Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2021
Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017 · 2018 · 2019 · 2020 · 2021
- Uke 1
Sveitsisk geografi er geografien til fjellandet Sveits som er omgjeve av land i Vest- og Sentral-Europa. Det er omgjeve av fem land: Austerrike og Liechtenstein i aust, Frankrike i vest, Italia i sør og Tyskland i nord. Sveits er eit av dei minste landa i Europa og strekkjer seg på det lengste 220 km frå nord til sør og 350 km frå aust til vest.
Sveits er velkjent for Alpane i sør og søraust. Nord for Alpane strekkjer Det sveitsiske platået seg frå aust til vest. Dei fleste innbyggjarane i Sveits bur i åsane og slettene på dette platået. Dei mindre Jurafjella ligg nordvest for dette platået. Mykje av nordgrensa mot Tyskland følgjer Rhinen, men Rhinen går inn i Sveits nær Schaffhausen. Austgrensa med Tyskland og ein del av grensa mot Austerrike går gjennom Bodensjøen. Ein del av den sørvestlege grensa med Frankrike går gjennom Genfersjøen. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 2
Slangehalsar er fire artar hovudsakleg tropiske vassfuglar som gjer ut for slekta Anhinga. Dette er skarveliknande fuglar med lang hals som sym djupt i vassflata og lever av fisk. Dei er nære slektningar av familien skarvar som dei ofte vert klassifiserte saman med. Utbreiingsområdet er grovt rekna tropiske delar av Amerika, Afrika sør for Sahara, India, Søraust-Asia og Australia. Av dei fire nolevande artane er tre svært vanlege og utbreidde innanfor utbreiingsområdet sitt, medan den fjerde er sjeldnare og klassifisert som nær truga av IUCN. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 3
Emmylou Harris (fødd 2. april 1947) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Ho har gjeve ut mange album og singlar i løpet av karrieren sin og vunne 14 Grammyprisar, Polarprisen og mange andre prisar, og er mellom anna innlemma i Country Music Hall of Fame. I 2018 fekk ho æresprisen til Grammy.
Arbeidet og innspelingane hennar omfattar arbeid som soloartist, bandleiar, tolkar av andre sin musikk, visesongar, korvokalist og duettpartnar. I 1985 kom hennar eiga låtskriving meir i fokus med utgjevinga av konseptalbumet The Ballad of Sally Rose, der ho var medlåtskrivar på alle songane. Albumet var dels sjølvbiografisk. I 1987 slo Harris seg saman med Dolly Parton og Linda Ronstadt for det etterlengta albumet Trio. Albumet vart det bestseljande i karrieren til Harris og låg fem veker på toppen av countryalbumlista i USA. Det nådde òg topp 10 på popalbumlista og selde fleire millionar eksemplar. Det gav dei òg fire topp 10-hittar der «To Know Him Is To Love Him» gjekk heilt til topps på countrylista. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 4
Johnny Winter (1944–2014) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, multiinstrumentalist og produsent. Han er mest kjend for høgenergisk bluesrock seint i 1960- og 1970-åra og produserte tre album som vann Grammyprisen for bluesartisten Muddy Waters. Etter tida med Waters spelte Winter sjølv inn fleire bluesalbum som vann Grammyprisar. I 1988 vart han innlemma i Blues Foundation Hall of Fame og i 2003 vart han av magasinet Rolling Stone rangert som den 100. beste gitaristen gjennom tidene.
Winter og den yngre broren Edgar (fødd 1946) vart begge i tidleg alder oppfordra til å spele musikk av foreldra. Johnny og broren, som begge var fødde med albinisme, byrja å spele i tidleg alder. Då han var ti år gammal spelte brørne i eit lokalt barneshow med Johnny på ukulele. Platekarrieren hans byrja då han var 15 år gammal, då bandet Johnny and the Jammers gav ut singelen «School Day Blues» på eit selskap i Houston. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 5
Tongariro nasjonalpark er den eldste nasjonalparken på New Zealand, og ligg sentralt på Nordøya. Han var den sjette nasjonalparken som vart oppretta i verda. Nasjonalparken har fått status av UNESCO som blanda kulturell og naturmessig verdsarvstad.
Dei aktive vulkanfjella Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro ligg sentralt i parken. Maoriane har ei rekkje religiøse stadar innanfor parkområdet, og fjelltoppane i Tongariro, inkludert Ngauruhoe og Ruapehu, er tapu (heilage). Parken omfattar fleire busetnader langs grensene sine, mellom desse er Ohakune, Waiouru, Horopito, Pokaka, Erua, National Park Village og Turangi. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 6
Tughlakdynastiet var eit turko-indisk dynasti i det indiske Delhisultanatet i mellomalderen. Det var ved makta i eit knapt hundreår, og herska på høgdepunktet sitt over det største landområdet Delhisultanatet nokon gong hadde makt over.
Dynastiet kom til makta i Delhi i 1320, då Ghazi Malik kom på trona under tittelen Ghiyasuddin Tughlak. Det hadde si største utbreiing mellom 1330 og 1335, etter hærtog leia av Muhammad ibn Tughlak. Under han blei Delhisultanatet utvida til å dekkja det meste av Det indiske subkontinentet. Dei fjerne felttoga hans var kostbare, men kvart av dei medførte ny rikdom i form av plyndra gods og lausepengar for fangar. Det utvida riket var vanskeleg å styra, og opprør blei vanlege alle stader. Dynastiet mista makt på slutten av 1300-talet, og blei erobra av mongolane under Timur Lenk i 1389. Det fall endeleg i 1413, då det blei erstatta av Sayyid-dynastiet. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 7
Kongedømet Frankrike var eit monarki i Vest-Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Det var ein av dei mektigaste statane i Europa, og var ei stormakt frå og med høgmellomalderen. Landet var også ei tidleg kolonimakt.
