Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2017

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024



Uke 1
Kart over Syria
Kart over Syria

Syria er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (İskenderun-regionen) er omstridde. Hovudstaden er Damaskus, ein av dei eldste permanent busette byane i verda. Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunni- og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.

Syria var tidlegare synonymt med Levanten. medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet. Bashar al-Assad har vore president i landet sidan 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970. Sidan mars 2011 har Syria vore innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Gravering av Gibraltar
Gravering av Gibraltar

Erobringa av Gibraltar av engelsk-nederlandske styrkar for Storalliansen skjedde mellom 1. og 3. august 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Sidan byrjinga av krigen hadde dei allierte sett seg om etter ei hamn på den iberiske halvøya for å kontrollere Gibraltarsundet og nytta hamna for marineoperasjonar mot den franske flåten vest i Middelhavet. Etter å ha overtalt den portugisiske kongen om å bryte alliansen sin med Frankrike og Spania og alliere seg med Storalliansen kunne dei allierte flåtane drive felttog i Middelhavet med tilgang til hamna i Lisboa, og utføre operasjonar som støtta den austerrikske Habsburg-kandidaten til den spanske trona, erkehertug Karl.

Prins Georg av Hessen-Darmstadt representerte Habsburg i regionen. I juni 1704 mislukkast prinsen og admiral George Rooke, kommandanten til den største allierte flåten, å ta Barcelona for Karl. For å kompensere for mangelen på suksess avgjorde dei allierte kommandantane å gjere eit forsøk på å erobre Gibraltar, ein liten by på den spanske sørkysten. Etter kraftig bombardement og etter at britisk og nederlandske marinesoldatar og sjømenn gjekk i land, overgav guvernør Diego de Salinas Gibraltar og den vesle garnisonen den 3. august. I tilfelle Karl kom til å mislukkast i å avsetje Filip V som konge av Spania, skulle Gibraltar formelt avståast til Storbritannia med vilkåra i Utrecht-traktaten i 1713. Den dag i dag er Gibraltar framleis ein del av Storbritannia. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) var ein britisk polekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at ein ekspedisjon leia av Roald Amundsen hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart deltakarane si historie kjent.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen, var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Tina Turner
Tina Turner

Tina Turner (fødd 1939) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar. Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet «The Queen of Rock n Roll». Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten, har vunne åtte Grammy-prisar og seld fleire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann». Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue. Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love», «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og den sjølvskrivne «Nutbush City Limits» (1973), med namn etter heimstaden hennar. Etter skilsmissen frå Ike Turner bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Svein Tjugeskjegg
Svein Tjugeskjegg

Svein Tjugeskjegg (kring 960–1014) var konge av Danmark ca. 986-1014 og konge av England 1013-1014.

Dei eldste norrøne kjeldene er sameinte om at det var stor usemje mellom Svein og faren, Harald Blåtann. Det kom til open krig som enda med at kong Harald vart såra og døydde. Svein Tjugeskjegg vart deretter teken til konge over Danmark. Det var truleg på denne tida at Svein Tjugeskjegg sende ein hærflåte for å erobre Noreg, noko som enda med eit dansk nederlag i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget). Omkring år 1000 stod slaget ved Svolder, mellom den norske flåtestyrken til kong Olav Tryggvason og ein alliert svensk og dansk styrke, der òg ladejarlane var med. Der fall kong Olav.

Det norske tilnamnet «Tjugeskjegg» (norrønt tjúguskegg) tyder delt eller kløfta skjegg og viser til at han hadde lange mustasjer som hang ned og likna på ein høygaffel. I England vart han kalla «Sweyn Forkbeard» og er rekna som monarken med den kortaste regjeringstida i Englands historie. Han hadde base i byen Gainsborough, der han døydde. Han blei først gravlagt i York Minster, men liket blei seinare flytta til Roskilde domkyrkje i Danmark, der han i dag ligg på ein ukjent stad saman med faren Harald Blåtann. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Symmetri i biologi
Symmetri i biologi

Symmetri i biologi er den balanserte fordelinga av like kroppsdelar eller former. Symmetri dannar ein klasse av mønster i naturen der repetisjonen av mønsteret skjer gjennom spegling eller rotasjon. Kroppsplanet hjå dei fleste fleircella organismar utgjer ei form for symmetri, til dømes radiær, bilateral eller sfærisk symmetri. Eit mindretal, til dømes svampar, visar ingen symmetri, og er dimed rekna som asymmetriske.

Symmetri har spelt ei viktig historisk rolle i taksonomien av dyr; radiærsymmetriske organismar blei klassifiserte i taksonet Radiata, som no er rekna for å vere ei polyfyletisk samling av ulike rekkjer i dyreriket. Dei fleste radiærsymmetriske dyr er symmetriske langs ein akse som strekk seg frå midten av munnen til midten av den motsatte eller aborale enden. Radiærsymmetri er spesielt eigna for fastsitjande dyr som til dømes sjøroser, flytande dyr som til dømes stormaneter, og saktegåande organismar som til dømes sjøstjerner. Dyr i rekkjene nesledyr og pigghudingar er radiærsymmetriske, sjølv om mange sjøroser og somme koralar er bilateralt symmetriske på grunnlag av ein enkelt struktur, nemleg ei renne med ciliar frå munnen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Barcelona
Barcelona

Barcelona er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania med om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Som hovudstad i Catalonia er Barcelona sete for dei katalanske styresmaktene, kjend som Generalitat de Catalunya.

Barcelona ligg ved kysten av Middelhavet mellom munningane til elvane Llobregat og Besòs. Han vart grunnlagd som ein romarby og vart sete for grevane av Barcelona. Etter at grevskapet vart slått saman med Kongedømet Aragón var han ein av dei viktigaste byane i Kongemakta Aragón. Barcelona vert i dag rekna som ein verdsby på grunn av finans, handel, media, underhaldning, kunst og internasjonal handel. Han er eit viktig kultursenter og ein stor turistdestiasjon med ei rik kulturarv. Her finst kjende byggverk av Antoni Gaudí og Lluís Domènech i Montaner som er innskrivne på verdsarvlista til UNESCO. Byen var òg vertsby for sommar-OL 1992. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Cliff Richard & The Shadows
Cliff Richard & The Shadows

The Shadows er ei britisk rockegruppe kjend for instrumentalmusikk og som støtteband for Cliff Richard på 50- og 60-talet. Det er det mest suksessrike instrumental- og vokalbandet i Storbritannia frå 1950-åra til 2000-åra med totalt 65 britiske hitsinglar, 31 aleine og 34 med Cliff Richard.

