Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2009

Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024



Uke 1
Omleiringa av Jerusalem markerte den første sigeren i det første krosstoget
Omleiringa av Jerusalem markerte den første sigeren i det første krosstoget

Det første krosstoget vart starta i 1095 av pave Urban II med mål om å frigjere den heilage byen Jerusalem og Det heilage landet frå muslimane og frigjere dei austlege kristne får det muslimske styret. Det som starta som ei bøn frå den austromerske keisaren Alexius I Comnenus om hjelp frå vestlege leigesoldatar til å kjempa mot seldsjukk-dynastiet i Anatolia, snudde raskt til ei veldig folkevandring og erobring av områda utafor Europa. Både riddarar og bønder frå mange nasjonar i Vest-Europa reiste over hav og land mot Jerusalem og erobra byen i juli 1099, der dei oppretta kongedømet Jerusalem og andre krossfararstatar. Desse statane varte i nesten to hundre år og det første krosstoget var eit vendepunkt i utvidinga av dei vestlege maktene, i tillegg til at dei første internasjonale handelsrutene frå vest mot aust vart opna sidan fallet til Vestromarriket. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 2
Romferja Colombia under oppskytning
Romferja Colombia under oppskytning

Romferja Columbia var den første romferja som vart teken i bruk av den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Bygginga av Columbia (1975 - 1979) gjekk føre seg hovudsakleg i Palmdale i California. Denne første ferda med romferja Columbia fekk ferdsnamnet STS-1, ei forkorting av Space Transportation System 1. To astronautar vart skotne opp med romferja den 12. april 1981, på tjueårsjubileumet for menneskeleg romfart.

Om morgonen den 1. februar 2003 var Columbia på veg tilbake til Jorda etter ein 16 dagars lang ferd. Omlag eit kvarter før romferja var planlagt å lande i Florida, mista NASA radiokontakten med romferja. Video-opptak viste at Columbia gjekk i oppløysing over Texas. Både romferja og heile mannskapet gjekk tapt. Ein bit frå drivstofftanken som hadde treft og skada vingen på Columbia, fekk skulda for ulykka.

Romferja Columbia flaug 28 romferder, hadde over 300 dagar i verdsrommet, fullførte 4808 gonger rundt jorda, og flaug over 200 millionar km totalt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 3
Ei statue av Hillél på menoraen ved Knesset.
Ei statue av Hillél på menoraen ved Knesset.

Hillél (ca. 70 fvt.10 evt.) var ein jødisk religiøs leiar og lærar. Han er ein av dei mest vørdte historiske figurane i jødedommen.

Hillél var født i Babylonia i det 1. hundreåret fvt. Familien hans var ætta frå Kong David og han studerte hjå dei mest vidgjetne jødiske lærarane («darsjaním») i dei dagane. Hillél blei snart den fremste av alle studentane. Kunna hans var så djup at alle leiarane av akademiet, «Bene Bathyra», gjekk av til fordel for han. Han blei kjent som den høgaste av alle farisearane, og var i praksis andeleg leiar over alle jødar i resten av livet sitt.

Mellom anna sa han: «Det som du misliker, gjer ikkje det mot nesten din. Dette er heile lova; resten er merknader. Gå no og lær!»

Hillél påverka den jødiske livstilen i stor grad, og den jødiske tradisjonen ser han som eit sinnbilete på korleis ein religiøs leiar må framføre seg. Han sette den jødiske tradisjonen fri frå bokstavleg og streng tolking, og gav jødedom styrken til å overleva alle vanskane som religionen måtte takla i framtida. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 4
Ved å utelata den siste delen i kvart av teikna til keisar Kangxi sitt namn 玄 (xuán) og 燁 (yè) kunne ein omgå det statlege namnetabuet i Kina.
Ved å utelata den siste delen i kvart av teikna til keisar Kangxi sitt namn 玄 (xuán) og 燁 (yè) kunne ein omgå det statlege namnetabuet i Kina.

Namnetabu er ei form for språktabu der ein unngår å bruka visse namn. Både særnamn og samnamn kan omfattast av tabu. Det finst mange ulike former for namnetabu i ulike samfunn, frå forbod mot å omtala byttedyr til forbod mot å skriva namnet til ein keisar, og fleire ulike grunnar til å la vera å bruka namna, til dømes at ein må visa respekt eller trur det vil bringa ulukke å bruka namnet.

Namnetabu kan strekka seg vidare til sjølve språket ved at ein heller ikkje bruker ord som bygger på forbodne namn. Sanksjonar mot å bryta slike tabu kan gå frå irritasjon frå andre i samfunnet til dødsstraff. Ein kan bruka ulike måtar til å omgå namna på, til dømes ved å skildra personen eller ved å bruka ein tittel, eit kallenamn eller ei omskriving.

