibsen var stolt av dette slektskapet, særleg etter faren sin økonomiske fallitt som avbraut utdanninga hans og gav ham sterk mistru til samfunnet.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 22
Det ecuadorianske flagget.

Ecuador er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Den 24. mai 1822 vart landet sjølvstendig. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 23
DS «Oster»

DS «Oster» er ein dampbåt som vart bygd 1908 ved Christianssands Mek. Værksted for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Han gjekk i fast rute mellom Osterfjorden og Bergen som kombinert passasjer- og lastebåt. I 1963 skreiv den bergenske døvepresten Ragnvald Hammer diktet «Dar kjem dampen» til ære for rutebåten. Ivar Medaas sette seinare melodi til dette diktet.
Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 24
nn:Ingapirca monument frå inkatida

Ecuadoriansk historie handlar om historia for territoriet som utgjer dagens ecuadorianske stat. Økologiske og topografiske forhold i området var eit hinder for tidleg integrasjon, så ulikskap i språk, trusspørsmål og levevis vart framdyrka. Dette hindra ikkje handelssamkvem mellom folkeslag i dei ulike regionar. Det opphavelege namnet for statsdanning var Quito, det som er kalla det første store kongeriket Quito vart skipa ein gong på 1300-talet. Grensedraginga for den moderne staten Ecuador har vore konfliktfylt emne fram til 1998 då ein fredsavtale med Peru kom i stand. Ecuador fekk då ein kvadratkilometer av Peru i Amazonasregionen (Oriente) i sør og grensa vart endeleg fastlagd. Den førkolumbiske historia i området som no er Ecuador har ikkje vore omfatta med same interesse som for nabolandet Peru, og kjeldane for det som er skrive om menneskeleg verksemd i Ecuador i denne tidsbolken har ikkje same pålitande som frå tida etter spansk kolonisering. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 25
Utsyn over Longyearbyen

Longyearbyen er administrasjonssenteretSvalbard og har over 1 600 innbyggjarar. I 2001 utførte folk busett i Longyearbyen over 1 300 årsverk. I 2006 er det feiring av at byen er 100 år. 10. juni 2006 vert rekna som sjølve jubileumsdagen. Då er det hundre år sidan arbeidarar frå the Arctic Coal Company kom til området med material til det som skulle verta dei første overvintringsbustadene.
Longyearbyen var tidlegare eit mannsdominert gruvesamfunn, men har dei siste åra utvikla seg i retning av ein 'normal' fastlandsby med ein stadig større del kvinner og barn. Byen har eigne barnehagar, egen skole og au ein videregåande skole. Framleis er det trass i dette ein mindre del barn, ungdom og eldre enn på fastlandet, der nesten annakvar innbyggjar er under 20 eller over 65 år. På Svalbard utgjer innbyggjarane under 20 eller over 65 år berre kring 25 % av innbyggjarane. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 26

Willy Brandt (1913-1992) var ein tysk politikarvenstresida, og rikskanslar (statsminister) i Forbundsrepublikken Tyskland frå 1969 til 1974. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet sitt med å betre tilhøvet til DDR, Polen og Sovjetunionen. I 1933 drog han til Noreg for å unngå nazistisk forfølging. I 1940 blei han arrestert av tyske invasjonsstyrkar, men blei ikkje gjenkjend da han var i norsk uniform og snakka flytande norsk. Han blei sett fri som andre norske soldatar, og rømte da til Sverige, der han fekk norsk statsborgarskap av den norske ambassaden.

Brandt var gift med norskfødde Rut, som han fekk to søner med, og dei to likte å reise på ferie til Noreg.
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 27
Eiffeltårnet

Eiffeltårnet (på fransk La Tour Eiffel) er det mest kjente landemerket i Paris, og er internasjonalt kjent som eit symbol for Frankrike. Eiffeltårnet er kalla opp etter konstruktøren, ingeniøren Gustave Eiffel. Tårnet står i 7. arrondissement og er eit kjent turistmål, med over 5,5 millionar besøkande kvart år.