I 1960-åra var bandet med Richard i filmane The Young Ones, Summer Holiday, Wonderful Life, Finders Keepers og som marionettar i filmen Thunderbirds Are GO. Dei skreiv berre eit par songar til den tidlegaste filmen The Young Ones i 1961, men på Finders Keepers i 1966 skreiv dei nesten all filmmusikk, tilskriven Marvin-Welch-Bennett-Rostill. I 1975 deltok dei i Eurovision Song Contest med songen «Let Me Be The One» og kom på andreplass. I 1979 gav bandet ut String of Hits, som nådde toppen av den britiske albumlista. Albumet inneheldt hittar som «Cavatina», «You're the One That I Want» og «Don't Cry for Me Argentina». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Sattelittbilde av Saudi-Arabia
Sattelittbilde av Saudi-Arabia

Saudiarabisk geografi er geografien til det største landet i Arabia. Saudi-Arabia dekkjer 80 % av Den arabiske halvøya. Det grensar til sju land og tre havområde: Det arabiske havet, Persiabukta og Raudehavet. Den lange kystlinja langs Persiabukta og Raudehavet har gjort det enkelt å drive skipsfart (særleg råolje) gjennom Persiabukta og Suezkanalen. Dei lange grensene mot Dei sameinte arabiske emirata, Oman og Jemen er ikkje definerte, så den eksakte storleiken til landet er ukjend. Staten har estimert arealet til å vere 2 217 949 kvadratkilometer. Mindre enn 1 % av det samla arealet høver for oppdyrking og tidleg i 1990-åra varierte folkefordelinga stort mellom byar på aust- og vestkysten, tett folkesette oasar i dei indre områda og enorme, nesten tomme ørkenar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Kart over Dronning Maud Land i Antarktis
Kart over Dronning Maud Land i Antarktis

Dronning Maud Land er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland. Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett. Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis. Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), gemalinna til kong Haakon VII.

Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ei demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11
Folkedansgruppa «Kirilind» i estiske nasjonaldrakter
Folkedansgruppa «Kirilind» i estiske nasjonaldrakter

Estisk kultur utgjer ei blanding av ei gammal nasjonalarv, som det estiske språket, og strøymingar frå nordiske og europeiske kulturelle aspekt. Dagens Estland har historisk vore folkesett av estisktalande folk, som framleis utgjer majoriteten i landet. Minoritetar som svenskar, tyskarar og russarar har busett seg her i nyare tid. Mange estarar rekner seg sjølv som nordiske og ikkje baltiske. Estisk er nært i slekt med finsk, ikkje baltiske språk.

På 1800-talet blei ein meir definert estisk kulturell identitet driven fram, i ei tid då romantikken og nasjonalismen stod sterkt i Europa. Støtte frå tyskspråklege «estofilar» frå øvre samfunnslag hjelpte den estiske nasjonale oppvakninga (Ärkamisaeg) som ende med erklæringa av Estland som ein sjølvstendig republikk i 1918. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12
Sana
Sana

Sana (òg skrive Sanaa eller Sana'a) er den største byen i Jemen. Etter den jemenittiske grunnlova er Sana hovudstaden i landet, men setet til den internasjonalt anerkjente regjeringa flytta til Aden etter statskuppet i Jemen i 2014.

Sana er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Han ligg i ei høgd på 2300 meter over havet og er òg ein av dei høgastliggande hovudstadane i verda. Sana har opp under 2 millionar innbyggjarar og er den største byen i Jemen. Gamlebyen i Sana er innskriven på verdsarvlista til UNESCO og har ein unik arkitektur, mellom anna fleire etasjar høge bygg dekorerte med geometriske mønster. I konflikten som rasa i 2015 vart verdsarvstaden råka av fleire bomber. Den store moskeen i Sana ligg i gamlebyen og er den største i byen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13
Døgnrytme
Døgnrytme

Døgnrytme er eit resultat av ulike biologiske prosessar som styrer rytmiske gjentakingar av biokjemiske, fysiologiske og åtferdsmessige fenomen hjå både planter og dyr. Døgnrytmar vert studert innanfor vitskapsgreina kronobiologi.

Rytmane er internt genererte, og dei held fram også når det ikkje finst ytre påverknad, til dømes i konstant mørke. Perioden, om lag 24 timar, er ikkje påverka av temperatursvingingar. Rytmane vert justerte etter eksterne signal, primært dagslys og vekslinga mellom lys og mørke. Visse celler, tekne frå hjernen til laboratoriedyr, held fram med å vise rytmen i vekevis i ei skål med næringsstoff. Den indre «klokka» kontrollerer og koordinerer dei daglege mønstera for søvn og aktivitet, torste, appetitt og matmelting, kroppstemperatur, hormonproduksjon og andre biologiske fenomen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar. Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.

Hovland studerte ved Universitetet i Bergen 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo. Ragnar Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Han skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk. Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin. I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15
Corvus cornix
Corvus cornix

Kråkefamilien (Corvidae) er ein biologisk familie av sporvefuglar med kosmopolitisk utbreiing som inneheld kråker, ramnar, kaier, skrikjer og skjorer. Ramn og tjukknebbramn er dei største artane av alle sporvefuglar. Slekta Corvus, med kaier, kråker og ramnar, utgjer over ein tredjedel av heile familien som totalt samlar om lag 125 artar.