Det statlege namnetabuet i Kina (国讳; 國諱) var eit forbod mot å bruke personnamnet til keisaren og forfedrane hans. Til dømes vart namnet på ein månad endra frå «zheng yue» (正月, 'den opprette månaden') til «duan yue» (端月, 'den korrekte/opprette månaden') i tida Zheng (政) var keisar. Brot mot dette namnetabuet medførte dødsstraff. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 5
Slaget ved Fontenoy av Édouard Detaille. Olje på lerret.
Slaget ved Fontenoy av Édouard Detaille. Olje på lerret.

Den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) involverte nesten alle stormaktene i Europa. Krigen starta med påskotet om at Maria Teresia av Austerrike ikkje kunne ta over trona til Habsburgmonarkiet fordi den saliske lova utelukka kvinner i arverekkefølgja.

Den lengste og viktigaste delen av krigen var kampane mellom Preussen og Habsburgmonarkiet om regionen Schlesien. Forskjellige andre stormakter deltok i krigen til forskjellige tider, men det som etter kvart vart overraskande var kvaliteten til dei prøyssiske styrkane, som var ein profesjonell hær og ikkje berre ein flokk leigesoldatar slik soldatvesenet stort sett hadde vore før. Det sørvestlege Tyskland, Nederlanda og Italia var slagmarker mellom Frankrike og Austerrike. Spania og Kongedømet Bayern var allierte til Frankrike og Preussen, dei hadde kjempa saman sidan trettiårskrigen. Austerrike vart støtta av Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda, tradisjonelle fiendar av Frankrike. Andre som i periodar støtta Austerrike var mellom andre Kongedømet Sardinia og Sachsen.

Krigen enda med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, der Maria Teresia fekk overta etter faren sin. Det einaste landområdet ho tapte var Schlesien. Les meir ...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 6
Ein okkludert mesosyklon-tornado.
Ein okkludert mesosyklon-tornado.

Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå cumulonimbusskyer (toreskyer), eller i sjeldne tilfelle cumulusskyer, og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synleg som ei smal, traktforma sky, der den smale enden av «trakta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.

Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 175 km/h, er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 480 km/h, vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar.

Dei har vore observert på alle kontinent utanom Antarktis, og ein stor del av dei kraftigare tornadoane oppstår i USA på grunn av den unike topografien og vêrforholda der.

Ordet «tornado» kjem av det spanske ordet «tronada» som tyder «torevêr». Dette kjem igjen av det latinske ordet «tronar» som betyr «tore». Andre ord for tornado er kvervelvind, trombe (som er mykje svakare enn vanlege tornadoar), skypumpe (tornado som oppstår over vatn) og støvkvervel (som er ein relativt svak og lite omfangsrik kvervelvind). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 7
Døme på naturleg utval; individet til høgre overlever fordi han gjennom arvbar variasjon er vorten i stand til å ta i bruk ressursar dei andre ikkje klarar å nyttegjera seg. Dette gjev han mogleiken til å formeira seg, noko som førar til at gena hans over tid vert meir talrike enn dei andre sine.
Døme på naturleg utval; individet til høgre overlever fordi han gjennom arvbar variasjon er vorten i stand til å ta i bruk ressursar dei andre ikkje klarar å nyttegjera seg. Dette gjev han mogleiken til å formeira seg, noko som førar til at gena hans over tid vert meir talrike enn dei andre sine.

Evolusjonsteorien er den vitskaplege forklaringa på korleis evolusjon - danninga og endringa av artar - går føre seg.

Teorien baserer seg på Darwin sine teoriar, komplettert med nyare forsking som ikkje var kjend for Darwin; ein kallar gjerne difor dagens versjon nydarwinisme. Evolusjonsteorien er i dag særs omfattande, og vert nytta som eit viktig forklaringsverkty innanfor ei rekkje ulike fagdisiplinar. Spesialistar innanfor teorien vert kalla evolusjonsbiologar.

I moderne evolusjonsteori vert det ofte skild mellom seks ulike faktorar; evolusjonsfaktorane, som ein reknar som gode nok til å forklara evolusjonære endringar innanfor artar (mikroevolusjon): Naturleg utval, seksuell seleksjon, mutasjonar, rekombinasjon, migrasjon og gendrift. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 8
Ein ung Charles Darwin.
Ein ung Charles Darwin.

Charles Robert Darwin (12. februar 1809 - 19. april 1882) var ein vidgjeten britisk naturforskar. Han vert rekna for å vere grunnleggjaren av utviklingslæra; læra som fortel at evolusjon ved naturleg utval har forma livet på jorda. Såleis har han vorte den mest innflytnadsrike teoretikaren i biologien og er kjend som ein dei viktigaste vitskapsfolk gjennom tidene.

Boka The Origin of Species by Means of Natural Selection, or The Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life, vanlegvis forkorta til The Origin of Species (norsk Artenes opprinnelse), som kom ut i 1859, la fram teorien hans om utvikling gjennom naturleg utval, og vert rekna som hovudverket hans. Descent of Man vert rekna som hans andre viktigaste bok. Darwin publiserte òg ei rekkje mindre verk, om så ulike tema som korallrev, rur, seksuell seleksjon, kroppsspråk og meitemakk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 9
Jólafundurin var eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrka færøysk mål og kultur.
Jólafundurin var eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrka færøysk mål og kultur.

