Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2022

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022



Uke 1
Teikning av ein arbeidar som tiggar på ein haug av devaluerte og verdilause setlar

Inflasjon er ei varig prisstiging av varer og tenester i ein økonomi. Når det generelle prisnivået stig, vil kvar eining av ein valuta kunne kjøpa færre varer og tenester, og såleis korresponderer inflasjon med ein reduksjon av kjøpekrafta til pengar. Det motsette av inflasjon er deflasjon, som er ein varig nedgang i det generelle prisnivået av varer og tenester. Den vanlegaste måleeininga av inflasjon er inflasjonsrate, som er årleg prosentvis endring i den generelle prisindeksen.

I dag føretrekkjer mange økonomar ein låg og stabil inflasjon. Låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved at arbeidsmarknaden kan tilpassa seg raskare i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken frå å stabilisera økonomien. Ansvaret for å halda inflasjonsraten låg og stabil er vanlegvis gjeve til monetære styresmakter. Dei monetære styresmaktene er hovudsakleg sentralbankar som kontrollerer pengepolitikken gjennom å fastsetja renter, gjera marknadsoperasjonar og, meir sjeldan, stilla krav til reservar haldne av kommersielle bankar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Kapp Horn

Kapp Horn er det sørlegaste neset på Tierra del Fuego-øyane, også kjend som Eldlandet, sør i Chile. Det er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida var området kjent som ei våt grav for mange sjømenn.

Då Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Joe's Garage er kjend for dei lange gitarsoloane.

Joe's Garage er ein rockeopera frå 1979 av Frank Zappa. Opphavleg vart prosjektet gjeve ut som to separate studioalbum på Zappa Records, men det vart sidan mastra på ny og gjeve ut som eit trippelalbum kalla Joe's Garage, Acts I, II & III i 1987. Soga vert fortald av ein rollefigur kalla «Central Scrutinizer» om Joe, ein vanleg tenåring, som dannar eit garagerockband, har utilfredsstillande forhold med kvinner, gjev alle pengane sine til ein statleg assistert og hyklersk religion, utforskar seksuelle aktivitetar med hjelpemiddel, og hamnar i fengsel. Etter å ha kome ut frå fengsel til eit dystopisk samfunn der sjølv musikk er forboden, glir han over i sinnsjuke.

Albumet omfattar mange musikkstilar. Tekstane er ofte satiriske eller komiske kommentarar om amerikansk samfunn og politikk. Dei omfattar tema som individualisme, fri vilje, sensur, musikkindustrien og seksualitet, og driv satire med katolisisme og scientologi. Opphavleg fekk det middels til positive meldingar, men kritikarane hylla den nyskapande og originale musikken, men kritiserte dei skatologiske, seksuelle og spottande tekstane. I seinare år er Joe's Garage trekt fram som eit av dei beste verka til Zappa. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Ved i omnen

Ved er trevyrke som kan brukast til brensel. Brennverdien til veden varierer med fuktprosenten og eigenvekta til trevyrket. Det er vanleg å bruka tre som ikkje passar til andre føremål, som tynne eller krokete greiner og avkapp frå treindustrien, til brensel. Før han kan brennast bør veden delast opp i mindre stykke slik at han har ei stor overflate elden kan ta fatt i. Dette gjer ein gjerne ved å saga han opp eller kløyva han med øks på ein hoggstabbe.

Ved er den eldste kjelda til energi ein kjenner til, og vedfyring er framleis vanleg i store delar av verda. Ved er ein fornybar ressurs så lenge ein ikkje tek ut meir enn det som veks til. Mangel på ved i nokre område har ført til avskoging og ørkenspreiing. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Siouxsie Sioux frå Siouxsie and the Banshees

Siouxsie and the Banshees var eit britisk rockeband, skipa i London i 1976 av vokalisten Siouxsie Sioux og bassgitaristen Steven Severin. Det har inspirert mange andre artistar, både samtidige og seinare. I løpet av karrieren gav Siouxsie and the Banshees ut 11 studioalbum og 30 singlar. Bandet hadde fleire endringar i besetninga, og Siouxsie og Severin var dei einaste konstante medlemmane. Gruppa vart oppløyst i 1996, men Siouxsie og trommeslagaren Budgie heldt fram å spele inn musikk som The Creatures, eit band dei skipa på si i tidleg i 1980-åra. I 2004 byrja Siouxsie òg ein solokarriere.