Eiffeltårnet vart bygd mellom 1887 og 1889, og stod ferdig til Verdsutstillinga i 1889 som ei hyllest til hundreårsdagen for den franske revolusjonen. 300 stålarbeidarar sette saman 18 038 stykke av stål ved bruk av 2,5 millionar boltar. Med bakgrunn i den generelle sikkerheitstilstanden for den tida, er det oppsiktsvekkjande at bare éin arbeidar døde under konstruksjonen. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 28

Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting som har som formål å syne fram korleis folk i Noreg levde i byar og bygder frå reformasjonen fram til i dag. Dette gjer museet med utstillingar av bygningar, bruksting, folkedrakter, folkekunst og annan kunst, og med element frå samisk kultur. Museumsområdet ligg på Bygdøy i Oslo og omfattar også bygningar på Bygdøy Kongsgård. Museet disponerer bygningar på Bygdøy for utstillingar og gjenstandsamlingar. Kring museumsbygningane finst også eit friluftsmuseum med mange gardsmiljø av bygningar samla frå norske bygder og kyststrøk, og ein «Gamleby» med tilflutte byhus frå norske byar, dei fleste frå Oslo. Museet eig fem mellomalderbygningar, mest kjent er stavkyrkja frå Gol. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 29

Atomvåpen, eller kjernefysiske våpen, er våpen med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft. Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart bevist under andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte bruka i krig, men prøvesprengningar har vorte gjort fleire hundretals gonger av ulike land. Den første atombomba vart detonert i New Mexico i USA den 16. juli 1945. Dei kjende atommaktene i verda er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India og Pakistan. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 30

Færøyane (færøysk: Føroyar, dansk: Færøerne, namnet tyder 'saueøyane') er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Færøyane består av 18 øyar av vulkansk opprinnelse. Øygruppa har 50 000 innbyggarar, der 17 000 av bur i hovudstaden Tórshavn som er kalla opp etter den norrøne guden Tor.

Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sia 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane blei likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sia 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks sysl og 34 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, til tross for at Danmark er det. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 31

Ny-Hellesund er ei uthamn i Søgne kommune i Vest-Agder fylke. Det finst tre hovudøyar der med gode hamne- og innseglingstilhøve mellom. Øyane heiter Monsøya, Helgøya og Kapelløya. Staden har 10-15 fastbuande (2004), men om somrane er det eit yrande liv av sommargjester i hus, hytter og naust. Det er stor båttrafikk gjennom hovudsundet, Hellesundet. I tillegg legg eit stort tal båtturistar seg til for eit døgn eller tre. Ikkje minst er det fine hamnetilhøve i den store, lune pollen mellom Helgøya og Kapelløya. Kapelløya (Kabeløya på sjøkart) vart kalla «Vester Heløe» fram til 1640. Namneendringa heng saman med at det vart bygd eit kapell her som stod fram til 1760. I samband med kapellet var det ein gravlund der «strandvaskarar», dvs. sjøfolk som dreiv daude i land etter forlis, fekk si siste kvile. Gravlunden var i bruk til 1830. På Kapelløya ligg òg «Det kongelige priviligerte gjestegiveri.» Mellom Kapelløya og Helgøya går Olavsundet, som etter sagnet vart til da Olav den heilage slo med sverdet sitt mot fjellet på flukt frå forfølgjarar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 32
Ecuadoriansk fjellandskap

Petroleumsverksemda i Ecuador og då spesielt oljeproduksjonen har frå og med 1970-åra vore ei viktig næring for Ecuador fordi ho syter for eksportinntekter for landet. I 2001 utgjorde eksport frå verksemda 44 % av all eksportverdi og i perioden fram til 2006 har både marknadsprisar og produksjonsmengda auka. I 2005 var landet fjerde største oljeprodusenten på kontinentet, saman med Colombia.

Mest all oljeproduksjon går føre seg i tropisk regnskog i den nordlege delen av Oriente-regionen. Styresmakta har lenge ønskt å utvide verksemda mot sør i Oriente, men alt det verksemda fører med seg gjev styresmakta utfordringar knytt til vern av miljø og biologisk mangfald, til legale rettar som urfolk og annan folkesetnad har i området, til berekraftig utvikling og til å overhalde skyldnader for Yasuní nasjonalpark. Folk frå huoranikulturen og Sarayaku i Pastazaprovinsen har vekt oppsikt for motstanden mot oljeleiting i deira respektive territorium. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 33

Bjørnøya er ei øy i Barentshavet på 178 km². Øya blei oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Barents 10. juni 1596. På veg inn til land møtte folka hans ein symjande isbjørn. Derav kjem namnet Bjørnøya (på nederlandsk: Beeren Eiland). Øya hører til Noreg politisk sett. Ho er ganske avsidesliggande og ligg eit stykke sør for Spitsbergen, men ho er ein del av øygruppa Svalbard. Ho er au ein del av Svalbard administrativt sett, og dermed underlagt Svalbardtraktaten. På grunn av den geografiske plassen øya ligg på er ho sia 1900-talet blitt stadig meir strategisk interessant, både frå ein militær, økonomisk og ressursmessig synsvinkel. Farvatna rundt Bjørnøya har vore eit av dei områda der omlasting av overfiska torsk har gått føre seg. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 34

