Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2010

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024



Uke 1
{{{2}}}
{{{2}}}

John Maynard Keynes (18831946) var ein engelsk økonom. Ideane hans har hatt svært stor innverknad på økonomisk og politisk teori, og han blir sedd på som grunnleggjaren av moderne makroøkonomi, sjølv om makroøkonomisk teori har utvikla seg mykje sidan den tidlegaste keynesianismen. Spesielt kjent er Keynes for å tilrå statleg intervensjon i økonomien, ved hjelp av finanspolitikk og pengepolitikk, med det formålet å motverke uheldige verknader av økonomiske resesjonar, depresjonar og overoppheiting. Innan makroøkonomi, blir ISLM-modellen (av John Hicks og Alvin Hansen) sedd på som ei formalisering av mange av tankane til Keynes. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 2
Hekla, frå utbrotet i 1980
Hekla, frå utbrotet i 1980

Hekla er ein stratovulkan sør på på Island med ei høgd på 1 488 meter over havet. Helka er den mest aktive vulkanen på Island og har hatt over 20 viktige utbrot i kjend tid. Gjennom mellomalderen kalla islendingane vulkanen for «Porten til helvete».

Hekla er ein del av ein vulkanrygg som er 40 km lang. Den mest aktive delen av ryggen er om lag 5,5 km lang og vert rekna som den eigentleg vulkanen Hekla. Utbrota til Hekla er svært varierte og vanskelege å føresjå. Nokre varar ei veke, medan andre eit par år. Jo lenger Hekla held seg i ro, jo større og meir katastrofalt er det neste utbrotet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 3
Haiti ligg på øya Hispaniola
Haiti ligg på øya Hispaniola

Haiti er eit land som utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola i Det karibiske havet, aust for CubaDen dominikanske republikken utgjer resten. Øya er ein del av Dei store Antillane. Namnet Haiti (opphavleg Ayiti) er indiansk og tyder «høgt land». Landet er det mest fjellrike i Karibia, og den høgste toppen er Pic la Selle på 2680 moh. Arealet til Haiti er 27 750 kvadratkilometer, og hovudstaden er Port-au-Prince. Haiti har eit tropisk havklima med mykje nedbør på nordkysten, medan den sørlege delen av landet er tørrare.

Haiti er i dag rekna som det fattigaste landet på den vestlege halvkula. Landet var opphavleg ein fransk koloni, men var mellom dei fyrste landa som erklærte seg sjølvstendig, etter eit slaveopprør i kjølvatnet av den franske revolusjonen, i 1804. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 4
Bob Dylan på 1960-talet.
Bob Dylan på 1960-talet.

The Times They Are a-Changin' er det tredje studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i januar 1964 på Columbia Records.

Det var produsert av Tom Wilson og er det første albumet til Dylan som berre inneheld originale komposisjonar. Albumet består hovudsakleg av nakne songar med enkle arrangement og tema som rasisme, fattigdom og samfunnsendringar. Tittelsporet er ein av dei mest kjende songane til Dylan og mange følte at han fanga anda i det sosiale og politiske miljøet som karakteriserte 1960-åra. Songen vart rangert på 59. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 5
Bronsehovud frå Beninriket (Nigeria) frå 1400-1500-talet.
Bronsehovud frå Beninriket (Nigeria) frå 1400-1500-talet.

Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.

Vestlege historikarar meinte lenge at verdsdelen mangla historie fordi det fantest få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 6
Type 2 Seyfert-galaksen Passargalaksen
Type 2 Seyfert-galaksen Passargalaksen

Aktiv galaksekjerne eller aktive galaksar (på engelsk forkorta AGN) er sentrale energiproduserande regionar som finst i nokre galaksar. Aktive galaksekjernar skil seg ut ved at store delar av energiutstrålinga deira kjem frå prosessar som ikkje har med normale stjerner eller utvikling deira å gjera. Den observerte måten denne energien blir frigjord på definerer dei ulike typane av aktive galaksekjernar, LINER, Seyfert-galaksar, radiogalaksar, kvasar og BL Lacertae-objekt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 7
Fjør
Fjør

Fjør er ein type keratinutvekst frå huda som ein i dag finn på fuglar, tidlegare også på theropodar. Fjørene er ein føresetnad for at fuglen skal kunne flyga, men fungerer også som varmeisolering, vern mot vatn, gjev farge som kan brukast til skjul og kommunikasjon, og pryd. Fjører med ulike føremål har ulik oppbygging, frå store og stive konturfjør til små, mjuke dun.

Fjørene er eit avleidd fellestrekk som kjenneteiknar fuglar, og som ikkje finst på noko anna nolevande dyr. Dei fleste fuglar har ei fjørdrakt som dekker heile kroppen, bortsett frå føtene, nebbet og rundt auga. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 8
Gamalt torvtak.
Gamalt torvtak.

Torvtekking er ein type taktekking der ein vasstett membran mot taktroa blir dekt med levande torv. Torvtekte tak blir oftast kalla torvtak.

I Noreg i dag er torvtak vanlegast på eldre hus i indre fjord- og dalstrøk. Historisk var torvtak mykje bruka i byane òg, men på grunn av den store faren for smittebrann i dei tettbygde byane gjekk dei så å seie heilt or bruk.

Tradisjonelle torvtak har eit undertak av bord (tro), eit lag med bjørkenever og gjerne to lag torv øvst. Mange stader vart det bruka myrtorv i det nedste laget. Myrtorva drenerte betre og gav betre isolasjon mot kulda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 9
{{{2}}}
{{{2}}}

Serge Gainsbourg (1928–1991) var ein fransk musikar, diktar, skodespelar, filmregissør og visesongar. Gainsbourg sin varierte stil og individualitet gjorde han vanskeleg å kategorisere. Han starta med viser og jazz på midten av 1950-talet, men utover 1960- og 1970-åra eksperimenterte han med mange forskjellige stilartar.