Dei er sett på som intelligente fuglar, og blant dei mest intelligente av alle dyr - til dømes har skjor demonstrert sjølvmedvit i spegltestar, kråke og kornkråke har vist evne til å lage verktøy, eigenskapar som inntil nyleg var rekna som særmerkte for menneske og nokre få andre høgare pattedyr. Masseforholdet hjerne til kropp er lik det ein finn hos aper og kvalar, og berre litt lågare enn hos menneske. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16
Bergkunst i Gobustan
Bergkunst i Gobustan

Aserbajdsjansk historie tek for seg historia til eit område i Kaukasusområdet i Eurasia. Innbyggjarane i Aserbajdsjan er etnisk varierte, men flesteparten er aserbajdsjanarar, eit tyrkisk folkeslag som utgjer om lag 9 millionar menneske i den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan.

Under medisk og persisk styre tok mange kaukasiske albanarar til seg parsismen og konverterte så til kristendomen før dei muslimske arabarane og dei meir viktige muslimske tyrkarane tok over. Tyrkarane trur ein kom i små grupper av ghazi-krigarar som erobra området og tyrkifiserte innbyggjarane, som tok til å snakke tyrkiske språk og konverterte til islam i løpet av ein periode på fleire hundreår. Etter meir enn 80 år under Det russiske imperiet, vart Den demokratiske republikken Aserbajdsjan grunnlagd i 1918. Staten vart invadert av sovjetiske styrkar i 1920 og vart verande under sovjetarane fram til Sovjetunionen braut saman i 1991. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17
Område i havrett
Område i havrett

Havrettstraktaten (engelsk United Nations Convention on Law of the Sea, UNCLOS) er ein internasjonal avtale som regulerer ferdsel og økonomisk aktivitet på opent hav, og rettane kyststatar har til nære havområde. Havrettstraktaten vart naudsynt fordi den gamle tesen om «Mare Liberum» ikkje fungerte i ei moderne verd. Ideen om Mare Liberum (altså eit fritt og ope hav) vart først formulert av den nederlandske tenkaren Hugo Grotius i ei bok med same namnet frå 1609. Før denne tid var det uklårt kva rettar som gjaldt på det opne havet.

Tre havrettskonferansar i regi av SN gav havrettstraktaten som resultat. Traktaten vart opna for signering i 1982 og var gyldig internasjonal rett i 1994 då 60 land hadde ratifisert avtalen. Havrettstraktaten har skapt universelle reglar for korleis konfliktar med omsyn til bruk av havet skal løysast, kven som har forvaltningsansvar for havområde og rettar til ressursar i internasjonalt farvatn. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18
Charles James Fox måla av Karl Anton Hickel
Charles James Fox måla av Karl Anton Hickel

Charles James Fox (1749–1806) var ein britisk politikar som var medlem av whigpartiet. Han var kjend for sin motstand mot slaveriet, og si støtte til sjølvstende for USA. Han var minister i fleire britiske regjeringar, år 1782 var han Storbritannias fyrste utanriksminister.

Fox var truleg den mest låtteleggjorde person i England i det 18. hundreåret, det mest berømte dømet var James Gillray si framstilling av Fox som ein jakobinsk skurk. Kongen såg på Fox som ein utan moral og som fordervar av sin eigen son. Også dei evangelisk-kristne rørslene som var i frammarsj, fordømte utskeiingane hans. Tilsynelatande var Fox lite plaga av dei kritiske røystene, han tok sjølv vare på ein del av karikaturane. Ein ven av han sa at sidan «respekten frå omverda var så å seie uoppretteleg, vart han så forherda overfor det som vart sagt om han at han aldri heldt tilbake ein einaste tanke, ei heller dempa han eit einaste uttrykk i offentlege samanhengar». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19
Charles James Fox måla av Karl Anton Hickel
Charles James Fox måla av Karl Anton Hickel

Bolinder-Munktell er ein tidlegare svensk traktor- og maskinprodusent som vart grunnlagt i 1932 i Eskilstuna, ved at Munktells Mekaniska Verkstad gjekk saman med J & C G Bolinders Mekaniska Verkstad. Føretaket er vidareført i det noverande føretaket Volvo Construction Equipment.

Bolindeer-Munktell er best kjent for traktorane sine, som heilt til fyrst på 50-talet hadde tosylindra glødehovudmotorar (semidieselmotorar) som gjekk på råolje. Dette var totaktsmotorar, med ein noko spesiell lyd. I perioden 1964–1981 produserte Bolinder Munktell rundt 5000 rammestyrte beltevogner av typen BV202. Desse vart nytta av militæret i Sverige, Noreg, Nederland, Storbritannia og Canada. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20
Bogekorps
Bogekorps

Bogekorps er ein organisasjon for og av born, der eksersis, marsjering, idrett, turar og utflukter er vesentlege element og der offiserane er til støtte for dei unge soldatane. Bogekorps blei skipa på midten av 1800-talet i mange byar, men i dag finst dei berre i Bergen. Alle andre stader har dei forsvunne.

Bogekorpsa er mest aktive om våren, og dei er eit vårteikn for bergensarane. Hausten blir bruka til å førebu neste sesong, og til val, rekruttering og verving. Kvart korps prøver å få gutar og jenter til å begynne, og det er konkurranse om flest nybegynnarar. Den norske grunnlovsdagen 17. mai stiller alle bogekorpsa i Barnetoget, som er ein av to prosesjonar som går parallelt.

Ein del bogekorps har lengre turar etter at sesongen er over. Turane går til andre norske byar og til andre land. Ein av dei lengste turene har vore til Seattle der Nordnæs Bataillon deltok i ein parade. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21
Inés de Suárez
Inés de Suárez

Inés de Suárez (1507–1580) var ein kvinneleg conquistador frå Spania som tok del i erobringa av Chile-territoriet og forsvarte Santiago mot eit åtak frå mapuche-folket i 1541. Ho var elskarinna til conquistadoren Pedro de Valdivia og blei til slutt gift med den chilenske guvernøren Rodrigo de Quiroga.