Q tok med gitarspelinga til John McKay på songen «Hong Kong Garden» på lista si over dei hundre beste gitarssongane gjennom tidene, medan Mojo rangerte gitaristen John McGeoch som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for arbeidet hans på «Spellbound». The Times omtalte gruppa som «ein av dei mest dristrige og kompromisslause musikalske eventyrarane i post-punk-tida». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Sligo

Sligo er ein hamneby i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Sligo vest på Irland. Byen hadde rundt 20 000 innbyggjarar i 2016, og er dermed også den folkerikaste byen i fylket. Det irske namnet til Sligo er Sligeach, som tyder 'skjelstaden'. Dette kjem av dei store mengdene skjel i elva og utløpet hennar, og for fleire skjeldynger som er funne omkring byen etter matlaging helt tilbake til steinalderen.

Byen ligg mellom Lough Gill og elva Garavogue der ho munnar ut i Atlanterhavet. Han er omgjeven av to fjellkjeder, Dartryfjella på nordsida og Oxfjella mot sør. Sligo er eit historisk, kulturelt, kommersielt, industrielt og tenestenæringssenter, og har regionaltyding i Vest-Irland. Han har veg-, jernbane- og ferjesamband. Byen er også eit turistmål med fleire litterære og kulturelle assosiasjonar herfrå og frå kysten og omlandet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Deep Space 1

Deep Space 1 var ein romsonde som vart skoten opp av NASA den 24. oktober 1998 av ein Delta II-rakett. Som ein del av New Millennium-programmet var hovudmålet til fartøyet å testa ut nye teknologiar for å få ned risikoen og prisen på framtidige ubemanna romsondar.

Deep Space 1 fullførte med suksess oppdraga sine og andregradsmåla: passering av asteroiden 9969 Braille og kometen 19P/Borrelly der han returnerte verdifulle vitskaplege data og bilete. Deep Space 1-prosjektet vart avslutta 18. desember 2001. Det vart etterfølgt av Deep Space 2, Earth Observing-1, Space Technology 5 og Space Technology 6. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Nærbilde av ein torsk

Torsk (Gadus morhua) er ein saltvassfisk i torskefamilien. Han lever i delar av det nordlege Atlanterhavet, i Polhavet og i Austersjøen. Torsken er hovudsakleg ein botnfisk, men større fiskar lever òg i dei frie vassmassane. Ein skil mellom to hovudtypar av torsk: den stadbundne kysttorsken som lever ved botnen på grunt vatn langs kysten, og den vandrande norsk-arktiske torsken som har oppvekstområde i Barentshavet og seinare kjem til norskekysten som gytemoden torsk, mest kjend som skrei.

Torsken er ein av dei viktigaste matfiskane og har stor økonomisk verdi for fiskeindustrien. Mange av samfunna langs kysten mot Nord-Atlanteren har vakse fram som følgje av tilgangen på torsk. Fleire torskestammar er i dag truga av overfiske, særleg i Vest-Atlanteren og i Austersjøen. Torsk er rekna som ein verdifull ressurs, og det har vore internasjonale konfliktar om tilgangen på å fiska torsk. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Scene frå Breath of the Wild med Master Sword under MCM Comic Con 2017 i London

The Legend of Zelda: Breath of the Wild er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til konsollane Wii U og Nintendo Switch i 2017. Det er det nittande hovudspelet i The Legend of Zelda-serien og handlinga er sett til slutten av den offisielle Zelda-tidslinja. Spelet byrjar med at Link vaknar etter å ha sove i hundre år og får i oppdrag å nedkjempa Calamity Ganon, som har lagt kongeriket Hyrule i ruinar.