Færøysk (føroyskt) er del av den vestnordiske målgreini, sum rommar måli islendsk, færøysk, moglegvis nynorsk og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli. Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.

Som islendsk har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem. Færøysk er, saman med islendsk og nokre norske og svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno hev dei fire germanske falli: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 10
Amalie Skram som ung.
Amalie Skram som ung.

Amalie Skram (1846 - 1905) er rekna for å vere ein av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg. Skram var fødd i Bergen, men budde frå 1884 til ho døydde i København.

Ho er rekna for å vere ein av dei fremste forfattarane i «det moderne gjennombrotet», saman med mellom andre Alexander Kielland og Jonas Lie. I romanane sine gav ho fyrst og fremst ei kritisk framstilling av dei sosiale tilhøva i samtida si, men ho skreiv også om det indre livet. I det mest kjende verket hennar, Hellemyrsfolket (1887–1898), gjev ho klart uttrykk for den naturalistiske haldninga si, men i seinare verk som Sommer frå 1899 kjem det fram ein meir stemningsfull uttrykksmåte.

Frå ho debuterte i 1885 til ho døydde i 1905, gav ho ut om lag 20 verk. Det meste er romanar, men noko er også noveller og skodespel. I tillegg skreiv Skram ei rekkje litteraturmeldingar i arbeidet sitt som kritikar. Nokre av verka hennar er også filmatiserte. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 11
Medlemmane i The Beatles.
Medlemmane i The Beatles.

The Beatles var ei pop- og rockgruppe frå Liverpool i England som vart danna i 1960. Medlemmene var John Lennon (rytmegitar og vokal), Paul McCartney (bassgitar og vokal), George Harrison (sologitar og vokal) og Ringo Starr (trommer og vokal). Desse fire utgjorde ei gruppe som er av dei mest kommersielt vellukka og kritikarroste gruppene i historia og var leiande i «den britiske bølgja» i USA på midten av 60-talet.

Sjølv om den opphavlege musikkstilen deira hadde røter i rock and roll og skiffle frå 1950-talet, utforska gruppa etter kvart eit vidt spekter av sjangrar; alt frå Tin Pan Alley-musikk til psykedelisk rock, og «Helter Skelter» har mellom anna vorte omtalt som den første heavy metal-songen nokon gong. Kleda deira, hårfrisyrane deira og meiningane dei gav uttrykk for gjorde dei til moteskaparar, samstundes som det veksande sosiale medvitet deira sørgde for at påverknadskrafta deira strekte seg inn i dei sosiale og kulturelle revolusjonane som hende på 1960-talet. Etter bandet gjekk frå kvarandre i 1970 la alle medlemmane ut på solokarrierar.

The Beatles var ein av dei mestseljande musikkartistane på 1900-talet og selde totalt over ein milliard plater internasjonalt. I Storbritannia sleppte dei meir enn 40 ulike singlar, album og EP-ar som alle nådde fyrsteplass. Denne kommersielle suksessen vart gjenteken i mange andre land: plateselskapet deira, EMI, estimerte i 1985 at dei hadde selt over ein milliard plater eller teipar over heile verda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 12
Karl Marx i 1861, i den tida han arbeidde men «Das Kapital»
Karl Marx i 1861, i den tida han arbeidde men «Das Kapital»

Karl Marx (1818 - 1883), var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som vert kalla marxisme.

Sjølv om Marx var oppteken av ei rekkje spørsmål, er han mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.

Medan han levde var han ikkje like kjent som idag; mange av verka hans blei heller ikkje utgjevne under levetida hans. Men kort tid etter at han døydde byrja tankane hans å få stor innverknad på ei større breidd av arbeidarrørsla i mange land. Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 13
Sovande kvalpar
Sovande kvalpar

Søvn hjå dyr kan definerast som ein åtferdsmessig og fysiologisk tilstand hjå organismar som i hovudsak vert kjenneteikna av reversibelt nedsett medvett, liten eller ingen respons på stimuli frå omgjevnaden, som regel motorisk passivitet, og at han er dagleg regelbunden. Hindring av tilstanden fører til ei kompensatorisk auke, lengre og djupare søvn, i ettertid, og individet har ein artstypisk kroppsposisjon for søvn.

Denne definisjonen, med vekt på åtferd, er ulik ein nevrofysiologisk definisjon, der søvn vert definert ut frå hjerneaktivitet, augerørsler og muskeltonus. Organismar må likevel ha eit nervesystem for å sove. Ein søvndefinisjon som er basert på åtferd er den einaste som kan brukast hjå svært enkle dyr. Det er ikkje eingong sikkert at aktivitet hjå dei enklaste dyra er det same som det å vere vaken hjå høgare dyr. Ein har ikkje kunna påvise at alle dyr søv, men mange ulike slags dyr gjer det. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 14
Izrael Poznańskis palass er mellom dei mest kjente landemerka i Łódź.
Izrael Poznańskis palass er mellom dei mest kjente landemerka i Łódź.