Sjølv om Gainsbourg var kjend i Frankrike i mange år nådde han først toppen av albumlista i 1979 med Aux Armes et caetera, meir enn tjue år etter han starta den musikalske karrieren sin. Utover 1980-åra var han ei stor stjerne i Frankrike og var vel så kjend for artistkarriera som for kontroversielle utsegner og handlingar. Han var likevel ein kjær artist i Frankrike og då han døydde vart det erklært landesorg i landet. I åra etter har han vore for ei legende å rekne i Frankrike. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 10
Billene er leddyr.
Billene er leddyr.

Leddyra er den største dyregruppa på jorda, og omfattar over ein million kjende artar. Dei vert kjenneteikna ved å ha eit eksoskjelett og ein tydeleg tagmatisert kropp; det vil seie at kroppen er bygd opp av fleire ulike mindre segment som har fusjonert og spesialisert seg til ulike funksjonar.

Til leddyra høyrer m.a. insekta, edderkoppdyra, krepsdyra, skolopendrane og tusenbeina. Gruppa førekjem i alle slags habitat over heile kloten, og er påvist i over 500 millionar år gamle fossil. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 11
Topografisk bilde av havet. (Kjelde: NASA)
Topografisk bilde av havet. (Kjelde: NASA)

Nordishavet eller Polhavet er det minste, grunnaste og nordlegaste av dei fem verdshava. Det ligg i det arktiske området rundt Nordpolen.

I Nordishavet finst mange naturressursar, både i form av dyreliv, som fisk og havpattedyr, mineral, som metall, sand og grus, og petroleumsfelt. Dei sistnemnde i den politiske dødsona midt i havet har ført til politisk usemje blant land som meiner dei har krav på henne – Danmark, Canada, Noreg, Russland og USA. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 12
Uektefødde ungar enda ofte opp som foreldrelause.
Uektefødde ungar enda ofte opp som foreldrelause.

Å vera fødd utanfor ekteskap vil seia å vera fødd utan at foreldra har noko formelt band til kvarandre. I kulturar som legg stor vekt på ekteskap kan dette vera ei hindring for dei som er fødde i ein slik situasjon, både når det gjeld sosialt liv, formelle rettar og identitet. Mange stader har det vore vanleg å gje frå seg uektefødde ungar til barneheimar der dei blei tekne hand om til dei var store nok til å arbeida, viss dei overlevde. Ein kunne òg setta vekk ungen til fosterforeldre, anten framande eller slektningar.

I dei siste tiåra er det i Vesten blitt meir og meir vanleg å få ungar utanfor ekteskap og fostra dei opp sjølve, utan noko særleg stigma. I 2003 var heile 50 % av norske ungar fødde utanfor ekteskap, mange av dei likevel innanfor eit sambuarskap. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 13
Sava ved Zagreb
Sava ved Zagreb

Sava er ei elv i Søraust-Europa, og ei av dei store sideelvane til Donau. Ho er 945 km lang med eit nedslagsfelt på 95 719 km². Ho renn gjennom fire land: Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Serbia, og gjennom tre hovudstader: Ljubljana, Zagreb og Beograd.

Elveleiet er stort sett ikkje regulert, og dette skapar stundom flaum; i 1981 og 2006 rann Sava over og skapte flaum i Beograd. Elva har stort potensial for straumproduksjon i den øvre delen.

Ifølgje enkelte representerer Sava den nordvestlege grensa til Balkan. Men under Jugoslavia vart heile Sava rekna som ein del av Balkan. Etter oppdelinga av Jugoslavia, har Slovenia og Kroatia prøvd å kvitte seg med stempelet som ein balkanstat, slik at grensa vart sett langs Sava og Kupa og til Adriahavet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 14
Grava tl Halfdan Egedius
Grava tl Halfdan Egedius

Halfdan Egedius, (1877 - 1899) var ein norsk kunstmålar og illustratør.

Som liten gut viste Egedius kunstnartalent og han byrja å gå på målarskulen til Knut Bergslien i Kristiania som niåring i 1886. Seinare gjekk han ein vinter (1894) på målarskulen til Harriet Backer, og våren 1896 studerte han tre måndar hjå Kristian Zahrtmann i København.

På hausten 1896 vart han hanka inn av Fridtjof Nansen til å teikne illustrasjonar til Fram over Polhavet. Han laga 25 teikningar til verket.

Egedius er best kjend for illustreringa av den nye utgåva av Snorre sine Noregs kongesoger. På sommaren 1898 vart han sjuk. Han døydde 2. februar 1899, berre 21 år gammal. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 15

[[Fil:|120x170px|venstre|border|lenke={{{3}}}|Anders Hovden-statuen i Ørsta, laga av Anne Grimdalen]] Anders Hovden (13. april 1860 - 26. november 1943) var ein norsk prest og salmediktar. Han var prest ulike stader i Noreg i nesten 40 år. Elles var han ein kjend folketalar, men er mest kjend som salmediktar og deltakar i prosessen med fornyinga av den norske salmetradisjonen.

Hovden var son til Karl Hovden og Johanne Velle, og vart fødd i ØrstaSunnmøre, der han voks opp i Hovdebygda. Faren var fiskar og gardbrukar. Det harde strevet for å få maten på bordet som han var vitne til i oppveksten, gjorde til at han fekk stor respekt for livet til fiskarbøndene, og då Anders var konfirmert, var det meininga at han skulle følgje med faren på vinterfiske. Havet, stormen og fiske, så vel som heimbygda, naturen og folket, vart elles viktige inspirasjonskjelder for seinare dikting.

Men presten meinte guten hadde evner til å byrje på lærarskulen, og då Anders var 16 år gammal byrja han på lærarutdanning i Volda. Same vinteren døydde far hans, og frå då av måtte han mest sørgje for seg sjølv. Han gjekk på skulen om føremiddagen, og på ettermiddagen gav han privatundervising. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 16
Badshahi Masjid i Lahore er ein av verdas største moskear
Badshahi Masjid i Lahore er ein av verdas største moskear

Pakistan er eit land i Sør-Asia med grense til Iran, Afghanistan, India og Kina og kyst til Det arabiske havet. Landet er det sjette folkerikaste i verda (160 mill). Det er det andre største muslimske, etter Indonesia, og også det andre største sjiamuslimske etter Iran.