Spelet vart utvikla over ein periode på fem år og er designa for å bryta med mange av dei etablerte konvensjonane i Zelda-serien. Det har ei vidstrekt open verd som spelarane kan utforska fritt, utan å måtta gjera oppdrag i ei bunden rekkjefølgd, og bruker ein meir avansert fysikkmotor som gjev realistiske interaksjonar mellom elementa i spelverda. Den grafiske stilen bruker cel-shading for å gje eit teiknefilmaktig uttrykk og er inspirert av gouache og friluftsmåleri.

Breath of the Wild fekk hyllester frå kritikarar for den frie speloppbygnaden og detaljnivået i spelverda. Det har selt over tjueseks millionar kopiar internasjonalt og har vore kåra til eit av dei mest framståande dataspela gjennom tidene av fleire publikasjonar. Den vidstrekte verda og mengda av innhald i spelet gjer at spelarar oppdagar stadig nye ting år etter lanseringa. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Svartbrynalbatross

Albatrossfamilien (Diomedeidae) er ei gruppe store sjøfuglar som saman med artane i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande fuglane, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande fugleartar.

Talet på albatrossar har tidlegare gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag er albatrossane trua av introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorleg nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar og av linefiske. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11
Sjølvportrett av Aasta Hansteen

Aasta Hansteen (1824–1908) var ein norsk kunstmålar, forfattar, målkvinne, samfunnsdebattant og kvinnesaksforkjempar. Ho var den fyrste norske kvinna som fekk profesjonell utdanning til å verta målar, den fyrste kvinnelege portrettmålaren i Christiania og den fyrste norske kvinna som heldt offentlege førelesingar. Ho var også ein av dei fyrste nordmennene til å nytta landsmål.

Hansteen fann livet i Noreg svært vanskeleg. I 1880, då ho var 55, emigrerte ho til USA. Hansteen vende attende til Noreg i 1889 med impulsar som ho gav til kjenne i Norsk Kvindesagsforening og ved innlegg i bladet Nylænde. Ho tok med seg det amerikanske solsikkesymbolet, som var brukt av kvinnerørsla der, til Skandinavia, og solsikka vart symbol for NKF og Nylænde. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12
The Byrds i 1970

The Byrds var eit amerikansk rockeband som vart skipa i Los Angeles i California i 1964. Bandet hadde mange forskjellige medlemmer medan det eksisterte, og frontmannen Roger McGuinn (òg kjend som Jim McGuinn) var det einaste medlemmet som var med heile vegen fram til bandet vart oppløyst i 1973. Kommersielt sett var gruppa berre like stor som The Beatles, The Beach Boys og The Rolling Stones ein kort periode i 1965 og 1966, men vert likevel i dag rekna for å vere eit av dei viktigaste banda frå 1960-åra. The Byrds var pionerar innan sjangeren folkrock, og påverka slik The Beatles og andre band i den britiske bølgja med kontemporær og tradisjonell folkemusikk. Utover i 1960-åra vart bandet òg viktig innan utviklinga av psykedelisk rock, ragarock og countryrock. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13
Neville Chamberlain i 1923

Neville Chamberlain (1869–1940) var ein britisk politikar for Det konservative partiet og statsminister i Storbritannia frå 1937 til 1940.