Łódź er den tredje største byen i Polen og er hovudsenteret for tekstil- og filmindustrien og elektronikk- og underhaldningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, museum og den verdskjende filmhøgskolen er Łódź eit viktig akademisk og kulturelt senter.

Łódź fikk byretttar av kong Vladislav II Jagello i 1423. Stordomstida kom derimot først på byrjinga av 1800-talet. Den vesle jordbruksbyen, som i 1820 hadde knapt tusen innbyggjarar, vart då omdanna til eit av dei største sentra for tekstilindustri i Europa med over ein halv million innbyggjarar like før første verdskrigen braut ut. Dei to verdskrigane stansa den eventyrlege utviklinga. Łódź sin fleirkulturelle karakter gjekk tapt, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar skapte ein smeltedigel i byen som vart kjent som «Det forjetta landet». Etter den andre verdskrigen vart Łódź den uoffisielle hovudstaden i landet fram til gjenoppbygginga av Warszawa. Den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet tok knekken på tekstilindustrien i byen, men etter å ha satsa på nye teknologibransjar har næringslivet i Łódź fått eit nytt fundament. Det historiske 1800-talssentrumet i byen vert restaurert, og gamle fabrikkompleks vert revitaliserte. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 15
Fleire stader er det høgtidsamt ved første nattverd.
Fleire stader er det høgtidsamt ved første nattverd.

Nattverd er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga.

Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine. Tre av evangelia skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden ein framtredande plass i gudsdyrkinga. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 16
Lez Zeppelin har ei vanleg bandsamansetjing med el-gitar, el-bass, songar og trommer
Lez Zeppelin har ei vanleg bandsamansetjing med el-gitar, el-bass, songar og trommer

Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll. Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vori spela av ei oppsetting med trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire forsongarar.

Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, country og andre musikkstiler.

Påverknaden rock har hatt på samfunnet er særs omfattande og verdsomspennande, og har påverka mellom anna mote og filmstilar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 17
Same med reinsdyr.
Same med reinsdyr.

Reindrift har i mange hundreår vore ein viktig næringsveg i arktiske og andre kjølige område. Næringsvegen er knytt til urfolket i nordlege, gjerne arktiske strok, og vert driven i Noreg, Sverige, Finland, Russland, Mongolia, Kina, Grønland, Kanada og Alaska. I Noreg vert næringa sett på som berar av den samiske kulturen. Reinen blir i første rekkje avla for kjøttet og skinnet, men også horna (geviret), mjølka og trekkrafta blir eller er blitt utnytta.

I Noreg er reindrifta regulert av Reindriftsforvaltningen. Innafor reinbeiteområda i Noreg er det berre personar av samisk ætt som har lov til å drive reindrift. Det vil seie at anten foreldra eller besteforeldra må ha drive med reindrift tidligare. Utanfor desse områda kan andre òg drive med reindrift. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 18
Det estiske flagget.
Det estiske flagget.

Estland er eit land i den baltiske delen av Nord-Europa. Landet dekkjer eit område på 45 227 km² og har eit folketal på omlag 1,3 millionar. Estland har eit temperert klima.

Estarane er i nær slekt med finnane, og estisk språk har mange likskapar med finsk. Det moderne namnet på Estland kjem truleg frå den romerske historikaren Tacitus, som i boka Germania skildra eit folkeslag han kalla Aestii og Aestiorum gentes. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 19
Tamilske jenter i Kalmunai på Sri Lanka. Foto: Sarvodaya, 2005
Tamilske jenter i Kalmunai på Sri Lanka. Foto: Sarvodaya, 2005

Tamilar er ei folkegruppe frå delstaten Tamil Nadu sør i India og det nordaustlege Sri Lanka. Dei snakkar det dravidiske språket tamil, som har ein to tusen år lang nedskriven historie. Fleire tamilske rike har stått for utviklinga av tamilske kunstformer og mektig arkitektur, og har spreidd tamilsk kultur til Søraust-Asia og Indonesia. Tamilar har utvandra mykje og ein finn tamilske utvandrarmiljø i heile verda.

Tamilane på Sri Lanka har frå 1970-talet krevd eigen stat. Dette har medført ein borgarkrig. I 2009 var det kraftige kamphandlingar som drap over 6000 sivile, sende rundt 190 000 på flukt og øydela store delar av det omstridde området. Les meir ...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 20
Bilete frå bandets eldre år
Bilete frå bandets eldre år

The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London då multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards. Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgåva av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenåringsidol, vart offisielt fjerna frå bandet i 1963, men heldt fram å jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985.

Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues- og R&B-songar. Dei oppnådde tidleg suksess i Storbritannia og vart så populære i USA under «den britiske invasjonen» tidleg i 1960-åra. Jagger og Richards danna tidleg eit låtskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet frå den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira «(I Can't Get No) Satisfaction» i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Frå og med albumet Aftermath frå 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, å skape meir varierte songar innafor fleire stilartar.

The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), åtte konsertalbum og mange samlingar. I 1989 vart The Rolling Stones innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone dei på 4. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene. Det lurvete og ungdommelege imaget deira er noko mange musikarar framleis prøve å ta etter. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 21
Cylindroiulus caeruleocinctus
Cylindroiulus caeruleocinctus

Tusenbein eller dobbelføtingar (Diplopoda) er den største og mest mangfaldige gruppa mangefotingar. Dei vert kjenneteikna av å ha to par bein på kvart kroppsring, og finst i jord og på bakken over heile verda utanom Antarktis. Gruppa omfattar for det meste treige nedbrytarar som varierer i storleik frå 2 mm til nesten 39 cm, avhengig av art.

Ein reknar med at det finst 10 000 kjende artar tusenbein i verda, i tillegg til rundt 70 000 som enno ikkje har fått namn. Ein delar dei kjende artane inn i femten ordenar, kor sylindertusenbein Julida er den største. I Norden er sju ordenar representerte med totalt 49 artar.

Namnet tusenbein vert òg stundom nytta om alle mangefotingar. Uansett korleis ein nyttar det er det i utgangspunktet villeiande, det har aldri vorte funne noko tusenbein med så mykje som tusen bein. Rekorden ligg på 750 bein (375 beinpar), som har vorte observert hjå den amerikanske arten Illacme plenipes. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 22
Teikning av Olaf Bull
Teikning av Olaf Bull

Olaf Bull (1883–1933) var ein norsk lyrikar og forfattar, son av folkelivsskildraren og teologen Jacob Breda Bull. Han var mykje populær i si samtid, og kan kallast ein tidleg modernist. Dikta til Bull vitnar om stor kunne og uvanleg sensibilitet, og om kor djupt han sleit med angst og depresjonar. Kjensleregisteret spenner frå dei djupe avgrunnar til augneblinkar av overstrøymande livskjensle. Biletspråket er nær knytt til konkrete fenomen eller situasjonar.

Sentrale motiv i diktinga hans er våren, kjærleiken, kunsten, æva, tida, døden og angsten for tomromet. Fleire av desse motiva kan vera til stades i same diktet. Eit spørsmål som kjem att og att, er om kunstnaren gjennom å skape kunst på sett og vis kan redde det som er dømt til å gå til grunne, bevare det «dypt og blivende» i «digtets evige, unge alabast» som det heiter i det best kjende diktet hans, «Metope», som òg er eitt av dei mest verdsette i norsk litteratur. Det handlar mellom anna om korleis kunstnaren 'vinn' over døden. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 23
C64c
C64c

Commodore 64 er ei heimedatamaskin som vart laga av Commodore Business Machines og kom ut i september 1982. Med omtrent 30 millionar datamaskiner seld, var ikkje dette berre den mest suksessfulle av datamaskinene som var produsert i løpet av 80-talet, men den er også, den mest selde datamaskina gjennom tidene. Den hadde betre grafikk og lyd enn noka anna datamaskin frå den tida. Frå 1982 til Commodore gjekk konkurs i 1994 hadde Commodore 64 meir enn 10,000 utgjevne programvarer, inkludert programmeringsverktøy, kontorverktøy og spel.

Sjølv om ein skulle tru det motsette om ei maskin som er over 25 år gamal, er miljøet rundt C-64 framleis aktivt. Både hobbyprogrammerarar og vanlege brukarar samlast rundt ulike vevstader på internett for å dyrke miljøet vidare.

Då Commodore produserte C-64 på 80 talet, rekna ein ikkje med at levetida skulle halde over 20 år. Dei fleste maskinene har vist å likevel gjere det. Commodore 64 har blitt eit samlarobjekt for nostalgikarar. Ein kan og nytta ein emulator på pc-en for å køyre programvare og spel. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 24
Vokalfirkant for diftongane nytta i australsk engelsk.
Vokalfirkant for diftongane nytta i australsk engelsk.

Ein diftong eller eit tviljod er ein type vokal og skil seg frå dei meir kjende monoftongvokalane ved at ein i uttala sklid frå ein ljodlekk til ein annan i laupet av diftongen, medan det i monoftongen berre er ein ljodlekk som læt. Ein annan måte å seia det på er at ein diftong er ei fylgje av to vokalljod som høyrer til same staving.

Ofte skil ein mellom søkkande (eller fallande) og stigande diftongar. Somme språk skil mellom stutt og lang diftong. Nordsamisk er kjent for å skilja mellom lang, stutt og avsluttande vektlagd diftong, der sistnemnde særmerkjer seg ved at det er sistelekken som er lang.