Kongedømet hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og spissborgarane sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 8
Potensiell energi er den lagra energien til ein lekam i eit fysisk system. Denne typen energi har potensialet til å endre tilstanden til andre lekamar rundt seg, til dømes utforminga eller rørsla deira.
Ein har forskjellige former for energi som kan kallast potensiell energi. Alle desse formene er assosierte med ei spesiell kraft som påverkar ein fysisk eigenskap av stoffet (slik som masse, lading, elastisitet, temperatur osv.). Til dømes er den potensielle energien som skuldast gravitasjon assosiert med tyngdekrafta som verkar på massen til lekamen. Elastisk potensiell energi kjem av elastiske krefter (til sjuande og sist elektromagnetiske krefter). Elektrisk potensiell energi er assosiert med Coulomb-krafta. Nukleære krefter verkar på den elektriske ladinga. Kjemisk potensiell energi er assosiert med det kjemiske potensialet til ei spesifikk atom- og molekylsamansetjing, som verkar på strukturen til det kjemiske stoffet som lekamen er bygd opp av. Termisk potensiell energi er assosiert med elektromagnetiske krefter i samsvar med temperaturen til lekamen. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 9
John Millington Synge (16. april 1871–24. mars 1909) var ein irsk dramatikar, diktar, skribent og folkloresamlar. Han var ein nøkkelperson i den irske litterære fornyinga, og var med på å leggja grunnlaget for Abbey Theatre i Dublin. Sjølv om han hadde ein protestantisk mellomklassebakgrunn, er Synge sin forfattarskap oppteken av tilhøva til dei katolske menneska på landsbygda i Irland, og det han såg på som heidenskapen i deira verdssyn. Synge er best kjend for teaterstykket The Playboy of the Western World, som førte til opptøyar i Dublin då stykket vart oppført første gongen.
Synge leid av Hodgkins sjukdom, ei kreftform det ikkje var botemiddel for på den tida. Han døydde nokre veker før han fylte 38 år. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 10
Katerína Sakellaropoúlou (fødd 1956) er ein gresk jurist og dommar som 13. mars 2020 blei president i Hellas som den første kvinnelege presidenten i landet. Ho er politisk uavhengig. Sakellaropoúlou overtok embetetet etter Prokópis Pavlópoulos.
Sakellaropoúlou blei tilsett ved Statsrådet, den høgaste greske domstolen i forvaltingssaker, i 1982. Etter å ha stige i gradane i denne domstolen, blei ho visepresident for domstolen i 2015 og president i oktober i 2018. Sakellaropoúlou blei med dette den første kvinna i dette embetet. Gjennom karrieren har Sakellaropoúlou arbeidd mykje med miljøsaker og berekraftig utvikling. Ho har skrive fleire artiklar og bøker om konstitusjonell rett og miljørett. Frå 2015 til 2019 var ho leiar for den greske samskipnaden for miljørett. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 11
Finsk språkhistorie inkluderer både historia til det finske språket, også tida då språket enno ikkje var skrive, og historia til det finske skriftspråket. Finsk har til liks med andre uralske språk utvikla seg frå det uralske urspråket, som ifølgje tradisjonell oppfatning vart snakka for rundt 6000 år sidan i ein region mellom Volga og Uralfjella. I dag ser likevel mange språkforskarar ururalsk som mykje yngre, kanskje datert til 2000 f.Kr. Språklege typologiske trekk arva frå det uralske morsmålet til moderne finsk er til dømes agglutinering, bruk av suffiks, trykkplassering i første staving og vokalharmoni.
Finlands skriftspråk vart fødd med reformasjonen på 1500-talet. Biskop Mikael Agricola gav ut dei første trykte bøkene på finsk, slik som Abckiria ('ABC-bok') i 1543 og Se Wsi Testamenti ('Det nye testamentet') i 1548. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 12
Tulkarm er ein palestinsk by på Vestbreidda, i Tulkarm guvernement. Dei israelske byane Netanya og Haifa ligg i vest, dei palestinske Nablus og Jenin i aust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Tulkarm i 2007 eit folketal på 51 300, medan den nærliggande flyktningleir hadde eit folketal på 10 641, i alt 61 941 innbyggjarar.
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Tulkarm kontrollert av den irakiske hæren og vart seinare ein del av den Jordan-kontrollerte Vestbreidda. Våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan gjorde at 30 000 mål av Tulkarm sine 32 610 mål med jord, hovudsakleg jordbruksland, hamna på israelske territorium. Tapet av desse områda førte til ei stor utflytting av innbyggjarane til andre delar av Jordan og utlandet. Tulkarm sjølv tok i mot mange palestinske flyktningar. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 13
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 13, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 14
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 15
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 16
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 16, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 17
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 18
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 19
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 20
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 21
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 22
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 23
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 24
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 25
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 26
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 27
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 28
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 29
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 30
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 31
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 32
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 33
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 34
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 35
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 36
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 37
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 38
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 39
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 40
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 41
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 42
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 43
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 44
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 45
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 46
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 47
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 48
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 49
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 50
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 51
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 52
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2021
Vis -
Se nynorsk -
historikk