I 1541 hadde Suárez ei viktig rolle då Santiago var under åtak frå mapuchefolk leia av Michimalonco. Suárez bar mat og vatn til mennene i kampen, pleidde såra, og gav dei oppmuntring og trøyst. Seinare stod ho for halshogginga av sju indianarar dei hadde som gislar og kaste hovuda ut blant åtakarane for å skremme dei. Etter at dei sju vart halshogne og hovuda kasta ut blant indianarane, kledde de Suárez seg med brynje og hjelm, kasta ei kappe over skuldra, og la ut med den kvite hesten sin. Spanjolane drog føremon av forvirring og uorden skapt blant indianarane, og inspirert av den modige kvinna som nå leidde dei, lykkast spanjolane i å drive den uorganiserte styrken ut frå byen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22
Miles Davis
Miles Davis

Jazz-fusion, jazzrock eller berre fusion ein musikksjanger som blandar jazz med element frå andre musikkstilar, hovudsakleg funk, rock, R&B, ska, elektronisk og verdsmusikk, men òg pop, klassisk og folkemusikk, eller stundom til og med metal, reggae, country, hip hop og meir. Fusionalbum kan ha mange stilartar innanfor same album.

Seint i 1960-åra byrja jazzmusikarar å blande formene og improvisasjonsteknikkane i jazz med elektriske instrument frå rock og rytmar frå soul og rhythm and blues. Samstundes byrja enkelte rockeartistar å leggja til element av jazz i musikken sin. Trompetisten og komponisten Miles Davis hadde stor innverknad på utviklinga av jazz-fusion. I England vart fleire band assosiert med jazzrock, som Soft Machine, Blood, Sweat & Tears og Chicago. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23
Kart over Oman
Kart over Oman

Oman er eit arabisk land på søraustkysten av Den arabiske halvøya. Det har ein strategisk viktig plassering ved munningen av Persiabukta, med grense til Dei sameinte arabiske emirata i nordvest, Saudi-Arabia i vest og Jemen i sørvest, og maritim grense mot Iran og Pakistan. Kysten er forma av Arabiahavet i søraust og Omanbukta i nordaust. Eksklavane Madha og Musandam er omgjevne av UAE med Hormuzsundet og Omanbukta langs kysten av Musandam.

Frå seint på 1600-talet var det omanske sultanatet eit mektig rike, og kjempa med Portugal og Storbritannia om makt i Persiabukta og Indiahavet. På det største på 1800-talet strekte den omanske makta seg over Hormuzsundet til dagens Iran og Pakistan, og så langt sør som Zanzibar. Då makta vart svekka på 1900-talet, kom sultanatet under britisk påverknad. Historisk var hovudstaden Muscat den viktigaste hamnebyen kring Persiabukta, og ei av dei viktigaste i Indiahavet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24
Toget over Bält
Toget over Bält

Karl Gustav-krigane (1655–1660) vart utkjempa mellom Sverige og fiendane Det polsk-litauiske samveldet, Russland, Brandenburg-Preussen, Habsburgmonarkiet og Danmark-Noreg. Dei sameinte Nederlanda blanda seg ofte inn mot Sverige.

I 1655 invaderte og okkuperte Karl X Gustav av Sverige det vestlege Polen-Litauen, den austlege halvdelen var alt okkupert av Russland. Den raske svenske framrykkinga vart i Polen kjend som «den svenske syndfloden». Storhertugdømet Litauen vart eit svensk len, dei polsk-litauiske armeane overgav seg og den polske kognen Jakob II Kasimir Vasa flykta til habsburgarane. Då Karl X Gustav døydde i februar 1660, underteikna etterfølgjaren hans freden i Oliva med Polen-Litauen, Habsburg og Brandenburg i april og Freden i København med Danmark i mai. Sverige fekk helde dei fleste områda dei hadde fått i avtalen i Roskilde, hertugdømet Preussen vart ein suveren stat, og elles gjekk områda stort sett tilbake til slik dei hadde vore før krigen starta. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25
Omfalos i Delfi
Omfalos i Delfi

Delfí er ein sentral arkeologisk funnstad i Hellas. I dag er det namnet på ein landsby og ein kommune i periferieininga Fokída i periferien Sentral-Hellas. Delfí ligg på eit platå i fjellsida på Parnassós, ved sidan av heilagdomen til Apollon, orakelet.

I antikken var det staden for det viktigaste orakelet til guden Apollon. Den greske verda følte ærefrykt for Delfí på grunn av omfalos-steinen, «verdas navle» og sentrum i universet. I den indre eldstaden i tempelet til den delfiske Apollon brann ein evig flamme Etter slaget ved Plaitaia sløkte dei greske byane sine flammar og førte ny eld frå eldstaden til Hellas. I grunnleggingsfortellingane om dei greske koloniane vart kolonistane først vigde ved Delfí. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26
Donovan i 1969
Donovan i 1969

Donovan (fødd Donovan Philips Leitch i 1946) er ein skotsk songar og låtskrivar frå Glasgow. Han dukka opp i det britiske visemiljøet og utvikla ein særeigen stil der han blanda viser, jazz, pop, psykedelia og verdsmusikk. Han bur i dag i County Cork i Irland.

Donovan var ein av dei fremste britiske plateartistane på 1960-talet. Han produserte fleire hitplater og singlar mellom 1965 og 1970. Han vart ven med leiande popmusikarar som Joan Baez, Brian Jones, Bruce Springsteen og The Beatles. Han påverka både John Lennon og Paul McCartney då han lærte dei fingerplukkestilen sin på gitar i 1968. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27
Donau ved grensa mellom Slovakia og Ungarn.
Donau ved grensa mellom Slovakia og Ungarn.

Donau er den nest lengste elva i Europa (etter Volga) med ei lengd på 2 888 kilometer. Ho har utspring i Schwarzwald sør i Tyskland der dei to elvane Brigach og Breg renn i hop, og på vegen ned til Svartehavet renn ho gjennom hovudstadane Wien, Bratislava, Budapest og Beograd. Elva renn gjennom, eller grensar til, ti land: Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova og Ukraina.

Donaudeltaet, der Donau renn ut i Svartehavet, er det største og best bevarte elvedeltaet i Europa. Det har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1991. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28
Trollstigen i 2015
Trollstigen i 2015

Trollstigen er ein veg med elleve hårnålssvingar i ei bratt fjellside i Romsdalen i Noreg. Han er ein del av fylkesveg 63 i Rauma kommune og utgjer ein stor del av fjellovergangen til Valldal i Norddal kommune. Trollstigen går frå Knutsetra i Isterdalen til Stigrøra (700 moh.), medan sjølve fjellovergangen fortset over Alnesreset (høgaste punkt 850 moh.) over Slettvikane til Øvstestølen i Valldal. Trollstigen inngår i den 106 km lange nasjonale turistvegen frå Langvatn på Strynefjellet til Sogge bru i Romsdalen.