I norsk skriftspråk er det særleg tre diftongar som førekjem – nemleg ei, øy og au. Andre diftongar, så som ai, oi og eu, førekjem t.d. i utrop og i lånord. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 25
Fiskevær på Bogøya.
Fiskevær på Bogøya.

Fiskevær er ei busetjingsform som finst lang norskekysten frå Vestlandet til Finnmark, og som er mest utbreidd i Nord-Noreg frå Lofoten og nordover til Aust-Finnmark. Busetjingsforma er i hovudsak basert på fangst av sjødyr og fiske, den eldste næringsvegen som kan påvisast i Norden. Difor vert det også hevda at fiskeværet er den eldste busetjingsforma i dette området. Fiskeværet som busetjingsform kan sporast heilt attende til eldre steinalder.

Me har to typar fiskevær, det heilårsbusette fiskeværet med ein kombinasjon av jordbruk og fiske, og rorværet, med få fastbuande og eit folketal som varierer med sesongane. Opp gjennom historia har fiskeværet endra form, med større endringar i yngre steinalder då husdyrhald og jordbruk vart ein del av økonomien, og i mellomalderen, då tørrfisken vart handelsvare. Sams for alle fiskevær er at dei ligg ved gode, naturlege hamner og nær fiskeplassane. Båten har heile tida vore den viktigaste reiskapen for kontakt med omverda, og bygningane i fiskeværet har vore lagt slik til at tilkomsten til sjøen har vore lettast råd. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 26
Tenortrombone
Tenortrombone

Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Ordet trombone kjem frå det italienske ordet tromba som tyder trompet og one som er eit suffiks for stor. Såleis tyder trombone stor trompet. Instrumentet har ulike namn på forskjellige språk, og finst omtalt i musikklitteraturen som posaune, sackbut eller sacbut, basun eller trekkbasun, tromba spezzata med meir. Trombonen har òg nokre aukenamn mellom musikarar, der dei mest brukte er «bone» og «binders». Trombone på fransk er òg ordet for binders.

Den klassiske trombonen vert brukt i moderne orkester som janitsjarkorps (medrekna militærkorps), brassband, storband og symfoniorkester. Han vert òg brukt i mindre besetningar som kammerorkester (trioar, kvartettar og kvintettar), og han vert brukt i grupper som speler swing, jazz, salsa og ska. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 27
Oselvar med sprisegl
Oselvar med sprisegl

Oselvar er namn på ein klinkbygd sørvestlandsk båttype som har vore svært utbreidd i ytre strok av Hordaland.

Båttypen har hatt ei utvikling som går fleire tusen år attende i tid og oselvaren viser tydelege likskapstrekk med både ein rekonstruksjon av Halsnøybåten (ca. år 300 e. Kr.) og Gokstadfæringen (ca. 900 e. Kr.). Frå tidlig på 1500-talet og fram til 1860 vart båttypen eksportert til Shetland og Orknøyane.

Oselvaren vert i dag også nytta til konkurransesegling. Båten har ikkje vekt i botnen eller kjøl og vert berre balansert ved at mannskapet er levande ballast. I frisk vind må dei lena overkroppen ut over ripa og seglinga vert utfordrande og for nokon sopass krevjande at dei kollseglar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 28
Torevêr i den intertropiske konvergenssona dannar eit band av skyer langs det austlege Stillehavet.
Torevêr i den intertropiske konvergenssona dannar eit band av skyer langs det austlege Stillehavet.

Den intertropiske konvergenssonen eller ITCZ, er eit lågtrykksbelte som omkransar jorda ved ekvator. Som namnet impliserer blir han danna ved at varm, fuktig luft frå breiddegradene over og under ekvator konvergerer (møtest). Plasseringa til ITCZ varierer over tid ettersom han flytter seg fram og tilbake over ekvator etter kvar sola er i senit. Han har også ein dagleg syklus der cumulusskyer utviklar seg rundt middag og utviklar seg til toreskyer frå midten til slutten av ettermiddagen.

Variasjon i plasseringa av ITCZ har stor effekt på nedbøren i mange ekvatoriale nasjonar, noko som fører til våte og tørre årstider i staden for varme og kalde, som er vanleg ved høgare breiddegrader. Langtidsendringar av ITCZ kan føre til alvorleg tørke eller flaum i nærliggjande område. Tidlege seglarar kalla dette rolege beltet for «stillebeltet» eller «the doldrums». Å finne seg i denne regionen kunne bety døden når vind var den einaste måten å flytte seg på. Ofte tok ikkje vinden seg opp att før sola sitt senitpunkt flytta seg nordover eller sørover, og stillebeltet følgde etter. Like nord og sør for ekvator bles det til motsats vedvarande passatvindar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 29
Oversiktskart over Indonesia.
Oversiktskart over Indonesia.