Pakistan blei danna som ein stat for muslimane i Britisk India i 1947. Landet var sett saman av to ikkje-samanhengande delar, og den austlege reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh. Pakistansk historie har vore prega av politisk uro, militært styre og både indre og ytre konfliktar.

Landet dekker store delar av området der Indussivilisasjonen utvikla seg i oldtida. Det blei seinare påverka av vediske, persiske, greske og turko-mongolske og britiske innflyttarar og erobrarar, og har utvikla sine eigne hinduistiske, buddhistiske, muslimske og sikhistiske tradisjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 17
Det sentrale grenlandsområdet.
Det sentrale grenlandsområdet.

Grenlandsmålet er det tradisjonelle norske talemålet i det litt upresist definerte området Grenland. Tradisjonelt norsk talemål skal her forståast som talemål med røter i norrønt, i motsetnad til talemål med røter i dansk / riksmål / bokmål. Grenland skal her forståast i trongaste tyding, som kommunane Bamble, Porsgrunn, Skien og Siljan. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane, som er søraustlandske. Grenlandsmålet står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 18
Eyjafjellajökulls utbrudd i april 2010
Eyjafjellajökulls utbrudd i april 2010

Vulkansk oske består av små bitar tefra med diameter mindre enn 2 mm, som er bitar av pulverisert stein og glas frå eit vulkanutbrot. Dei enorme kreftene som er involvert i vulkanutbrot med damp fører til at magma og fast stein omkring ventilen vert rive inn i små bitar på storleik med leire og sand.

Vulkansk oske kan føre til pusteproblem og øydelagd maskineri. I særs alvorlege utbrot eller ved fleire utbrot på rad kan oska føre til global nedkjøling.

Oske som legg seg på overflata etter eit utbrot vert kalla oskregn. Store mengder oskregn kan raskt føre til at det lokale økosystemet vert øydelagd, samt at tak på bygningar kan kollapse.

Oskregn kan derimot over tid føre til frodig og næringsrikt jordsmonn. Oskregn kan òg stivne til ein slags sement og danne ein solid bergart kalla tuff. Over tid kan store mengder oske produsere vulkankjegler. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 19
Lafta naust
Lafta naust

Eit naust er eit hus som er sett opp ved sjø eller vatn for å taka vare på båten. Det vert brukt til lagringsstad for fiskereiskapar og anna. Naust vert såleis bygd med svært god lufting, så båt, garn, not, line og snøre kan turke.

Tradisjonelt har ein hatt tre typar naust i Noreg: Steinnaust, tømmernaust og grindnaust. Det kunne og byggast i kombinasjon av desse teknikkane. I dag vert det brukt moderne byggeteknikkar. Nausta har vorte oppsette på dei best eigna stadane langs fjøra. Stadar med godt tilflot og smul sjø har vorte valde. Det har vore mange, òg dei som bor langt til dals, som har hatt bruk for naust. Difor finn vi mange naust bygde ved sida av kvarandre i såkalla naustrekkjer. Mange i lag var ein fordel når arbeid som kravde mykje mannemakt skulle gjerast. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 20
Georg Friedrich Händel
Georg Friedrich Händel

Georg Friedrich Händel (1685–1759) var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sidan av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.

Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle tilbrakte formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap.

Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Verka til Händel har stått uavbroten på repertoaret i meir enn 250 år, lengre enn musikken til nokon annan komponist. Hans mest spelte verk er oratoriet Messias og orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 21
{{{2}}}
{{{2}}}

Austrått er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden i Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Austrått har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet. Henrik Ibsens skodespel Fru Inger til Østeraad har gjort Austrått og den kvinnelege eigaren kjent. Men stykket er ei fri dramatisering med lite dekning i historiske kjensgjerningar. Ingerd Ottisdotter levde anonymt fram til mannen hennar døydde i 1523, men som enkje stod ho fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka at to av svigersønene til Ingerd vart drepne. Men fru Ingerd var ikkje nokon helgen sjølv: Ho fór aggressivt fram i fleire tvilsame arvesaker. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 22
Både Forkynnaren og Ordstøka i Bibelen inneheld visdomsord tillagt kong Salomo. Bildet viser eit sitat frå Forkynnaren 10, 8 gjengjeve i ein tyskspråklig biletbibel frå 1751: Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, kan ormen bita.
Både Forkynnaren og Ordstøka i Bibelen inneheld visdomsord tillagt kong Salomo. Bildet viser eit sitat frå Forkynnaren 10, 8 gjengjeve i ein tyskspråklig biletbibel frå 1751: Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, kan ormen bita.

Ordtak er korte, velformulerte og poengterte setningar som på ein konkret måte uttrykkjer livsvisdom, allmenngyldige sanningar, røynsler, levereglar eller vurderingar av forskjellig slag. Omgrepet «ordtak» vert særleg brukt om folkelege uttrykk utan kjend forfattar. Dei kan vere internasjonale, nasjonale og regionale, og finst i ei nærast uendeleg mengd og variantar.

Fullkomne ordtak er slike som gjev ei sjølvstendig meining, utan å trenge noka vidare forklåring. Ufullkomne ordtak eller munnhell er talemåtar som ikkje gjev full meining åleine, men som stør seg til det som før er sagt i samtalen. Nokre av desse nemner opphavsmannen, og slike vert kalla hermestev eller hermer. Innhaldet i eit fullkomme ordtak er gjerne ein viss observasjon eller ei røynsle, framsagt med så få ord som råd, i ei form som festar seg i minnet, og som kan takast opp att utan forandring. Det inneber at ordtaka ofte har god ordrytme, rim, helst då bokstavrim, og ei dobbel tyding som både gjeld bokstavleg og biletleg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 23
Genitiv av Turku er Turun, med stadieveksling k:0. Her Turun Sanomat, ei avis frå Åbo (Turku)
Genitiv av Turku er Turun, med stadieveksling k:0. Her Turun Sanomat, ei avis frå Åbo (Turku)

Stadieveksling er ei konsonantveksling som førekjem i dei samiske språka nord for umesamisk, i dei austersjøfinske språka, og i dei samojediske språka ngasansk og selkupisk. Stadieveksling kan gjerne karakteriserast som «konsonantismen sitt motstykke til omlyd». I finsk og samisk er vekslinga morfologisk styrd, men opphavleg var ho fonologisk styrd.