Sovjetisk språkpolitikk, språkpolitikken til Sovjetunionens kommunistiske parti, representerte ein av dei mest omfattande språkplanleggingsprosjekta verda har sett. Målet med denne politikken var å gje alle dei ca. 140 språka i Sovjetunionen eigne skriftspråk, og byggje opp skoleverk som kunne gje alle opplæring på eige språk. Det einaste skriftfestingsprosjektet som er samanliknbart med det sovjetiske eksperimentet er misjonærorganisasjonane sitt prosjekt for å omsetje Bibelen til alle verdas språk. Les meir ..
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 35

Aberdeen, (Obar Dheathainskotsk gælisk) er ein by nordaust i Skottland. Byen utgjer kjerna i byområdet City of Aberdeen, og er hovudsete for den skotske regionen Aberdeenshire, sjølv om byen ikkje lenger ligg i regionen. Aberdeen er òg den viktigaste hamna i denne delen av Skottland, og den tredje største byen etter folketal. I dag vert Aberdeen ofte kalla Europas oljehovudstad. Byen er senter for det meste av petroleumsverksemda på britisk kontinentalsokkel, og oljeindustrien utgjer ryggrada i den lokale økonomien. Ei rad norske føretak innan oljeindustrien er representert i Aberdeen. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 36

Den spanske borgarkrigen var ein blodig borgarkrig som varte frå 1936 til nn:1939, og som idealistar frå heile Europa involverte seg i. Krigen vart i all hovudsak utkjempa mellom høgresida og venstresida i spansk politikk. Høgresida vart i stort kalla «nasjonalistane» og hadde mellom anna som mål å innføra monarkiet på nytt. Venstresida var liberalarar, sosialistar, anarkistar og kommunistar. Venstresida vart i vid tyding kalla «republikanarane». Dei støtta den spanske republikken, og den demokratisk valde folkefront-regjeringa. Opprøret mot Folkefrontregjeringa starta 17. juli 1936 i det spanskstyrte Nord-Afrika, leidd av general Francisco Franco. Elitetroppar derifrå vart flogne inn til, og nasjonalistane kjempa seg frå sør og nordover i Spania. Fleire byar gjekk over til nasjonalistane, men republikanarane greidde å halda blant anna hovudstaden Madrid heilt til slutten av krigen. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 37
Nedslagskrateret Tycho på månen. Foto: NASA

Eit nedslagskrater, meteorittkrater, krater, er vanlegvis ei sirkelforma fordjuping på overflata til ein planet, ein måne eller ein asteroide som har blitt forårsaka av ein kollisjon med ein mindre himmellekam, til dømes ein meteoritt. På jorda dannast ofte ein kratersjø i eit sånt krater og i større nedslagskrater dannast ofte ei øy eller til og med ein ring av øyar i senteret til krateret.

Nedslagskrater fins på nesten alle himmellekamar og sidan talet på nedslagskrater aukar med tida og endrar utsjånaden til terrenget, kan ein gjennom å rekne antalet nedslagskrater fastsette alderen på dette terrenget. Likevel blir det med tida oppnådd ei jamvekt der eldre krater blir sletta i same takt som nye kjem til. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 38
Hjarte med koarktasjon

Koarktasjon er ei forsnevring (stenose) på livpulsåra. På medisinsk latin heiter det coarctatio aortae av cum ihop og arctare snøra, aorta livpulsåra. Innsnevringa bremsar straumen av blod frå hjartet til underkroppen. Som regel er forsnevringa sist på bogen (latin arcus aortae), rett etter avgangen av arteria subclavia sinister. Ho er ein medfødd hjartefeil som kan forekomme isolert eller i samband med andre feil, og utgjer fem til åtte prosent av alle medfødde hjartefeil. Koarktasjon av aorta blei første gong skildra av Johann F. Meckel d. e. i 1750. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 39
Håkon Håkonsson og sonen, Magnus Lagabøte

Håkon IV Håkonsson var konge av Noreg i perioden 12171263. Han var son av Håkon Sverresson og Inga frå Varteig, og vart vald til konge av birkebeinarane i 1217. I løpet av Håkon si regjeringstid vart det slutt på borgarkrigane. Det siste opprøret vart leia av svigerfar hans, hertug Skule, som vart drepen i 1240. I 1247 vart Håkon krona av kardinal Vilhelm av Sabina i Bjørgvin, og den siste halvparten av regjeringstida hans var ei tid av fred og konsolidering av kongedømmet. Symbolet på denne perioden er Håkonshallen i Bergen. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 40
Cumulus, finvêrskyer

Ei sky er ein synleg masse av kondenserte dråpar eller iskrystallar i jordatmosfæren eller på ein annan planet.

