Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2023

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023



Uke 1
Troll-stasjonen

Troll-stasjonen er ein forskingsstasjon som ligg ved Jutulsessen, 235 km frå kysten i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land i Antarktis. Han er den einaste heilårsstasjonen til Noreg i Antarktis og vert nytta i lag med sommarstasjonen Tor. Troll er driven av Norsk Polarinstitutt og har òg anlegg for Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Troll satelittstasjon driven av Kongsberg Satellite Services.

I motsetnad til dei fleste andre stasjonane på kontinentet vart Troll bygd på ei snøfri fjellside av bert fjell som stikk opp av isdekket ved Jutulsessen, 1275 meter over havet. Stasjonen opna som ein sommarstasjon i 1990 og vart teken i bruk som heilårsstasjon i 2005. Åtte mann kan overvintre her og om sommaren er kapasiteten 40 personar. Like ved ligg Troll Airfield, som dronning Sonja opna i 2005. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Kattugle

Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir. I Noreg lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå. Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial.

Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Gong opptrer i 2009

Gong er ei internasjonal progressive rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin. Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry, Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.

Debutalbumet til Gong, Magick Brother frå 1970, hadde ein psykedelisk popstil. Året etter gav gruppa ut Camembert Electrique med ein meir psykedelisk rock/space rock-stil, som ho kom til å bli mest assosiert med. Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Dolly Parton sin singel frå 1974

«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974 og var skriven som eit farvel til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere. Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess, og gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas.

Whitney Houston spelte inn sin versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong. Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Arnold J. Toynbee

Arnold J. Toynbee (1889–1975) var ein britisk historikar og historiefilosof, den siste såkalla universalhistorikaren. Han er særleg kjend for tolvbandsverket A Study of History, ei metahistorie som kom ut i tida 1934-61 og undersøkte historia frå eit globalt perspektiv. Verket er basert på ein idé om at dei ulike sivilisasjonane går gjennom universelle rytmar med stigning, blomstring og nedgang. Det religiøse grunnsynet i A Study of History gjorde verket særleg populært i USA, ettersom Toynbee avviste både den greske humanismen og opplysningstida si tru på menneskeheita si essensielle godheit, samstundes som han heldt den moderne nasjonalismen for å vere ein «falsk gud». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Yayoi Kusama med den japanske statsministerne Shinzo Abe

Yayoi Kusama (fødd 1929) er ein japansk kunstnar som hovudsakleg lagar skulpturar og installasjonar, men også driv med måleri, performance, videokunst, mote, poesi, skjønnlitteratur og andre kunstformer. Ho er blitt omtalt som ein av dei viktigaste levande kunstnarane til å koma frå Japan.

Kusama voks opp i Matsumoto, og utdanna seg ved Kyoto kunsthøgskule i den tradisjonelle japanske målarstilen nihonga. Ho blei òg inspirert av amerikansk abstrakt impresjonisme. I 1958 flytta ho til New York, og blei med i avant-garde-scena der, særleg i pop-art-rørsla. Ho tok del i hippierørsla og motkulturen på slutten av 1960-åra, og blei offentleg kjend då ho arrangerte ei rekkje happenings der nakne deltakarar blei måla med fargerike polkadottar. Sidan 1970-talet har Kusama fortsett å laga kunst, der installasjonar på ulike museum rundt om i verda er dei mest kjende. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Cluj-Napoca

Cluj-Napoca, eller berre Cluj, er den tredje største byen i Romania, og administrasjonssete i Cluj fylke nordvest i Transilvania. Geografisk ligg han om lag midt mellom București (323 km), Budapest (354 km) og Beograd (327 km). Byen ligg i dalen til elva Someșul Mic og var hovudstad i den historiske provinsen Transilvania.

Romarriket erobra Dakia ved byrjinga av 100-talet, og den romerske busetnaden Napoca vart så grunnlagd. Byen på staden vart seinare ein del av Kongedømet Ungarn. Kong Stefan I gjorde han til sete for fylket Kolozs, og kong Ladislaus I av Ungarn grunnla klosteret Cluj-Mănăștur her. Frå 1830 var Cluh senteret for den ungarske nasjonalrørsla i fyrstedømet Transilvania. Ungararane var den største folkegruppa i byen fram til 1960-åra, då rumenarane tok over, på grunn av stor innflytting som følgje av industrialiseringa her. I 1974 feira byen 1850-årsjubileum etter første gongen Napoca vart nemnd, og kommuniststyret endra namnet på byen til Cluj-Napoca. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Gråstrupedukkar

Gråstrupedukkar (Podiceps grisegena) er ein fugl i dukkarfamilien med habitat i tempererte områda av nordvestlege Nord-Amerika, Asia og austlege Europa. Arten føretrekker grunne ferskvasshabitat som hekkehabitat, slik som mindre innsjøar og små tjørner. I Fennoskandia hekkar han aust og sør om Noreg. Arten er ein trekkfugl med overvintringshabitatet stort sett avgrensa til rolege farvatn ved kysten, nokre fuglar kan overvintre på store innsjøar. Langs norskekysten finst dei frå Trøndelag og sørover, og nordsjøkystane er overvintringsstader for eurasiatiske fuglar.