Med stadievekslinga distribuert i dei to utkantane av det uralske språkområdet (i aust og vest), trudde forskarane tidlegare at det var eit ururalsk fenomen, som hadde gått tapt i dei andre uralske språka. No har dei fleste gått bort frå denne teorien, og ser dei austlege og vestlege stadievekslingane som resultat av uavhengige, men parallelle utviklingar. Teorien om parallell utvikling kan til dømes skildrast ved at finsk sterkt stadium tilsvarer «norske» konsonantar, mens svakt stadium tilsvarar «danske», i norsk/danske ordpar som hatt/hat og hat/had. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 24
Simone de Beauvoir
Simone de Beauvoir

Simone de Beauvoir (1908 - 1986) var ein fransk forfattar, feminist og filosof. Det er vanleg å kalla filosofien hennar ei blanding av ateistisk eksistensialisme og fenomenologi, og han handlar i stor grad om etikk og korleis ein skal forhalda seg til medmenneskja sine. Det best kjende verket hennar er Le Deuxième Sexe (Det annet kjønn), skrive 1949-50, som er ein klassisk tekst innan feminismen. Frå denne boka stammar hennar mest kjente sitat: «Ein vert ikkje født til kvinne, ein blir det».

Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre møtte kvarandre på universitetet Sorbonne. Dei to forfattarane fekk avgjerande innverknad på kvarandre sitt liv og tankar og var sterkt knytte til kvarandre til Sartre sin død i 1980. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 25
Ibn Battuta i eit irakisk manuskript måla av Yahya ibn Mahmud al-Wasiti.
Ibn Battuta i eit irakisk manuskript måla av Yahya ibn Mahmud al-Wasiti.

Ibn Battuta (24. februar 1304–ca. 1377) var ein marokkansk reisande, rettslærd og forfattar. Han blei fødd i Tanger under Marinidedynastiet, i ein familie av muslimske rettslærde. Då han var 21 la han ut på ei hadj-reise til Mekka. Det skulle gå 24 år før han vende tilbake til heimlandet.

Skildringane hans av reiser gjennom Afrika og Asia mellom 1325 og 1354, gjev eit godt bilde av den muslimske verda på denne tida. Dei vidkjende reiseskildringane hans, kjend som Rihlah, skildrer reiser på over 120 000 km der han vitja nesten alle dei muslimske landa i verda, frå Vest-Afrika til Kina. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 26
Ballblom
Ballblom

Ballblom (Trollius europaeus) er ein fleirårig plante i soleiefamilien som veks i fuktige og næringsrike enger og fjell-lier over det meste av Norden, i fjellområde i Europa for øvrig og i det vestlege Asia. Han blomstrar i juni og juli med 3 cm breie og kuleforma blomstrar, som har 10-15 sterkt gulfarga begerblad som dekkjer kvarandre som blada i eit kålhovud.

Blomsteren er svakt velluktande og trekkjer til seg insekt. Men ballblomen kan berre bli pollinert av blomsterfluger av slekta Chiastocheta («ballblomfluge»), og kan ikkje formeire seg utan desse flugene. Desse flugene er små og greier krype mellom alle laga av blomsterblad i blomeballen. Ballblomflugene er på si side heilt avhengig av at larvane får ete blomsterfrø frå ballblomen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 27
Amursvale
Amursvale

Svaler er ei gruppe sporvefuglar i familien Hirundinidæ som er tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. I Europa brukast omgrepet svaler ofte om den eine arten låvesvale. Familien samlar omkring 83 artar i 18 slekter.

Svalene har ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein trur at denne familien har opphav frå Afrika der dei var hòlerugarar, i Afrika finn ein framleis størst artmangdold av svaler. Dei har òg utbreiing på ei rekkje oseaniske øyar. Mange europeiske og nordamerikanske artar er langdistansemigrantar, i motsetnad til vest- og sørafrikanske svaler som ikkje er trekkfuglar. Somme svaleartar er trua av utrydding grunna menneskelege aktivitetar, medan andre artar tar føremon av menneskelege påverknader på miljøet, og dei lever difor nær menneske. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 28
Alariks plyndring av Roma innleidde mellomalderen
Alariks plyndring av Roma innleidde mellomalderen

Alarik Baltha var konge over vestgotarane frå om lag 397 til 410. Han er rekna som den første verkelege kongen i den visigotiske kongerekka.

Alarik vart rekna som ein god herførar i den romerske heren og hadde svore truskap mot keisar Theodosius. Men i 395 vart sambandet mellom romarar og gotarar broten av den nye vestkeisaren Honorius og hausten 401 braut Alarik pakta med romarane.

24. august 410 gjekk Alarik inn i Roma og gotarane plyndra byen i tre dagar. Plyndringa av Roma vart lenge rekna som byrjinga på Mellomalderen i Europa. Augustin tok utgangspunkt i hendinga då han skreiv «de Civitate Dei» («Gudsstaten»). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 29
Karlsvogna er eit døme på ein asterisme - eit «uoffisielt» stjernebilete.
Karlsvogna er eit døme på ein asterisme - eit «uoffisielt» stjernebilete.

Eit stjernebilete er ei gruppe stjerner visuelt forbundne til kvarandre i ei spesiell samansetting. I tredimensjonalt rom har dei fleste stjernene liten samanheng med kvarandre, men kan for oss sjå ut til å vera gruppert saman på natthimmelen til himmelkvelvinga. Menneske er svært gode til å finne mønster, og har gjennom tidene gruppert stjerner som ser ut til å vera nære kvarandre i stjernebilete. Eit «uoffisielt» stjernebilete er eit som ikkje er godkjent av Den internasjonale astronomiske unionen (IAU), dei blir au kalla «asterismer». Karlsvogna er eit døme på ein asterisme.