På jorda er det vassdamp som kondenserar og dannar små vassdråpar (typisk 0.01 mm) eller iskrystallar. Ein slik dråpe eller krystall saman med millionar av andre er for oss synleg som skyer. Skyer reflekterar og spreier alle bølgjelengder av synleg lys likt og er som regel kvite, men dei kan vere grå eller til og med svarte dersom dei er så tjukke eller tette at sollys ikkje kan passere gjennom dei. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 41
Ordet hindī skrive med devanagariskrift.

Hindi (devanagari हिन्दी hindī) er eit indoarisk språk som blir snakka som morsmål eller som primært hjelpespråk over store delar av det nordlege og sentrale India, av bortimot 800 millionar menneske. Hindi har hovudbase i dei mellom-indoariske prakritspråka i mellomalderen og dermed òg frå sanskrit. På grunn av den sterke påverknaden frå islam i det nordlege India er det òg mange persiske, arabiske og tyrkiske lånord. Hovudkjelde for lærde uttrykk og nydanna ord er sanskrit. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 42

AucklandNordøya av New Zealand er det største av dei urbane områda på New Zealand. Området starta som fire frittståande byar, Auckland City, Waitakere, Manukau og North Shore. Desse har med tida vakse saman, men er enno fire avskilde administrasjonsområde med eigne valde bystyre og administrasjonar. På maorispråk vert Auckland kalla Tamaki Makau Rau eller Akarana .

Folketalet i Auckland er over 1,3 millionar menneske, dette gjer byen til langt den største på New Zealand, då nesten tredjeparten av alle innbyggjarane i landet er busette der. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 43

Id ul-fitr (arabisk عيد الفطر, 'festen for brotet'), ofte bare kalla id, er ei muslimsk høgtid som markerer slutten på fastemånaden ramadan. Ho blir feira med bønesamlingar, gjestebod og ved at ein tek på seg nye klede. Det er vanleg å vitja gravstader og gje gåver og almisser i samband med id, og høgtida blir ofte samanlikna med jul. Id er både ei markering av enden på fasten og ei feiring av auka gudsfrykt. Dei truande takkar Gud for at han gav dei styrke til å gjennomføra fasten. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 44
Akropolis i Aten

Antikkens Hellas er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i nesten tusen år, til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa.

Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt umåteleg stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kveikte renessansen i Vest-Europa og kom opp att under ymse ny-klassiske periodar på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 45
Gud som «Ancient of Days» av William Blake

Gud er ei nemning brukt om førestillinga om ei overnaturleg kraft eller vesen som har stor makt over verda, og ofte er både allmektig, allvitande og altnærverande. Me skil mellom ein gud med liten bokstav, som kan vera ein av fleire gudar, og Gud med stor bokstav, som då blir rekna som den einaste guden. Tru på ein gud eller eit gudesystem kallar me religion. Religionar har ofte fastsette måtar å nærma seg den overnaturlege krafta på, ofte gjennom ulike seremoniar eller bøn. Les meir…

Førre tre veker: Antikkens HellasId ul-fitrAuckland


Vis - Diskusjon - historikk


Uke 46
Syklonen Catarina, ein sjeldan tropisk syklon i Sør-Atlanteren. Sett frå den Internasjonale romstasjonen ISS 26. mars 2004.

Ein tropisk syklon er eit stormsystem som får energi frå varme frigjeve av fuktig luft som stig og kondenserar. Namnet understrekar at dette er syklonar som oppstår i tropiske strøk, med rotasjon mot klokka på den nordlege halvkula, og med klokka på den sørlege halvkula. Dei skil seg frå andre lågtrykk, som me til dømes har på våre breiddegrader, ved at det er varmemekanismar som gjev energi til å drive dei.

Tropiske syklonar kan produsere ekstremt kraftig vind, tornadoar, svært kraftig regn og store bølgjer inn mot kysten, noko som kan skape enorme flaumar. Sjølv om effekten på menneskelege busetnadar kan vere katastrofale, har tropiske syklonar i somme tilfelle også avslutta lange tørke periodar, på grunn av den enorme mengda med fukt dei transporterer med seg. Dei kan transportere varme bort frå tropane, og spelar ei viktig rolle i den globale atmosfæriske sirkulasjonen som skapar likevekt i troposfæren. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 47

Sapfo (attisk gresk Σαπφώ Sapphô, aiolisk gresk Ψάπφα Psápfa) var ein kvinneleg gresk lyrikar, lovprist i samtida og kjend for ettertida gjennom diktbitar tileigna andre kvinner. Ho levde i MytileneLesbos, ei gresk øy som ligg like ved dagens Tyrkia. Sapfo vart sannsynlegvis fødd på Eressos vest på same øya.