IUCN kategoriserer arten som livskraftig, den globale populasjonen er estimert til 190 000-290 000 individ og minkande, men i Europa er populasjonen trudd å vere aukande. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Them

Them var eit nordirsk band skipa i Belfast i april 1964, mest kjent for garasjerock-standarden «Gloria» og for å ha lansert karrieren til songaren Van Morrison. Dei opphavlege fem medlemmane i bandet var Morrison, Alan Henderson, Ronnie Milling, Billy Harrison og Eric Wrixon. Morrison slutta i bandet i 1966 og fekk ein suksessrik karriere som soloartist.

Them fekk to hittar i Storbritannia i 1995 med «Baby, Please Don't Go» (10. plassen i Storbritannia) og «Here Comes the Night» (2. plassen i Storbritannia og Irland). Den sistnemnde songen og «Mystic Eyes» gjekk inn på Topp 40 i USA. Trass i relativt få hitsinglar, vert Belfast-gruppa rekna for å ha stor innverknad på andre band, som The Doors. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Ina Coolbrith

Ina Coolbrith (10. mars 1841–29. februar 1928) var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California». Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.

Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattaren Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11
Isaac Hayes

Isaac Hayes (20. august 1942–10. august 2008) var ein USA-amerikansk soulsongar, låtskrivar, skodespelar, produsent og stemmeskodespelar. Hayes var ein av dei største kreative kreftene bak plateselskapet Stax Records, der han var både huskomponist, studiomusikar og produsent, ofte i lag med David Porter, i midten av 1960-åra.

Han hadde fleire suksessrike soulalbum som Hot Buttered Soul (1969) og Black Moses (1971). Hitsongen «Soul Man», skriven av Hayes og Porter og først framført av Sam & Dave, har blitt rekna som ein av dei viktigaste songane dei siste 50 åra av Grammy Hall of Fame. I tillegg til arbeidet med popmusikken, skreiv Hayes filmmusikk. Han var kjend for musikken til filmen Shaft (1971). For «Theme from Shaft» fekk han Oscarprisen for beste originale song i 1972. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12
Juan Fernández-øyane

Juan Fernández-øyane er ei vulkansk øygruppe som ligg utanfor den chilenske kysten, sør i Stillehavet ca. 670 km vest for Valparaiso. Øygruppa består av tre større øyar: Robinson Crusoe-øya, Alejandro Selkirk-øya og Santa Clara-øya. Juan Fernández-øyane er leveområdet for ein høg prosentdel av sjeldne og endemiske plantar og dyr, og er anerkjende som ein distinkt økoregion. Det vulkanske opphavet på øyane og avsidesliggjande plassering gjorde at floraen fauna nådde øygruppa over havet; som eit resultat er øya heimstad for relativt få planteartar og svært få dyreartar.

Gruppa er oppkalla etter Juan Fernández, som oppdaga øyane på 1570-talet. Øyane er knytte til den stranda sjømannen Alexander Selkirk, som budde på Robinson Crusoe-øya i meir enn fire år frå 1704. Opplevingane hans skal ha inspirert Daniel Defoe si bok Robinson Crusoe. To av øyane er no kalla opp etter den oppdikta og den verkelege øybuen. Dei fleste av dei noverande innbyggjarane til øygruppa lever på Robinson Crusoe-øya, og hovudsakleg i hovudstaden San Juan Bautista, som ligg ved Cumberland Bay på nordkysten av øya. Næringslivet er basert på turisme og fiske. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13
Kongekondor

Kongekondor (Sarcoramphus papa) er ein stor rovfugl som lever i Mellom- og Sør-Amerika. Han er ein mellomstor medlem av kondorfamilien Cathartidae. Denne kondoren lever hovudsakleg i tropiske låglandsskogar som strekker seg frå det sørlege Mexico til det nordlege Argentina.

Han er ein stor og stort sett kvit fugl, med grå til svart halskrans og halefjører. Vengfjørene er òg svarte i kontrast til dekkfjørene som er kvite både på under og oversida. Hovudet og nakken er skalla, med varierande hudfarge, inkludert gul, oransje, blå, lilla og raud. Kongekondoren har ein veldig merkbar oransje kjøttfull karunkel på nebbet. Han er ein åtseletar og gjer ofte det første snittet i eit ferskt kadaver. Han trenger òg bort mindre kondorartar frå eit kadaver. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14
Omslag frå detektivmagasinet Black Mask

Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.

Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv». Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15
Krigskanoen til Ngāpuhi-hovdingen Hongi Hika under Muskettkrigane

Muskettkrigane var ein serie av så mange som 3 000 kamphandlingar og raid utkjempa over heile New Zealand så vel som på Chathamøyane mellom maoristammar mellom 1807 og 1845. Dei fann stad etter at maoriar først fekk tilgang til muskettar og dermed tok del i eit våpenkapplaup mellom stammane for å vinna territorium eller få hemn over tidlegare nederlag. Kampane resulterte i tap av mellom 20 000 og 40 000 menneskeliv, tilfangetaking av titusentals maoriar og betydeleg endring av territoriale grenser mellom rohe, eller stammeområde, før koloniale styresmakter greip inn på 1840-talet.

Den auka bruken av muskettar i krigshandlingar mellom maoristammar førte til endringar i utforminga av befesta budstadsområde (), noko som seinare kom til nytte for maoriar då dei kjempa mot kolonistyrkar under Newzealandkrigane. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16
John Rawls i 1971

John Rawls (1921–2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunitaristar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2023
Vis - Se nynorsk - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023