Vegen er vinterstengt mellom Langdal i Valldal og Isterdalen, normalt frå seint i oktober til siste del av mai. Han har ei stigning på opp mot 10 %. I høgsesongen passerer på det meste 3 000 køyretøy på ein dag, medan gjennomsnittet for juli 2012 var 1860 køyretøy dagleg. I juni, juli og august 2012 passerte til saman 130 000 køyretøy. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29
Sæterhytten på Dronningberget
Sæterhytten på Dronningberget

Dronningberget er ein kolle i den nordlege delen av halvøya Bygdøy i Oslo. Området er rundt 75 mål i utstrekning og tilhøyrer Bygdøy Kongsgård. Det blei opparbeidd som park på 1700-talet. Parken fekk namn etter dronninga til kong Karl Johan, Desideria. Dronningberget blei sett i stand som park og gjeve i gåve frå regjeringa til kong Harald V og dronning Sonja til 70-års-dagane deira i 2007.

På kollen er det gamal hassel- og lindeskog. Det finst ein svært rik soppflora, med nærare 170 registrerte soppartar. Dronningberget har den største førekomst av utrydningstrua artar i Noreg, så å seie alle soppar. For osloslørsopp (Cortinarius osloensis) og lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) utgjer denne kollen halvparten av det globale leveområdet til artane. Naturen åleine gjer Dronningberget internasjonalt verneverdig. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30
Sæterhytten på Dronningberget
Sæterhytten på Dronningberget

Paddene i Austefjorden er ei stor gruppe padder ved Austefjorden i Volda kommuneSunnmøre. Litlevatnet i Austefjorden er ynglestaden for ein av dei største paddebestandane i Europa, estimert til 10 000-12 000 individ. På grunn av den nye Kvivsvegen var bestanden truga av sterk desimering.

To ihuga naturvernarar tok på slutten av 1980-åra opp arbeidet med å finne fram til løysingar for å unngå katastrofen og for å påverke Statens vegvesen til å ta omsyn til paddene når vegen skulle byggast. Det vart til sist funne fram til ei løysing på problemet, som medførte at det vart laga eit system med leideveggar (amfibiekulvertar) på vegsidene og sju 20 til 30 m lange «paddetunnelar» under vegbana. Anlegget, som truleg er det einaste av sitt slag i Noreg, vart ferdig bygt i 2012 med ein kostnad på over ein million kroner. Paddeprosjektet i Austefjorden er etter kvart blitt litt av ein attraksjon, med ein paddestatue, informasjonskilt og ein app. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31
Jomfrutårnet som opphaveleg vart reist 1299–1304.
Jomfrutårnet som opphaveleg vart reist 1299–1304.

Akershus festning er ei festning og eit slott i Oslo. Festninga ligg strategisk til på Akersneset i Oslo.

Borga har overlevd fleire omlægringar, og har aldri vorte teken med makt av ein fiendtleg, utanlandsk hær. Festninga var under tysk kommando 1940-1945, men vart aldri teken, kommandoen vart overgjeven både i 1940 og i 1945. Området er framleis militært, og det daglege vakthaldet blir ivareteke av Hans Majestet Kongens Garde. Forsvarsmuseet, Heimefrontmuseet og Forsvarsstaben har lokale på Akershus Festning.

Festninga er representasjonstad for regjeringa der ein markerer store jubileum og held offisielle middagar ved statsvitjingar og andre viktige hendingar. I tillegg er anlegget gravminne for kongefamilien, dronning Maud, Håkon VII, Olav V og Märtha er gravlagde i Det kongelege mausoleet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32
Roskilde domkyrkje
Roskilde domkyrkje

Roskilde domkyrkje ligg i Roskilde i Danmark. Ho er den mest sentrale kyrkja i landet fordi ho er gravkyrkja for dei danske regentane og har vore det frå 1400-talet til i dag. Kyrkja inneheld gravene til 39 kongar og dronningar.

Domkyrkja er i dag ei luthersk domkyrkje med tilknytning til Folkekirken, hovudkyrkje for Roskilde stift og vart betrakta som ein nasjonal heilagdom. I 1995 vart kyrkja teken med på UNESCO si verdsarvliste mellom anna på grunn av sin meisterlege arkitektur, kunstnariske utsmykking og historiske tyding. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33
Kiruna.
Kiruna.

Kiruna er ein svensk by i Norrbottens län. Han er den største tettstaden i landskapet Lappland med 17 037 innbyggjarar (2015). Han er administrasjonssenter for Kiruna kommune.

Byen vart grunnlagt i 1900. Kiruna er eit utprega gruvesamfunn som ligg mellom dei to fjella Luossavaara og Kiirunavaara, begge med store jernmalmførekomstar, og på sørhellinga av det tredje fjellet Haukivaara, som omsluttar byen. Staden byrja å vekse fram i samband med at utvinninga av malm for alvor byrja i 1898. Sjølve bybusetnaden ligg delvis over malmførekomstane. Eit av bustadområda frå den tidlege historia til byen har vorte avstengt på grunn av faren for at grunnen skal gje etter. Dei siste åra har problemstillinga vorte ytterlegare aktuell, då det no blir brote malm slik at både jernbaneområdet, E10 og andre bustadområde blir utsett for same fare for at grunnen kan rase ut, og faktisk på sikt at bykjernen ligg utsett til. Difor er flytting av sentrale delar av byen alt under planlegging. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34
Karahavet.
Karahavet.

Karahavet er ein del av Nordishavet nord for Sibir. Det grensar til Karasundet og Novaja Zemlja i vest med Barentshavet på andre sida, og til Severnaja Zemlja i aust med Laptevhavet på andre sida. Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekt av is over ni månader av året.

