Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2022

Avslapping føre peisen med ei bok kan reknast som hygge
Avslapping føre peisen med ei bok kan reknast som hygge

Hygge er ei kjensle av velvære i ein avslappa og venleg atmosfære, gjerne i samvære med familie eller vener. Hygge er ofte knytt til kvardagslege omgjevnader. Som verb er det synonymt med å kosa seg. Det kjende og trygge, med vekt på repetisjon av handlingar og utsegner, kan vera eit viktig grunnlag for hygge. Nokre sentrale element som kan hjelpa ein å oppleva hygge er varme lyskjelder, sosialt samvære, god mat og drikke og heimlege omgjevnader.

Ordet «hygge» vandra frå norsk til dansk i løpet av 1800-talet. I dansk har ordet fått stor utbreiing og blir der brukt i langt fleire samanhengar enn i norsk, særleg i ordsamband og samansettingar. Ordet har vandra vidare frå dansk til engelsk, og i 2016 kåra det britiske ordbokforlaget Collins «hygge» til eitt av årets ti ord i Storbritannia. Frå 2016 blei det gjeve ut fleire bøker på engelsk om hygge som livsstil. Les meir …