Inndelinga av stjerner i stjernebilete er i utgangspunktet tilfeldig, og forskjellige kulturar har forskjellige stjernebilete. Unntaka er noen som skil seg ut, dei repeterer seg ofte under forskjellige namn, til dømes Orion og Skorpionen. IAU deler opp himmelen i 88 offisielle stjernebilete med nøyaktige grenser, sånn at heile himmelen er dekt av eitt og eitt stjernebilete. På den nordlege himmelhalvkula er desse i hovudsak basert på stjernebileta i gresk mytologi, nedarva frå mellomalderen. Blant dei er au teikna i dyrekrinsen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 30
{{{2}}}
{{{2}}}

Hagia Sofia er eit museum i Istanbul i Tyrkia. Bygget vart oppført 532-537 under keisar Justinianus I som kyrkje for kristendomen. Etter Konstantinopel fall i 1453 vart bygningen omgjort til moské. I 1934 vedtok den tyrkiske statsleiaren Mustafa Kemal Atatürk å gjere ho om til museum. Hagia Sofia er den bysantinske arkitekturen sitt meisterverk. Kyrkja inntok ein viktig plass i den bysantinske propagandaen, då ho vart betrakta som acheiropoiet ('ikkje av menneskehand'). Ho var eit rom der dei jordiske og himmelske sfærane møttest og gjenspegla Guds kosmiske ordning. I ei seinare tid såg muslimar bygget som den fullenda moskéen, den øvste himmelen, og ho vart førebilete for islamsk arkitektur. Også i dag vert Hagia Sofia omtala som ei av verdas vakraste bygningar.

Sentralromet i Hagia Sofia ligg under ein mektig kuppel, og er omgjeve av galleri i to høgder. Den opphavlege mosaikken og dei mangefarga marmorplatene spegla lyset frå dei mange vindaugo og levande lys. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 31
Raudvin har vanlegvis eit etanolinnhald på 7–18 %
Raudvin har vanlegvis eit etanolinnhald på 7–18 %

Etanol (C2H5OH), også kalla sprit eller etylalkohol, er ein alkohol som – fordi han har så kort karbonkjede – har ein forholdsvis høg vassløyselegheit i høve til andre alkoholar. Alle alkoholar har ein viss giftverknad, men etanol er den minst giftige av dei einverdige alkoholane, og kan i fortynna form og i små nok dosar fortærast utan alvorlige mein. Etanol utgjer den rusframkallande komponenten i drikker som øl, vin og sprit.

Framstilling skjer oftast ved gjæring av sukkerhaldige væsker. Etanol bør ikkje forvekslast med metanol (tresprit) som i små dosar kan føra til blindheit med meir, og i større dosar til døden.

Etanol blir òg brukt som drivstoff i motorar. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 32
DNT-hytta Sloaros i Setesdal vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Foto: Elin Tjordal Haugen
DNT-hytta Sloaros i Setesdal vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde er eit verneområde sørvest i Noreg. Det blei oppretta i 2000 som det andre største verneområdet i landet.

Området blei varig verna ved Kronprinsregentens resolusjon 28. april 2000. Området er 2 385 km² og går inn i kommunar i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland.

Landskapsvernområdet er eit samanhengande naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne. Der finst også den sørlegaste villreinstamma i Europa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 33
Steve Lukather frå 1982
Steve Lukather frå 1982

Toto er ei amerikansk rocke-, pop- og proggruppe som hadde størst kommersiell suksess på 1980-talet. Gruppa blei forma av nokre av dei mest vidgjetne og erfarne studiomusikarane på det seinare 70-tal. Debuten med det sjølvtitulerte albumet Toto i 1978 førte dei rett inn spekteret av populær rock på den tida. Med utgjevinga Toto IV oppnådde dei i endå større grad både journalistisk og kommersiell suksess, og blei eit av dei mestselgande banda på den tida. Sjølv om populariteten i USA har minska dei siste tiåra, har den heldt stand i Europa og andre delar av verda. Bandet har i alt gitt ut 17 album og seld over 30 millionar album. Dei er kjende for slagerar som «Hold the line», «Rosanna» og «Africa». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 34
Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken. Foto: Brice Blondel for HDPTCAR
Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken.

Fulfulde er eit språk i Vest-Afrika. Det blir tala av fulaniane frå Senegal til Kamerun og Sudan. Etter arabisk og dei tidlegare europeiske kolonispråka engelsk og fransk er fulfulde det språket som har den største geografiske utbreiinga i Afrika og blir skrive med både det latinske og det arabiske alfabetet. Fulfulde har 20 nominalklassar («grammatisk kjønn») i eintal - noko som truleg er flest av alle språk. I ei kåring vart fulfulde kåra til «det vakraste språket i verda» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 35
Vaksen hann som fangar insekt i flukt.
Vaksen hann som fangar insekt i flukt.

Raudstjert er ein insektetande fugl som tilhøyrer slekta Phoenicurus. Han er trekkfugl og hekkar i store deler av Europa og Sentralasia, og i det aller nordlegaste Afrika, og overvintrar i det sentrale Afrika.

Raudstjertane er ein distinkt klade av fleire fugleartar og det rår ikkje konsensus om kva familie gruppa høyrer til. Før vart gruppa plassert i trastefamilien, men i dag vil mange plassere gruppa i familien flugesnapparar (Muscicapidae) i underfamilien Saxicolinae saman med mellom andre buskskvett og steinskvett.

Raudstjerten er ein slank fugl på 13-14,5 cm, og veg 12-20 gram. Han sit ofte på låge greiner eller små buskar og vibrerer med stjerten. Fuglen har svart kvasst nebb og svarte bein. Den vaksne hannen har om sommaren ei iaugefallande farga fjørdrakt med djupsvart ansikt og hals, kvit panne, grått hovud, nakke og rygg og brunaktige vengar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 36
«Sosialistisk realisme» hadde som mål å «i folket inspirere ein kjærleik til arbeidaren og denne si oppgave med å byggje opp kommunismen». Vera Mukhina, Arbeidaren og Kolkhoz-kvinna (1937).
«Sosialistisk realisme» hadde som mål å «i folket inspirere ein kjærleik til arbeidaren og denne si oppgave med å byggje opp kommunismen». Vera Mukhina, Arbeidaren og Kolkhoz-kvinna (1937).

