Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2023
Betlehem er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med kring 25 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus.
Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er turisme, og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Rakelgrava, som er ein viktig jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem. Les meir …