Chamberlain var son av Joseph Chamberlain og bror av Austen Chamberlain, begge politikarar. Etter ei tid som forretningsmann gjekk han inn i lokalpolitikken i Birmingham, og følgde faren og broren som parlamentsmedlem i 1918, då han var 49 år gammal. Chamberlain tente som helseminister og finansminister før han etterfølgde Stanley Baldwin som statsminister i 1937. Tida hans som regjeringsleiar var prega av korleis ein skulle behandla eit aggressivt og ekspansivt Tyskland. For ettertida er han vorten kjend for ein ettergjevande politikk i høve til Adolf Hitler som han håpte kunne avverja ein ny storkrig. Storbritannia erklærte likevel krig mot Tyskland etter at landet invaderte Polen i 1939. Då dei allierte landa ikkje klarte å hindra Tyskland i å invadera Noreg i 1940 mista Chamberlain mykje støtte i parlamentet, og gjekk av til fordel for Winston Churchill. Han fortsette å sitja i regjering, men døydde av kreft seks månader etter avgangen Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14
Snøhegre, Egretta thula

Hegrefamilien omfattar vassfuglar i familien Ardeidae. Det er ca. 66 anerkjende artar i denne familien. Hegrar er middels til store fuglar med lange bein og lang hals. Dei viser svært lite kjønnsdimorfisme i storleik. Halsen er i stand til å bøye i ei s-form, på grunn av endra form på den sjette ryggvirvelen. Halsen er i stand til å trekkje seg inn og strekkje seg ut, og er tilbaketrekt under flyging, i motsetnad til dei fleste andre langhalsa fuglar.

Beina er lange og sterke, og nesten alle artar er utan fjør frå nedre delen av leggen, tibia. Unntaket er sikksakkhegre. Under flyging held dei føtene strekt ut bakover. Føtene til hegrar har lange tynne tær, med tre som peikar fram og ei bakover. Generelt er nebbet langt og harpunforma. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15
Solsikke

Solsikke (Helianthus annuus) er ein eittårig plante i solsikkeslekta som kan bli over fire meter høg. Stengelen er kraftig og ruhåra, og har opprett vekst. Blomane er store, og kan bestå av inntil 40 cm breie blomekorger med gule, brune eller raudaktige kronblad. Solsikke er relativt lettdyrka, men krev at visse vekstvilkår er oppfylt for å kunna veksa maksimalt. Planten trivst best med full sol og varm temperatur (helst over 20°C). Han krev også mykje vatn og næring.

Solsikke blei domestisert i Nord-Amerika, der den ville varianten av arten framleis veks vilt. Vill solsikke har greiner og fleire blomar på kvar plante. Dyrka solsikke har derimot som regel berre ein stilk og ein blome øvst. Amerikanske urfolk brukte solsikke til ei rekkje føremål, som å laga brød og til salvar, farging og kroppsmåling. På 1500-talet blei solsikkefrø frakta frå Amerika til Europa, der dei saman med solsikkeolje blei ein viktig ingrediens. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16
Den første stridsvogna som vart brukt i krig, britiske Mark I

Stridsvogn er i moderne tid eit beltedrive heilpansra kampkøyretøy utstyrt med kanon. Kanonen er vanlegvis montert i eit dreibart tårn og kan brukast til nedkjemping av pansra køyretøy. Som regel kan stridsvogna òg vera utstyrt med ei eller fleire mitraljøser, missil, rakett- eller rekylfrie våpen og liknande til bruk mot infanteri, fly eller upansra køyretøy.

Stridsvogna vart utvikla under 1. verdskrigen, i hovudsak for å trenga gjennom piggtrådsperringar og skyttargraver. Storbritannia var den første nasjonen som nytta stridsvogner i kamp, under slaget ved Somme 15. september 1916, med ein meir vellukka bruk i slaget ved Cambrai i 1917. Tyskland utvikla stridsvogner og brukte dei i den spanske borgarkrigen og seinare i «lynkrigen» ved byrjinga av andre verdskrigen. Innføringa av stridsvogna endra moderne krigføring med bruk av pansertroppar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17
Haydn i samband med ei oppføring av Skapinga i Wien i 1808.