Sovjetsamveldet var ein kommunistisk stat i Aust-Europa og Asia som eksisterte i perioden 1922 til 1991. Sovjetsamveldet var eit samvelde av 15 republikkar, med Russland som den største og klart dominerande.

Sovjetsamveldet voks fram i etterkant av den fyrste verdskrigen då det gamle russiske keisarriket gjekk under i den russiske revolusjonen. Etter den russiske borgarkrigen fekk bolsjevikane til Vladimir Lenin makta over mesteparten det gamle russiske riket. Etter at Lenin var død gjekk makta til Josef Stalin, som gjennom ulike metodar fekk landet gjennom ei storstilt industrialisering. I 1941 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på landet, men etter fire år med omfattande krigshandlingar stod Sovjetsamveldet att som ei av dei to supermaktene i verda. Etterkrigstida vart prega av den kalde krigen, ein ideologisk og politisk maktkamp mellom Sovjetsamveldet og dei kommunistiske landa på den eine sida og USA og Vesten på den andre sida. Utover på 1980-talet tapte sovjetblokka denne kampen, og då Mikhail Gorbatsjov overtok makta i Sovjetsamveldet i 1985 var det klart at det var naudsynt med grunnleggjande reformer i samfunnsstrukturen. Gorbatsjov klarte ikkje lenger å halde landet samla, og i løpet av 1990-91 gjekk Sovjetsamveldet i oppløysing. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 37
Yasir Arafat i Folketinget i København i 1999. Foto: Hans Jørn Storgaard Andersen
Yasir Arafat i Folketinget i København i 1999.

Yasir Arafat (1929–2004) var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA), og kjempa for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære politiske partiet Fatah, som han danna i 1959. Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i SN. Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, og i 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo.

I Israel og i Vesten såg mange på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile på 70- og 80-talet. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynskja deira. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 38
Ei vêrhytte, MI-46, teikna i 1946. Foto: Bioforsk
Ei vêrhytte, MI-46, teikna i 1946.

Norske vêrrekordar er ei oversikt som tar for seg dei vanlegaste meteorologiske parametrane, mellom anna lufttemperatur, nedbør og vind. Alle rekordane er frå offisielle målestasjonar der dei fleste er eigd og driven av av Meteorologisk institutt. Listene er ajourførte per 12. september 2010.

Høgaste og offisielt registrerte lufttemperaturar i Noreg er 35,6 °C; lågaste er –51,4 °C. Største døgnnedbør er 229,6 mm, største årsnedbør er 5596 mm. Største snødjupne som er målt er 585 cm. Sterkaste vindkast vart registrert til 62,0 m/s under Nyttårsorkanen 1. januar 1992. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 39
Nord-østerdølen Ivar Mortensson-Egnund var særs allsidig
Nord-østerdølen Ivar Mortensson-Egnund var særs allsidig

Ivar Mortensson-Egnund (1857-1934) var ein norsk folkeminnesamlar, målmann, politikar, forfattar, journalist, teolog, omsetjar og filosof, og ein av dei mest allsidige kulturpersonlegdomane Noreg har hatt.

Han er mest kjend for omsetjingane/gjendiktingane sine av Draumkvædet (1905) og Den eldre Edda (1908), men han gav også ut to samlingar med eigne dikt. Han var ein god ven av og samarbeidspartnar med Arne Garborg. Begge kjempa utrøytteleg for landsmålssaka, og fungerte som språkpolitiske motpolar til riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson. Dei støtta parlamentarismen til Johan Sverdrup og partiet Venstre, men vonbrotet over den politiske utviklinga i 1880–1890-åra gav dei anarkistiske sympatiar. Seinare orienterte Mortensson-Egnund seg meir i ei teosofisk/antroposofisk retning. Trass i skiftande ideologisk syn hadde han ei urokkeleg kristentru heile livet, og verka i åra 1909–1918 som prest i Den norske kyrkja. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 40
Tre slått over ende av Tunguska-eksplosjonen. Fotografi frå Kulikekspedisjonen i 1927
Tre slått over ende av Tunguska-eksplosjonen. Fotografi frå Kulikekspedisjonen i 1927

Tunguskahendinga var ein særs kraftig eksplosjon nær elva Podkamennaja Tunguska i Russland, den 30. juni 1908. Sjølv om årsaka til eksplosjonen er omdiskutert, så var han mest truleg årsaka av ein stort meteoroide- eller komet-fragment som eksploderte i ei høgd på 5–10 km over bakken. Forskjellige studium har gjeve forskjellige estimat på storleiken på objektet, men den alminnelege oppfatninga er at han var nokre titals meter i diameter.

Sjølv om objektet eksploderte i lufta og ikkje trefte jordoverflata, så vert hendinga likevel rekna som eit nedslag. Estimat for sprengkrafta i eksplosjonen varierer frå 5 til 30 megatonn TNT med 10–15 megatonn som det mest trulege, rundt 1000 gonger kraftigare enn Hiroshima-bomba. Ein eksplosjon av denne storleiken er i stand til å øydeleggje ein stor by. Eksplosjonen velta om lag 80 millionar tre over eit område på 2150 km². Det er rekna ut at jordskjelvet frå eksplosjonen ville ha målt 5,0 på Richterskalaen.

Tunguskahendinga vert rekna som det største nedslaget på land i nyare historie, sjølv om tilsvarande store nedslag i fjerne havområde ikkje ville vorte registrert før global satellittovervaking vart etablert på 1960- og 1970-talet. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 41
Lady Gaga
Lady Gaga

Lady Gaga (1986 - ) er ein amerikansk musikar, songar og dansar. Ho er ein av artistane som sel flest album og har mottatt mange prisar, mellom anna to Grammy.

Gaga har gitt ut to album. Albumet The Fame kom ut i 2008 og singlar derfrå, som «Just Dance» og «Poker Face», har nådd fleire topplister. I 2009 gav ho ut det andre studioalbumet, The Fame Monster, med hovudsingelen «Bad Romance».