I nord går grensa til Karahavet geografisk langs linja frå Kapp Kohlsaat på Graham Bell-øya i Frans Josefs land til Kapp Arktis, det nordlegaste punktet på Komsomoletsøya i Severnaja Zemlja. Karahavet mottar store mengder ferskvatn frå elvane Ob, Jenisej, Pjasina og Tajmyra, så saliniteten varierer mykje. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35
Kenguruar på Kenguruøya
Kenguruar på Kenguruøya

Kenguruøya er den tredje største øya i Australia, etter Tasmania og Melvilleøya. Øya ligg 112 km sørvest for Adelaide ved innløpet til Saint Vincent-bukta. Ho er 153 km lang og dekker ei flatevidd på 4 405 km². På det næraste ligg Kenguruøya 13 km frå det australske fastlandet, det er Cape Jervis på odden av Fleurieu-halvøya i delstaten South Australia. Øya høyrer til den same delstaten. I fylgje ei folketeljing halden i 2011, budde 4 417 menneske på øya. Folketilveksten har minka i dei seinare åra, då mange av dei unge flyttar over til fastlandet.

Kenguruøya fekk namnet sitt av tidlege europeiske oppdagarar leia av Matthew Flinders på grunn av kenguruane dei fann her. Aboriginarar på fastlandet kalla øya «Karta» ('Daudeøya'). Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36
Det europeiske flagget, teke i bruk som symbol for Den europeiske unionen i 1986.
Det europeiske flagget, teke i bruk som symbol for Den europeiske unionen i 1986.

EU-striden gjeld spørsmålet om Noregs tilknyting til Den europeiske unionen, den mest omstridde politiske saka i Noreg etter 1945.

Striden om Noregs tilknyting til EU kan delast i fire fasar; 1961–1962, 1967, 1970–72 og 1991–94. Dei to siste fasane førte fram til folkerøystingane i 1972 og i 1994. Begge folkerøystingane endte med eit klårt nei-fleirtal til norsk EU-medlemskap i alle dei norske fylka, utanom i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold (ja-fleirtal i 1994) og Vestfold. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37
Stortingsbygningen
Stortingsbygningen

Stortingsbygningen ligg på Karl Johans gate i Oslo, i området som vert avgrensa av Karl Johans gate, Akersgata og Wessels plass. Bygningen er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet og innvigd 5. mars 1866, og har frå då av vore hovudsete for Stortinget, den norske nasjonalforsamlinga. Byggjearbeidet hadde teke nærare fem og eit halvt år.

Frå 1814 og fram til 1854 heldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole. Staten tok etter kvart over heile bygningen medan ein venta på eit spesiallaga stortingsbygg. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. Planane om ein permanent stortingsbygning var stadig framme til drøfting, med mange ulike framlegg om val av tomt. I 1855 kjøpte regjeringa den noverande tomta med samtykke frå Stortinget. Same året blei det lyst ut ein arkitektkonkurranse. Langlet kom tilbake frå Italia med eit utkast han ikkje hadde rokke å levera innan fristen. Dette utkastet vekte merksemd og fekk mange tilhengjarar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38
Pietro Locatelli
Pietro Locatelli

Pietro Antonio Locatelli (1695-1764) var ein italiensk fiolinvirtuos og komponist under barokken. Han var fødd i Bergamo. Som 16-åring reiste han til Roma der han kan ha studert under Corelli. Etter ca. ti år i Roma reiste Locatelli gjennom Europa og gav konsertar før han til slutt slo seg ned i Amsterdam i 1729.

Locatelli skreiv hovudsakleg for fiolin. Den tidlege stilen hans er inspirert av Corelli, seinare verk ligg nærare Vivaldi. Locatelli var ein viktig fiolinteknisk nyskapar og ein forløpar for Paganini. L'Arte del Violino (Amsterdam 1733) var ein av dei mest innflytelsesrike musikkpublikasjonane tidleg på 1700-talet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39
Kvitpannealbatross, Thalassarche bulleri
Kvitpannealbatross, Thalassarche bulleri

Stormfuglar (Procellariiformes) er ein biologisk orden av sjøfugl. Dei fire familiane som utgjer denne ordenen er albatrossar, eigentlege stormfuglar, stormsvaler og dukkpetrellar.

Det karakteristiske for alle stormfuglar er at dei lever det meste av livet på opent hav, pelagiske. Dei har ein kosmopolitisk distribusjon over alle verdshava, med det høgaste mangfaldet rundt New Zealand. Dei store stormfuglane er særs gode seglarar, dei flyg over store avstandar med få vengeslag. Dei små artane derimot, flyg med raske vengeslag. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40
Utsnitt av stratovulkan
Utsnitt av stratovulkan

Stratovulkan, òg kalla komposittvulkan, er ein høg, kjegleforma vulkan som består av mange lag med størkna lava, tefra og vulkansk oske. Desse vulkanane er karakterisert av bratte fjellsider og periodiske, eksplosive utbrot. Lavaen som renn frå dei er viskøs og vert avkjølt og størknar før han renn langt bort. Kjelda til magma i denne steinen vert klassifisert som sur eller høgt innhald av silisiumdioksid til intermediær (rhyolitt, dasitt eller andesitt). Dette er i kontrast til mindre visøke basisk magma som dannar skjoldvulkanar (som Mauna Loa på Hawaii), som er breiare og ikkje er så bratte.

Sjølv om stratovulkanar stundom vert kalla komposittvulkanar nyttar vulkanologar hovudsakleg uttrykket statovulkan for å skilje blant vulkanane, fordi alle vulkanar uansett storleik har ein kompositt (lagdelt) struktur. Altså er dei bygd lagvis med masse spydd ut frå utbrot på utbrot. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41
Skilt frå krysset mellom Routes 61 og Route 49.
Skilt frå krysset mellom Routes 61 og Route 49.

Highway 61 Revisited er det sjette studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i august 1965 på Columbia Records. Det er det første dylanalbumet som berre består av elektrisk musikk, etter at berre halve Bringing It All Back Home hadde vore elektrisk og den andre halvdelen akustisk. Albumet vert ofte sagt å dokumentere «den sinte, unge mannen»-perioden i karrieren til Dylan, og kom innimellom dei meir leikne albuma på denne tida. Mange av songane på Highway 61 Revisited er anklagande i ein primitiv, høglytt stil.