Skapinga (tysk Die Schöpfung, engelsk The Creation) er eit oratorium skrive av Joseph Haydn mellom 1796 og 1798 og ofte rekna som hans meisterverk. Målet til Haydn var å skapa eit verk som kunne måla seg med Händel sine oratorium, men som var skrive i den høgklassisistiske stilen. Librettoen som låg som grunnlag for verket skildrar den kristne historia om skapinga av verda, med element henta frå John Milton sitt episke dikt Det tapte paradis.

Premieren av Skapinga var ein triumf ein sjeldan har sett maken til i musikkhistoria. Verket blei fyrst framført i Palais Schwarzenberg den 29. april 1798, med ei ekstraframføring dagen etter. Verket blei i løpet av dei 10 åra Haydn hadde att å leva sett opp over 40 gongar, over heile den vestlege verda. Dette var eit ekstraordinært høgt nummer på denne tida, då ein enno ikkje hadde utvikla eit musikalsk standardreportoar, og eit vanleg verk ofte ikkje blei høyrd etter sesongen det var laga for. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18
Sjølvportrett, 1790

Élisabeth Vigée Le Brun (1755–1842) var ein fransk målar frå Paris. Ho måla i hovudsak portrett, og er særleg kjend for portrett av europeiske adelsfolk og kongelege. Stilmessig høyrer verka hennar til tida etter rokokko med element frå nyklassisismen. Vigée Le Brun laga tiltrekkande og idealiserte portrett, og blei kjend som hoffmålar for dronning Marie Antoinette. Ho måla seinare portrett av europeiske adelsfolk, skodespelarar og forfattarar, og blei vald inn i kunstakademi i ti byar. Under den franske revolusjonen i 1789 rømde Le Brun frå Frankrike. Ho arbeidde deretter i Russland, Italia og Storbritannia. Etter at Napoleon hadde kome til makta i Frankrike, vende ho tilbake til heimlandet.

Vigée Le Brun laga 660 portrettmåleri og 200 landskapsmåleri. Desse finst i private samlingar i Europa og USA, men også i store museum som Eremitasjen i St. Petersburg, National Gallery i London, Metropolitan Museum of Art i New York og National Gallery of Art i Washington, D.C. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19
Roy Orbison

Roy Orbison (1936–1988), òg kjend under kallenamnet The Big O, var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, mest kjend for solbrillene sine, den særeigne, mektige røysta si, komplekse songar og mørke, kjenslerike balladar. Røysta til Orbison låg i området mellom baryton og tenor, og musikkforskarar meiner han hadde ei rekkjevidd på tre eller fire oktavar.

Orbison voks opp i Texas og byrja å syngje i rockabilly/country and western-band på skulen, før han fekk kontrakt med Sun Records i Memphis. Den største suksessen hans fekk han med Monument Records mellom 1960 og 1964, då 22 av songane hans gjekk inn på topp 40 i Billboard, inkludert «Only the Lonely», «Crying» og «Oh, Pretty Woman». Karrieren hans stagnerte i 1970-åra, men vart vekt til live att då fleire av songane hans vart spelte inn på ny av andre artistar, i tillegg at songen «In Dreams» vart nytta av David Lynch i filmen Blue Velvet (1986). I 1988 vart han med i supergruppa Traveling Wilburys med George Harrison, Bob Dylan, Tom Petty og Jeff Lynne og han gav ut eit nytt soloalbum. Han døydde av hjarteinfarkt i desember det året, på topp i den nye popularitetsbølgja han fekk oppleve på tampen av livet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20
Kart over det europeiske økonomiske samarbeidsområdet

Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er eit frihandelsområde i Europa som vart etablert via EØS-avtalen, ein folkerettsleg avtale mellom Den europeiske unionen (EU) og tre av medlemslanda i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). EØS utvidar den indre marknaden i EU med dei tre EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som saman utgjer éin marknad styrt av dei same grunnreglane. Desse reglane har som føremål å gjere fri flyt av personar, varer, tenester og kapital mogeleg i den europeiske fellesmarknaden, inkludert å fritt kunne velje opphald i kvart land i området. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet vart etablert 1. januar 1994 etter at EØS-avtalen tredde i kraft.