Gaga har vorte påverka av glamrockarar som David Bowie og Queen, i tillegg til popmusikarar som Michael Jackson og Madonna. Gaga har i august 2010 seld meir enn 15 millionar album og 51 millionar singlar på verdsbasis. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 42
‎São Paulo.
‎São Paulo.

‎São Paulo er den største byen i Brasil så vel som på den sørlege halvkula og hovudstaden i delstaten São Paulo. Innanfor bygrensene bur det om lag 20 237 000 menneske, og dermed er São Paulo den mest folkerike byen i Brasil og mellom dei største i verda. Han blir rekna som ein av dei viktigaste byane i Brasil, både frå eit sosialt, økonomisk og politisk synspunkt.

Bymottoet er den latinske frasen «Non Dvcor Dvco», som på norsk tyder «Eg blir ikkje ført, eg fører».

São Paulo er den mest multikulturelle byen i Brasil og ein av dei mest mangfaldige i verda. Befolkninga i São Paulo har følgjande etnisk opphav: europeisk (65,7%), afro-europeisk (26,2%), afrikansk (6,0%), austasiatisk (2,1%) og urfolk (0,1%).Den italienske befolkninga er den mest markante, 5,5 millionar menneske er etterkomarar etter italienarar. Ingen italienske byar har fleire italienarar enn São Paulo. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 43
Norsk fjordlandskap
Norsk fjordlandskap

Norsk geografi er prega av at Noreg er eit av dei nordlegaste landa i verda og eit av dei mest fjellkledde landa i Europa der store områder er dominert av Dei skandinaviske fjella. Den gjennomsnittlege høgda er 460 meter og 32 % av fastlandet ligg over tregrensa.

Heile landet var dekka av ei tjukk iskappe under den siste istida og i fleire tidlegare istider. Isrørsla grov ut djupe dalar og då isen smelta fylte sjøen desse dalane og danna dei kjende norske fjordane. Isbreane har grave ut Sognefjorden, som er den nest lengste fjorden i verda og Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa. Landområda hevar seg framleis etter den enorme vekta av isen (isostatisk heving) og stig med fleire millimeter i året. I istida nådde sjøen opp til det som i dag er ei høgd på 221 meter i Oslo, 25 meter i Stavanger og 5 meter nær Stad. Den gamle havbotnen er i dag dei beste jordbruksområda i landet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 44
Ei kunstnarisk framstilling av beistet
Ei kunstnarisk framstilling av beistet

Beistet i Gévaudan var eit eller fleire ulveliknande dyr som drap om lag 100 menneske i den tidlegare provinsen Gévaudan (no Lozère) i Frankrike, frå sommaren 1764 til sommaren 1767. Denne hendinga spreidde skrekk i Gévaudan og lever framleis i fransk folkeminne. Ei typisk fremstilling er: Eit ulveliknande vesen på størrelse med ei ku med eit breitt bryst, ein lang krøllete hale med ein løveaktig dusk på enden, eit hundeaktig hovud med store, framtredande hoggtenner.

Gévaudan er eit fjellrikt og vanskeleg framkomeleg område i fjellområdet Central-Massif i det sørlege Frankrike. På 1700-talet var det eit av dei fattigaste områda i Frankrike. Hovudnæringa var landbruk, særleg sauehald, noko som kravde utstrekt bruk av gjetarar. Som i andre før-industrielle samfunn var det ungar og kvinner som stod for gjetinga. Dei var i ein utsett posisjon, talet på ulvar i Gévaudan auka kraftig fram mot 1764, berre mellom mai 1761 og mars 1762 vart det skote 700 av dei i området. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 45
Shetlands flagg
Shetlands flagg

Shetlandsøyane er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland. Shetlandsøyane ligg mellom Orknøyane og Færøyane, med eit samla areal på 1466 km². Det administrative senteret er Lerwick (som er ein engelsk versjon av det gamle namnet Leirvik), som ligg på hovudøya Shetland Mainland med ferjesamband til Orknøyane og Skottland.

Shetland strekker seg frå 59'51°N til 61°N og '45°V til 1'45°V. Den nordlegaste øya Unst ligg på linje med Bergen og det er kortare veg til jarnbana i Bergen enn jarnbana i Aberdeen.

Flagget til Shetland vart utforma i 1969 for å markere 500-årsdagen for overføringa av Shetland frå Noreg til Skottland. Bakgrunnen for utforminga til flagget var ønsket om å vise at Shetland har vore ein del av Noreg i 500 år og ein del av Skottland i 500 år. Flagget vart anerkjent som offisielt flagg i 2005. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 46
Giovanni Gabrieli var ein overgangsperson mellom renessansen og barokken
Giovanni Gabrieli var ein overgangsperson mellom renessansen og barokken

Giovanni Gabrieli (1554-1612) var ein italiensk organist og komponist. Han var ein av dei viktigaste musikarane på si tid og representant for den venetianske skulen i overgangen mellom renessansen og barokkmusikken.

Gabrielli nytta den spesielle arkitekturen i Markuskyrkja med motståande balkongar til å skape uvanlege romverknader. Ein sette opp to kor som sto fråskilte på kvar sin balkong og song saman i fleirstemt polyfoni. Slik oppsto ein stereofonisk verknad der akustikken og ekkoet var ein del av effektane. På den tida var det vanleg å fylle ut eller erstatte vokalstemmer med instrument, og etterkvart starta Gabriel å skrive reine instrumentale satsar der han tok omsyn til særpreget til instrumenta. Eit av dei mest kjende stykka hans, In Ecclesiis, er eit krondøme på fleirkors-stil med fire separate instrumentalgrupper og songarar som vert støtta av ein stødig generalbass.