På albumet finn ein kjende songar som «Like a Rolling Stone», «Desolation Row», «Highway 61 Revisited» og «Ballad of a Thin Man». Det vert av mange rekna for å vere det beste og viktigaste albumet til Dylan. Artisten sjølv har sagt, «eg vil aldri klare å lage eit betre album enn det... Highway 61 er berre altfor bra. Det er mykje på det albumet som sjølv eg kunne lytta til». Forfattaren Michael Gray har skrive at på mange måtar «byrja» 1960-åra med dette albumet. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42
Deceptionøya
Deceptionøya

Deceptionøya eller Deception Island ('den bedragerske øya') er ei aktiv vulkanøy i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya har ei av dei sikraste hamnene i Antarktis og var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til 1931. Vulkanutbrot i 1967 og 1969 gjorde store skadar på forskingsstasjonane på øya, og det er no berre Argentina og Spania som har basar der. Deceptionøya er utpeikt som eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis for å sørgje for omsyn til natur, forsking, turisme og kulturvern. På grunn av den vulkanske aktiviteten har øya ein unik flora i antarktisk samanheng. Ho er samtidig mellom dei mest besøkte stadene i Antarktis.

Deceptionøya er mellom dei minste av dei elleve hovudøyane i Sør-Shetlandsøyane, og ho ligg sørvest i øygruppa. Øya ligg om lag 100 km nord for Antarktishalvøya, skild av Bransfield Strait, og 1 000 km frå hamnebyen Ushuaia i Argentina som er utgangspunktet for dei fleste cruisa til Antarktis. Øya er ringforma med ein diameter på omtrent 15 km. Over 57 % av øya er dekt av isbrear. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43
Ragnvald Kale Kolsson, eller St Rognvald, i Magnuskatedralen
Ragnvald Kale Kolsson, eller St Rognvald, i Magnuskatedralen

Ragnvald Kale Kolsson (1105–1158) var ein av dei sentrale jarlaneOrknøyane på 1100-talet. Han var ein dugande skald og han skal ha blitt kåra til helgen av pave Celestin III (1191-1198).

Under ei vitjing til Noreg vart Ragnvald jarl overtalt til å gjere ei pilegrimsferd til det heilage landet. I Orknøyingasoga er ferda i 1152 skildra over fem kapittel. Etter at dei hadde vitja Jerusalem, drog dei til Miklagard (Konstantinopel) og vitja den bysantinske keisaren Manuele. Derifrå segla dei til Apulia i Italia, der Ragnvald og mange andre gjekk av skipa, fekk seg hestar og gjorde heimvegen over land. Eit av høgdepunkta i forteljinga, er då Ragnvald møtte Ermingjerd i Narbon (Ermengarde, visekomtesse av Narbonne (1127-1197). Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44
Grensa mellom ordovicium og silurblottlagd på Hovedøya i Noreg med brun leirstein frå silur.
Grensa mellom ordovicium og silurblottlagd på Hovedøya i Noreg med brun leirstein frå silur.

Silur er ein geologisk periode som strekkjer seg frå slutten av ordovicium for om lag 443,7 ± 1,5 millionar år sidan, til byrjinga av devon for om lag 416,0 ± 2,8 millionar år sidan. Som mange andre geologiske periodar er det berglaga som definerer starten og slutten på perioden, men dei eksakte tidspunkta har ein usikkerheit på nokre millionar år. Starten av silur er sett til ei stor masseutrydding der om lag 49 % av dyreslektene forsvann. Denne hendinga vert kalla den ordovikisk-siluriske masseutryddinga.

Silur vart først identifisert av sir Roderick Murchison, som utforska fossilberande sedimentære bergartar sør i Wales tidleg i 1830-åra. Han gav perioden namn etter eit keltisk folk, silurane, og følgde forma som venen Adam Sedgwick hadde oppretta for kambrium. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45
Blunden Harbour, 1930
Blunden Harbour, 1930

Emily Carr (1871–1945) var ein kanadisk kunstnar og forfattar inspirert av kanadiske urfolk og den kanadiske stillehavskysten. Ho var ein av dei fyrste kanadiske kunstnarane til å ta i bruk ein modernistisk og post-impresjonistisk målestil. Carr blei ikkje vidkjend for verket sitt før seint i livet. Etterkvart som ho mogna, tok landskaps- og skogsmotiv i stor grad over frå urfolksinspirerte måleri.

Måleria hennar ken delast inn i fleire fråskilde faser: Tidlege verk, før studiar i Paris; tidlege verk under fauvistisk påverknad frå tida i Paris; ein post-impresjonistisk mellomperiode før ho blei kjend med den såkalla Group of Seven; og ein seinare formell periode, under ein post-kubistisk påverknad frå Lawren Harris og Mark Tobey. Som forfattar var Carr ein av dei første til å skildra livet i British Columbia. The Canadian Encyclopedia omtalar henne som eit kanadisk ikon. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46
Topografisk kart over Russland
Topografisk kart over Russland

Russisk geografi omfattar det meste av dei nordlege områda av superkontinentet Eurasia. Landet er enormt stort, nesten to gonger så stort som USA og meir enn 50 gonger så stort som Noreg, og dekkjer eit areal på 17,1 millionar kvadratkilometer. Russland har ein omkrins på 57 792 km og har den lengste landegrensa i verda. Om lag 2/3 av Russland grensar til vatn. Så godt som heile nordkysten ligg godt nord for polarsirkelen. Det meste av kysten er låst i isen store delar av året, bortsett frå området rundt hamnebyen Murmansk der effekten av Golfstraumen framleis gjer seg gjeldande. Tretten randhav og delar av verdshava Nordishavet, Atlanterhavet og Stillehavet krinsar landet.