Då EØS tredde i kraft i 1994, utgjorde partane 17 statar og to europeiske fellesskap: Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) og det no nedlagde europeiske kol- og stålfellesskapet. Medlemskapet har vakse til 30 statar per 2020: 27 EU-medlemsland, i tillegg til tre av dei fire medlemslanda i EFTA. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21
Libanon

Libanon er eit land i Vest-Asia. Det grensar til Syria i nord og aust og Israel i sør. Libanon ligg ved den kulturelle krossvegen mellom Middelhavet og det arabiske innlandet, og dette har diktert den rike historia til landet og forma ein mangfaldig religiøs og etnisk kulturidentitet. Trass i den vesle storleiken til landet er libanesisk kultur kjend både i Midtausten og i verda, styrka av den store libanesiske diasporaen.

Libanon var heimstaden til fønikarane, ein maritim kultur som florerte i over tusen år. I Libanonfjella vart klostertradisjonen kalla den maronittiske kyrkja grunnlagd. Då dei muslimske arabarane erobra regionen, held maronittane på religionen og identiteten sin. Ei ny religiøs gruppe, drusarane, oppstod òg i Libanonfjella.

Før den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) hadde landet ein relativt roleg periode med velstand, driven av turisme, jordbruk, handel og bankverksemd. Mot slutten av krigen vart det gjort store forsøk på å gjenoppfriske økonomien og bygge opp att den nasjonale infrastrukturen. Den libanesiske likviditetskrisa, korrupsjon og andre problem har ført til valutakollaps, politisk ustabilitet, varemangel, høg arbeidsløyse og utbreidd fattigdom i landet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22
The Who i 1965

The Who er eit engelsk rockeband som vart starta i 1964. Besetninga bestod av gitarist Pete Townshend, vokalist Roger Daltrey, bassist John Entwistle og trommeslagar Keith Moon. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990, det første året dei hadde høvet til dette. I følgje New York Times har The Who selt over 100 millionar plater. The Who vart kjende for dei energiske konsertane sine, og som dei første som øydela instrumenta sine på scenen. Gruppa hadde ei rekkje Topp 10-singlar, mellom andre «My Generation», og Topp 5-album.

Moon døydde i 1978, og etter dette har bandet gjeve ut to studioalbum med trommeslagaren Kenney Jones, før dei gav seg i 1983. Dei kom saman igjen for hendingar som Live Aid og for ein gjenforeiningsturné i 1989 og Quadrophenia-turneen i 1996 og 1997. I 2000 vart det lagt planar om eit nytt studioalbum, men planane vart utsette då Entwistle døydde i 2002. Townshend og Daltrey gav seg ikkje med The Who, og i 2006 kom studioalbumet Endless Wire. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23
Rapparen Áilu Valle

Samisk kultur omfattar samane sin andelege og materielle kultur. Natur, miljø og levesett har alltid vore utgangspunktet for den samiske kulturen. Han er også blitt påverka av møte med majoritetskulturar i dei ulike samiske områda. Skilnader internt i den samiske kulturen kjem av skilnadene mellom ulike samiske busetnadsområde og levesett.