Republikken Indonesia er er eit land i Søraust-Asia og Oseania. Landet er verdas største øystat, bygt opp av 17 508 store og små øyar, der Sumatra, Java, Sulawesi, Kalimantan og Papua er dei største. Indonesia er med 240 millionar innbyggjarar det fjerde mest folkerike landet i verda, og er det landet der det bur flest muslimar, endå landet ikkje offisielt er ein islamsk stat. Hovudstaden er Jakarta.

Det indonesiske arkipelet har vore ein viktig handelsregion sidan det sjuande århundret. Seinare har soga til Indonesia vorte påverka av framande makter som jakta på øyane sine naturressursar. Muslimske handelsfolk tok med seg islam, og europeiske stormakter kjempa om kven som skulle få monopolisere handelen på krydderøyane, Molukkane, under oppdagingstida. Etter 350 år med nederlandsk kolonialisme sikra Indonesia seg sjølvstende etter andre verdskrigen.

Indonesia er samansett av mange særskilte etniske, språklege og religiøse grupperingar. Javanesarane er den største og politisk dominerande etniske gruppa. Med omsyn til dette mangfaldet har Indonesia arbeidd med å skape ein felles identitet forma av eit nasjonalspråk, etnisk mangfald, religiøs fridom innan rammane av Islam som dominerande religion, og ei fortid prega av kolonialisme og opprør mot kolonimakta. Indonesia sitt nasjonale motto, «Bhinneka tunggal ika» ('Fleire, jamvel ein'), syner mangfaldet som formar landet. Jamvel har konflikter mellom grupper og regionale separatistrørsler ført til valdelege konfrontasjonar som har gått ut over den politiske og økonomiske stabiliteten.

Trass det store innbyggjartalet og tett folkesette regionar, har Indonesia svære område av villmark som er grunnlaget for verdas nest største nivå av biomangfald. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 30
Bokstavleggjering av metaforiske uttrykk
Bokstavleggjering av metaforiske uttrykk

Ein metafor blir tradisjonelt – og i samsvar med klassisk retorikk – definert som ei overføring av eit ord eller eit uttrykk frå den primære, bokstavlege bruken deira til ein samanheng som framkallar ei ny, biletleg tyding, slik at det er ein slags likskap mellom dei to tydingane. Eit døme har vi i setninga Den påstanden kan eg ikkje svelgje. Verbet svelgje tyder bokstavleg 'med ei muskelrørsle i svelget føre mat, drikke o l ned i matrøyret', men i denne setninga tyder det nærmast 'godta'. Verbet svelgje er ført over frå eit bruksområde som gjeld det å føre mat ned i magen til eit bruksområde som gjeld det å føre idear inn hovudet. Ideane blir jamførde med maten, hovudet (eller hugen) med magen og godtakinga med svelgjinga. Ein nærskyld metaforisk språkbruk har vi når vi seier Dette må eg tyggje litt på. Verbet tyggje tyder bokstavleg 'knuse, male, elte (mat) med tennene', medan det her er nytta i tydinga 'tenkje over litt'. Det å tenkje over ein idé før ein godtek han, blir jamført med det å tyggje maten før ein svelgjer han. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 31
Havbølgje.
Havbølgje.

Havbølgjer er overflatebølgjer som oppstår i det øvre vasslaget i havet eller sjøen. Dei oppstår som regel på grunn av vind eller geologiske effektar, og kan forplante seg tusenvis av kilometer før dei treff land. Storleiken varierer frå små krusingar til enorme tsunamiar. Det er overraskande lite rørsle framover av sjølve vasspartiklane i ei bølgje, sjølv om bølgjene har store mengder energi og rørslemengd som kan føre dei framover.

Både i teori og i røynda har ikkje alle bølgjene i same bølgjefelt den same høgda. Dei fell inn i eit systematisk mønster med varierande storleik. I vêrvarsel og for vitskaplege analysar av bølgjer, vert storleiken av dei uttrykt som «signifikant bølgjehøgd». Denne høgda er gjennomsnittet av den høgaste tredjedelen av bølgjene målt over ein tidsperiode (vanlegvis 10 minutt). Derfor kan enkelte bølgjer vere opp til dobbelt så høge som den signifikante bølgjehøgda. Dei høgaste bølgjene i norske farvatn ser ein som regel på Halten- og Sklinnabanken i Norskehavet ved kraftig vind som breier seg nordaustover frå Atlanterhavet mellom Skottland og Island. Ein kan då få signifikante bølgjehøgder opp mot 15-16 m, med maksimale bølgjer godt over 20 m. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 32
Minnesmerke etter Elliott Smith hjå Solutions Audio i Los Angeles, California.
Minnesmerke etter Elliott Smith hjå Solutions Audio i Los Angeles, California.

Elliott Smith (6. august, 1969 - 21. oktober, 2003) var ein amerikansk musikar og låtskrivar. Hovudinstrumentet hans var gitaren, men han var også dyktig på piano, klarinett, bassgitar, trommer og munnspel.