Arne Nordheim var ein beundrar av Gabrieli, og i Nordheims første orkesterverk, Canzona per Orchestra (1960), bruker han den venetianske skule sin ide med å sette saman forskjellige kontrastar og slektande klangblokker - sjølvsagt i sitt eige tonespråk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 47
Quesadilla
Quesadilla

Meksikansk mat representerer ein av dei store mattradisjonane i verda. Som så mykje anna i meksikansk kultur er soga om meksikansk mat soga om møtet mellom dei opphavlege, prekolumbiske kulturane og dei spanske conquistadorane. Også seinare har Mexico motteke impulsar utanfrå, til dømes den franske invasjonen i 1860-åra.

Dei grunnleggande trekka i meksikansk kokekunst stammar frå det prekolumbiske kjøkkenet. Det gjeld mellom anna grunnæringsmiddelet tortilla og bruken av chili som smakstilsetning, samt mange av dei grunnleggande matlagingsteknikkane. Mange av kjøkkenorda stammar difor frå urspråket nahuatl, slik som atole (ein maisdrikk), mole (fleire typar saus), metate (ein steinmortar) og mange fleire. Spanjolane tok med seg mange nye råstoff som gjorde kjøkkenet rikare, men endra det ikkje grunnleggande. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 48
Gravemaskin
Gravemaskin

Gravemaskin er ei anleggsmaskin som vert nytta for å grava, flytta og lessa masse. Maskina er som namnet seier mykje nytta til graving, til dømes av grøfter, hòl og til bygningsfundament, og kan brukast til å flytta både lausmasse og tunge ting. Ein nyttar gjerne gravemaskin innan byggjeverksemd og til å laga og vedlikehalda infrastruktur, men òg i samband med landskapsarkitektur, riving, skogsarbeid, gruvedrift, mudring og påling.

Dei fyrste maskinene stammar frå før 1500, då flytande skuffkjedemaskiner vart nytta til mudring av elvar og hamner. Den fyrste landbaserte framskuffemaskina vart bygd i USA av William Otis i 1835. Ei typisk moderne gravemaskin har ei undervogn med belte eller hjul og ei vendbar overvogn der det er fest graveutstyr. Gravemaskiner har som regel dieselmotor, men store maskiner brukt i gruvedrift kan òg drivast elektrisk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 49
Mario Vargas Llosa i 2010.
Mario Vargas Llosa i 2010.

Mario Vargas Llosa (f. 1936) er ein peruansk forfattar, politikar, journalist og nobelprisvinnar, no gjesteprofessor ved Princeton University. Vargas Llosa er ein av dei mest framståande romanforfattarane og essayistane i Latin-Amerika, og ein av dei leiande forfattarane i sin generasjon. Nokre kritikarar reknar han for å ha eit større internasjonalt gjennomslag og globalt publikum enn nokon annan forfattar frå den latinamerikanske bløminga på 1960- og 1970-talet. 10. desember 2010 får han Nobelprisen i litteratur «för hans kartläggning av maktens strukturer och knivskarpa bilder av individens motstånd, revolt och nederlag». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 50
Wollert Konow på 1880-talet
Wollert Konow på 1880-talet

Wollert Konow (1845–1924) var ein norsk politikar (V, FrV), brukseigar og Noregs statsminister i 1910–1912. Han stod sentralt i striden om statsrådane sin møterett på Stortinget, den såkalla Statsrådssaka. Han vart seinare ein sentral kritikar av Sverdrup-regjeringa, som han og andre radikale venstremenn syntest var altfor moderat. Ved Stortingsvalet i 1888 var han ein av dei radikale venstremennene som vart «hugga ned» av dei moderate i Venstre og mista stortingsplassen.

Han var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909, og vart vald inn som stortingsrepresentant for pariet i 1910. Frisinna Venstre og Høgre gjorde eit godt val, og danna ei samarbeidsregjering med Konow som statsminister. Regjeringa var frå starten mislikt i Høgre-kretsar, og då Konow under ein tale til Bondeungdomslaget i 1912 omtala målsaka i positive vendingar, trakk Høgre-statsrådane seg frå regjeringa. Konow forsøkte fyrst å rekonstruere regjeringa, men måtte til slutt gå av. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 51
Koptisk kross.
Koptisk kross.

Koptisk kristendom har røter tilbake til dei aller første kristne og kyrkja blei i følgje tradisjonen oppretta av apostelen Markus i Egypt på midten av det 1. hundreåret (rundt år 42 e.Kr.). Den koptiske ortodokse kyrkja er meir enn 1900 år gammal og høyrer til mellom dei orientalske ortodokse kyrkjer. Hovudsetet til den koptiske kristendommen i Alexandria har eksistert sidan kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Leiaren av kyrkja har tittelen «Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Heilage Stol», for tida er dette pave Shenouda III. Dei kristne i Egypt kallast oftast koptarar, og meir enn 95 % av dei høyrer heime i Den koptiske ortodokse kyrkja.

Ordet koptisk er ei avleiing via arabisk og latin av det greske Αἰγύπτος, aiguptos, altså Egypt. Koptisk kan tyde koptisk kristendom, koptisk språk, og den egyptiske minoriteten koptarar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 52
Gjallarbrua. Utsnitt frå ein illustrasjon av Gerhard Munthe.
Gjallarbrua. Utsnitt frå ein illustrasjon av Gerhard Munthe.

Draumkvedet er den mest kjende folkevisa (mellomalderballaden) i Noreg. Det er eit visjonsdikt i balladestil, og handlar visjonæren Olav. Han har gjort ei ferd i den andre heimen medan han låg i ein tung svevn frå julekvelden til trettandagen. Olav rid då til kyrkje. Så fortel han kva han har opplevd i draume og at han fått sjå inn i dødsriket.

Nedteikningane av Draumkvedet er, langt på veg, sprikjande og fragmentariske. Den best kjende teksta i vår tid er ein rekonstruksjon/restitusjon på 52 strofer, laga av Moltke Moe i 1890-åra. Melodiane som er nedteikna til Draumkvedet, svarar stort sett til tonar som også er i bruk til gamle-stev. Den firelina folkevisestrofa i Draumkvedet har same metrum som gamlestevet. Men ulikt gamlestevet har Draumkvede, og difor også tonane, omkved, slik det er vanleg i balladar. I vår tid er det praksis at Draumkvedet blir framført med ulike tonar til dei ulike bolkane i visa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024