Sidan Russland dekkjer så store område er det både einsformig og mangfaldig. Både topografien, klimaet, vegetasjonen og jordsmonnet spenner over enorme avstandar. Frå nord til sør er Den austeuropeiske sletta kledd med tundra lengst nord, så barskog (taiga), så blandings- og lauvskog, sletter (steppe) og halvørken (ved Kaspihavet) ettersom vegetasjonen endrar seg med klimaet. Sibir viser ei liknande inndeling. Russland ligg på nordlege og mildare breiddegrader på den nordlege halvkula og er mykje nærare Nordpolen enn ekvator. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47
Mehrangarh festning i India
Mehrangarh festning i India

Festning (også kalla borg, fort og skanse) er militære konstruksjonar og bygningar for forsvar i krig. Menneske har bygd defensive konstruksjonar i mange tusen år og i ulike komplekse utgåver. Festninga sørgjer for å utnytte terrenget og omgjevnadene på ein måte slik at forsvararen betre får utnytta våpen og soldatar. Omgrepet kjem frå latin, fortis, «sterk» og facere, «å lage».

Festningar var særleg viktige i mellomalderen. Dei vart utdaterte då kanonane kom i bruk på 1300-talet. Festningsverk i stål og betong fekk ein renessanse på 1800-talet, men utviklinga i moderne krigføring sidan den første verdskrigen har i hovudsak gjort festningar overflødige. Djupe underjordiske bunkerar kan framleis gje noko vern i moderne krig. Mange historiske festningsverk har i moderne tid blitt store turistattraksjonar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48
Jiangxi i Kina
Jiangxi i Kina

Jiangxi (江西, Jiāngxī) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen femner eit relativt flatt område frå elvebreiddene til Chang Jiang i nord til høgde- og fjellandet lenger sør. Jiangxi grensar til Anhui i nord, Zhejiang i nordaust, Fujian i aust, Guangdong i sør, Hunan i vest og Hubei i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 166 900 km². Folketalet vart i 2013 berekna til 45 millionar.

Elvedalen langs Gan er det sentrale området i Jiangxi, og har historisk vore den viktigaste transportruta retning nord-sør i det sørlege Kina. Korridoren langs Gan er ei av få lettreiste ruter gjennom det elles fjellrike og ulendte terrenget i søraust. Denne korridoren var den primære ruta for handel og kommunikasjon mellom slettene i Nord-Kina og Chiang Jiang-dalen i nord, med landområda i det som i dag er Guangdong-provinsen i sør. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49
Oriontåka teikna av Charles Messier
Oriontåka teikna av Charles Messier

Messierkatalogen er ein astronomisk katalog over tåkeliknande objekt påbegynt av den franske astronomen Charles Messier. Messier var ein kometjeger og starta på katalogen i 1758 for at han og andre kometjegarar ikkje skulle forveksla dei diffuse tåkeliknande objekta på nattehimmelen med ekte kometar.

Katalogen inneheld 110 objekt med Messiernummer frå M1 til M110. Han omfattar mellom anna gasståker, opne stjernehopar, planetariske tåker, kulehopar, galaksar og éi dobbeltstjerne. Nokre av objekta har også skildrande namn, som Krabbetåka, Ringtåka, Sigargalaksen og Sombrerogalaksen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50
Oslo Nye Teater
Oslo Nye Teater

Oslo Nye Teater er eit teater i Oslo, eigd av Oslo kommune. Teateret har hovudscena si i eige teaterhus i Rosenkrantz' gate 10, og har biscener i Centralteatret i Akersgata 38, og dessutan i kjellaren i dette bygget, kalla Teaterkjeller'n. Teateret driv òg dokketeateret Oslo Nye Trikkestallen i den gamle, nedlagte trikkestallen i Torshovgata 33.

Oslo Nye Teater har opphav i A/S Det Nye Teater, skipa 20. november 1918 med staten som den største aksjonæren. Teaterets fyrste premiere gjekk føre seg i provisoriske lokale på Lillestrøm 15. september 1928 med Hamlet av William Shakespeare, der teatersjefen sjølv, Ingolf Schanche, spela tittelrolla. I mai 1924 vedtok representantskapet i A/S Det Nye Teater å kjøpe eigedomen Rosenkrantz' gate 10 og reise eit hus for teateret på tomta. Arkitektane Gudolf Blakstad og Jens Dunker vart engasjerte, og prosjekterte eit betongbygg i forenkla nyklassisistisk stil med drag av funksjonalisme. For å sikre at teateret fekk dei beste og mest moderne bygningstekniske, scenetekniske og akustiske tilhøva, blei det engasjert spesialistar både frå Noreg og utlandet. Grunnsteinen vart lagt ned 15. oktober 1927, kranselag vart feira 3. august 1928, og 26. februar 1929 vart teaterhuset innvigd ved at skodespelet Ved rikets port, fyrste parten av ein trilogi av Knut Hamsun, vart spela i teaterhuset. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51
Pōhutukawablomar
Pōhutukawablomar

Pōhutukawa (Metrosideros excelsa) er eit eviggrønt tre i myrtefamilien. Det blømer praktfullt med ei mengd blomar som har talrike støvberarar. Blomane er som regel sterkt raudfarga, men kan også vera oransje, gule eller kvite.

Treet er naturleg endemisk til New Zealand, og veks helst i kystsona av landet. Det er velkjend for fargerikdommen sin og evna til å klamra seg fast og veksa på bratte klipper, og har ein viktig plass i newzealandsk kultur. Maoriar rekner det som eit hovdingtre (rākau rangatira). Sidan det særleg blømer i siste halvdel av desember på den sørlege halvkula med strålande høgraude blomar har det òg fått tilnamnet newzealandsk juletre. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52
Årar på Fedje kommunevåpen
Årar på Fedje kommunevåpen

Åre eller år er ein reiskap som vert nytta til anten å styre ein farkost med, eller til å drive han fram. Ei år har to hovuddelar, åreskaftet og årebladet. Åreskaftet kan ha eit handtak som roaren dreg eller dyttar. Utforminga av dei ulike delane ymsar etter kva for farkost åra er laga til. Opphavleg vart årar laga av tre, og det er framleis vanleg. Men anna vyrke som glasfiber, plast og metall er vel så vanleg i dag.

Fedje og Herøy kommune har høvesvis to og tre årar i kommunevåpena sine. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024