Grunntrekka i den samiske kulturen blei danna frå og med 1300-talet. Etter nokre generasjonar med modernisering og språkleg og kulturell assimilering inn i dei dominerande statskulturane fekk den samiske kulturen ein renessanse frå og med slutten av 1960-talet. På 1970-talet oppstod det ei ny og sterkare samisk politisk rørsle, samiske massemedium, litteratur og kunst. Denne kulturelle oppreisten sameina tradisjonell samisk kultur med kulturelle straumdrag i samtida. Hendingane på 1970-talet blir ofte referert til som den samane si nasjonale oppvakning. Samane har rekna seg som eit folk så langt tilbake ein kjenner til, men ideen om Sápmi som ein samisk nasjon blei fyrst utbreidd blant samar på 1970-talet, og seinare blant majoritetskulturane. På 1980- og 1990-talet blei det teke i bruk eit samisk flagg, ein samisk nasjonalsong og det blei oppretta ein eigen samedag. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24
Eric Clapton

Eric Clapton (fødd 1945) er ein engelsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Clapton er den einaste musikaren som er innlemma tre gonger i Rock and Roll Hall of Fame: ein gong som soloartist, og to gonger som medlemmar av The Yardbirds og Cream. Han har motteke 17 Grammyprisar, og i 2004 vart Clapton utnemnd til Commander of the British Empire (CBE) for bidraga sine til musikken. Clapton vart rangert på fjerdeplass på lista til Rolling Stone då dei kåra dei 100 største gitaristane gjennom tidene, og på lista til Gibson over dei 50 største gitaristane.

På midten av 1960-talet forlet Clapton The Yardbirds for å spele blues med John Mayall & the Bluesbreakers. Etter at han forlet Mayall danna Clapton powertrioen Cream i lag med trommeslagaren Ginger Baker og bassisten Jack Bruce. Gjennom det meste av 1970-åra spelte Clapton musikk påverka av den rolege stilen til J.J. Cale og reggaemusikken til Bob Marley. Versjonen hans av Marley sin «I Shot the Sheriff» var med på å få reggaen ut til dei store massane. To av dei mest populære songane hans er «Layla», spelt inn av Derek and the Dominos, og Robert Johnson sin «Crossroads», spelt inn av Cream. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25
Suzi Quatro

Suzi Quatro (fødd 1950) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, musikar og skodespelar. I 1970-åra fekk ho ei rekkje hitsinglar som gjorde det betre i Europa og Australia enn i heimlandet, og nådde mellom anna toppen i Storbritannia og andre europeiske land med singlane «Can the Can» (1973) og «Devil Gate Drive» (1974).

Quatro gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt i 1973. Sidan den gongen har ho gjeve ut 15 studioalbum, ti samlealbum og eit konsertalbum. Blant andre hittar finn ein «48 Crash», «Daytona Demon», «The Wild One» og «Your Mama Won't Like Me». Etter å ha spelt rolla som bassisten Leather Tuscadero i den populære amerikanske situasjonskomedien Happy Days, nådde duetten hennar «Stumblin' In» med Smokie-songaren Chris Norman fjerdeplassen i USA. Mellom 1973 og 19890 fekk Quatro seks Bravo Otto-prisar. I 2010 vart ho stemt inn i Michigan Rock and Roll Legends. Det nyaste studioalbumet til Quatro, The Devil in Me, kom ut i 2021 der ho samarbeidde med sonen Richard Tuckey. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26
Kart over Oman

Omansk geografi er geografien til Oman, eit land i Sørvest-Asia, som grensar til Arabiahavet, Omanbukta og Persiabukta, mellom Jemen og Dei sameinte arabiske emirata. Oman ligg i det søraustlege hjørnet av Den arabiske halvøya og dekkjer eit areal på 309 500 kvadratkilometer. Landarealet består av varierande topografi: dalar og ørkenar utgjer 82 % av landmassen, fjellkjeder 15 % og kystsletta 3 %.