Sapfo vart hylla i samtida som ein særs gåverik diktar. Platon kalla henne «den tiande musa» medan romarar som Catullus, Horats og Ovid var inspirerte av henne. I tillegg kjem innverknaden hennar på moderne ordtilfang og poesi. Her kan det nemnast at uttrykket «bittersøtt» er oppfunne av Sapfo; i fragment 130 førekjem uttrykket i forma γλυκύπικρον (glykypikron). Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 48
Statue av Che Guevara frå dødsstaden hans i Bolivia.

Ernesto Guevara de la Serna, fødd i Rosario i Argentina, død i La Higuera i Bolivia, meir kjent som Che Guevara, var lege, marxistisk revolusjonær og cubansk geriljaleiar.

I 1951, medan han enno studerte medisin, reiste den 23-årige Guevara med ein kamerat gjennom delar av Sør-Amerika. Reisa tok fleire månadar og mykje taler for at revolusjonshelten «El Che» begynte å ta form på nettopp denne reisa. Ho førte middelklasseguten Guevara i direkte kontakt med armoda, utbyttinga og undertrykkinga som det store fleirtalet av befolkninga — landarbeidarar, urfolk, arbeidarar og fattigbønder — vart utsette for, og som framleis pregar fleire land i Latin-Amerika. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 49
Eit glas akevitt.

Akevitt er eit nordisk brennevin med rundt 40 volumprosent alkohol som kan vera klart eller gyllent på farge. Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, og smakssett med ulike krydder og urter. Han blir i dag særleg drukken ved høve som jul og nasjonale høgtider.

Namnet «akevitt» er avleia av aqua vitæ, latin for 'livsens vatn'. Drikken er òg kjend ganske enkelt som brennevin. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 50
Unormale havflatetemperaturar under siste El niño i 1997.

El Niño, eller meir korrekt El Niño-Sørleg Oscillasjon (ENSO), er eit globalt klimafenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. ENSO er ein kopla hav-atmosfære klimafluktuasjon som oppstår som følgje av havstraumar og atmosfærisk sirkulasjon. ENSO er den mest omfattande og kjende mellomårlege variasjonen i vêr og klima i verda, og oppstår med to til åtte års mellomrom. Ikkje alle område av verda vert påverka, men ENSO blir merka i Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet.

Namna kjem frå dei spanske uttrykka for «den litle guten» (El Niño) og «den litle jenta» (La Niña). «Den litle guten» referer til Jesusbarnet, fordi fenomenet ofte startar rundt juletider utanfor vestkysten av Sør-Amerika. I desember 2006 er El Niño aktiv, og det er venta at han varer inn i 2007. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 51
Levande lys. (Foto: Jeff Cook)

Levande lys er små flammar på ei veike som vert brukte for å gje eit dempa lys. Før elektrisiteten kom inn i dei fleste heimane var levande lys den einaste måten å sjå på etter at det var blitt mørkt. I dag bruker ein lysa mest for å skapa ei stemning, utføra ei symbolsk handling, eller som del i ei religiøs høgtid.

Det levande lyset får me ved at veiken trekk til seg flytande feitt, som gjer nok energi til å halda vedlike ein roleg flamme. Dersom feittet er av dårleg kvalitet, vil flammen flakka og spruta. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 52
Christian II

Christian II eller i Noreg ofte skrive Kristian II (1. juli 148125. januar 1559) var ein dansk-norsk og svensk konge av slekta Oldenborg. Han er også kjend under tilnamnet Kristian Tyrann.

Christian II vart fødd i 1481 på Nyborg Slott som son av kong Hans. Han var dansk-norsk konge i perioda 15131523 og svensk konge 1520–1523. Før Christian kom på trona, hadde han vore visekonge i Noreg i 1506–1513. Her lærde han norsk lynne å kjenna og dei norske stormennene lærde kva Christian sto for, nemleg ei klar anti-aristokratisk linje. Målet var å setja det norske riksrådet ut av spel, slik at han fekk full kontroll over landet og dermed fekk styrka kandidaturet sitt ved det komande kongevalet. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024