Sultanatet grensar til Omanbukta, Arabiahavet og Rub' al Khali (Den tomme fjerdedelen) i Saudi-Arabia, som alle har bidrege til å isolere Oman geografisk. Historisk hadde landet kontakt med omverda via sjøen, ikkje berre til andre land, men òg mellom kystbyane i landet. Rub al Khali er vanskeleg å krysse sjølv med moderne køyretøy, og danna ein barriere mellom sultanatet og det arabiske indre. Al Hajar-fjella, som dannar eit belte mellom kysten og ørkenen frå Musandamhalvøya til byen Sur på det austlegaste punktet i Oman, danna ein annan barriere. Desse geografiske barrierane gjorde at det indre av Oman aldri vart utsett for utanlandske invasjonar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27
Nordstarikar på vatnet

Synthliboramphus er ei biologisk slekt i alkefamilien med fem artar av små sjøfuglar, alle lever i det nordlege Stillehavet. Artane i slekta deler det norske fellesnamnet «starik». IUCN har klassifisert fire av artane som sårbare eller sterkt truga. Arten nordstarik er globalt klassifisert som livskraftig, men i Canada er han truga, fordi hekkesuksessen til denne arten er særs sterkt påverka av introduserte pattedyr.

Synthliboramphus-alkene er små alkefuglar med kvit underside og blågrå eller svart overside i fjørdrakta. Artane skil seg frå kvarandre i utforming av nebb, nordstarik har særs kort kort, kraftig, hornfarga nebb, japanstarik har kort, kraftig, bleikblått nebb, dei andre artane har langt, slankt, svart nebb. Typisk er starikar rundt 24 til 26 centimeter i kroppslengd. Den minste arten er mexicostarik med ei kroppslengd på 21 cm. Den største i slekta er nordstarik, som når ei lengd på 27 centimeter. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28
Hadrianmuren nær Housesteads.

Hadrianmuren er eit tidlegare forsvarsverk i den romerske provinsen Britannia som ein byrja bygga i år 122 under keisar Hadrian. Han ligg i Nord-England og strekker seg frå Wallsend ved elva Tyne i aust til Bowness-on-Solway i vest, tvers over øya Storbritannia. I tillegg til å ha spela ei militær forsvarsrolle, kan portane i han ha vore brukte som tollpunkt. Hadrianmuren markerte grensa mellom Romersk Britannia i sør og det uerobra Caledonia i nord. Heile muren ligg i England, og han har aldri utgjort grensa mellom England og Skottland.

Muren er den største romerske arkeologiske strukturen i Storbritannia, med ei lengd på 73 mile (117,5 km). Delar av muren er blitt demonterte, og steinen er brukt i seinare byggverk. Men store delar står igjen, og muren blei i 1987 gjort til ein verdsarvstad av UNESCO. English Heritage forvaltar fleire større ruinar og museum langs muren. Delar av han er eigd av National Trust. Ein stor del av muren kan ein følgja til fots langs turruta Hadrian's Wall Path. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29
The Doobie Brothers i 1974.

The Doobie Brothers er ei USA-amerikansk rockegruppe frå San Jose i California. Dei har vore aktive i fem tiår og hadde størst suksess i 1970-åra. Den noverande besetninga består av Tom Johnston (gitar, vokal) og Patrick Simmons (gitar, vokal), dei langvarige medlemmane Michael McDonald (klaverinstrument, vokal), John McFee (gitar, pedalsteelgitar, fiolin, korvokal), og turnémusikarane John Cowan (bass, vokal), Bill Payne (klaverinstrument), Marc Russo (saksofonar), Ed Toth (trommer) og Marc Quiñones (perkusjon).

Historia til bandet kan delast inn i tre periodar. Frå 1970 til 1975 var solovokalisten Johnston og dei spelte ein streit rock and roll med element av folk, country og R&B. Johnston slutta i gruppa i 1977 på grunn av helsa si, og vart erstatta av Michael McDonald, som med ei interesse i soul endra stilen til bandet før dei vart oppløyst i 1982. Simmons hadde då vore det einaste medlemmet som hadde spelt på alle albuma deira. I 1987 kom The Doobie Brothers saman att med Johnston attende i bandet. McDonald, som hadde vore gjestemusikar fleire gonger sidan dei kom saman att, kom attende for fulltid i 2019 for den komande 50-årsjubileumsturneen deira. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2022
Vis - Se nynorsk - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022