Etter å ha vore medlem av rockegruppa Heatmiser i fleire år, byrja han som soloartist i 1994. Etter å ha utgjeve eit par plater på dei uavhengige plateselskapa Cavity Search Records og Kill Rock Stars, signerte han etter kvart for det langt større plateselskapet DreamWorks Records. Smith fekk eit gjennombrot med songen «Miss Misery», som vart brukt i filmen Good Will Hunting. Songen vart oscarnominet i 1997.

Smith sleit med depresjonar, alkoholisme og narkotikamisbruk i fleire år, og desse emna kom ofte fram i musikken hans. Han døydde 34 år gammal, etter to knivstikk i brystet. Obduksjonen klarte ikkje å prove om han tok livet av seg eller vart drepen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 33
Bennettøya er den største av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet.
Bennettøya er den største av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet.

Bennettøya er den største av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet. Ho har eit areal på om lag 150 km² og det høgaste punktet er 426 meter over havet. Bennettøya er den av De Long-øyane som har det største isdekket. I 1987 blei isen undersøkt og funne å vera fire ulike isbrear med ein total overflate på 65,87 km².

Bennettøya vart oppdaga av den amerikanske utforskaren George W. DeLong i 1881 og kalla opp etter James G. Bennett, Jr., som hadde finansiert ekspedisjonen. DeLong og andre har hevda amerikansk eigarskap over Bennettøya. I 1994 avsa høgsteretten i Alaska ei kjenning som sa at Bennettøya ikkje er ein del av Alaska. Bennettøya er administrativt ein del av republikken Sakha i Russland. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 34

Fuglar stammar frå ei utdøydd gruppe små tobeinte dinosaurar. Moderne fuglar er karakterisert av fjør, eit nebb utan tenner, dei legg egg med harde skal, dei har høgt stoffskifte, eit hjarte med fire kammer, og eit lett, men sterkt skjelett. Hos alle fuglar har forlemmene utvikla seg til venger. Dei fleste artar har flygeevne. Hundrevis av artar er utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet og for tida er ca. 1200 fugleartar trua av utrydding.

Nokre fugleartar har stor økonomisk verd for menneske, for det meste som føde gjennom dyrehald eller jakt. Andre artar gjev gjøding, guano, dynefyll, dun og fjør, eller er til anna gagn som hjelp under jakt og fiske. Somme vert haldne fanga som populære kjæledyr. Fugleskapningar har vore skildra i kultur innan religion, poesi og populærmusikk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 35
{{{2}}}
{{{2}}}

Frode Grytten (fødd 11. desember 1960) er ein norsk forfattar og journalist. Han voks opp på industristaden Odda i Hardanger, der handlinga i mange av bøkene hans også finn stad. Grytten skriv for det meste på nynorsk.

Han debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Det store gjennombrotet sitt fekk han med romanen Bikubesong frå 1999. Boka er omsett til fleire språk og det er også laga eit teaterstykke med grunnlag i henne.

Grytten har vorte heidra med mellom anna Brageprisen og Rivertonprisen, i tillegg til at han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 36
{{{2}}}
{{{2}}}

Predasjon er ein biologisk interaksjon kor ein organisme (predatoren) tek til seg føde frå ein annan levande organisme (byttet). Predatorar drep ofte byttet før eller i løpet av prosessen.

Den andre hovudforma for næringsinntak hjå heterotrofe dyr er detrivori, det vil seie fødeinntak frå daudt organisk materiale.

Predatorar kan auka det biologiske mangfaldet i samfunn ved å hindra einskildartar frå å bli dominante. Til dømes har mange tareskogar på vestkysten av USA døydd ut som følgje av at havoteren har vorte særs sjeldan, og at predasjonstrykket på kråkeboller såleis har falle drastisk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 37
Keres-angrepet i Scheveningen-varianten i Siciliansk forsvar.
Keres-angrepet i Scheveningen-varianten i Siciliansk forsvar.

Paul Keres (7. januar 1916 – 5. juni 1975) var ein estisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk. Keres var nær ved å få tvikamp om Verdsmeistertittelen i sjakk ved 5 høve, og han gjekk han glipp av tittelkamp på grunn av den andre verdskrigen. Etter krigen vart han nummer 2 i Kandidatturneringa i sjakk i 4 påfølgjande høve.

På grunnlag av desse og andre sterke resultat, har mange kommentatorar rekna Keres for den sterkaste spelaren som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han har blitt kalla «den evige toar» på grunn av dei 4 andreplassane i kandidatturneringa. Han vart også kalla «The Crown Prince of Chess», 'Kronprinsen av sjakk'. I 2000 vart Keres vald som hundreåret sin estiske sportsutøvar. Det er bilete av Paul Keres på den estiske 5 kroon-setelen. Han skal vere den einaste sjakkspelaren i verda som har fått biletet sitt på ein pengesetel. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 38
Porsche-museumet i Stuttgart opna januar 2009.
Porsche-museumet i Stuttgart opna januar 2009.

Stuttgart er ein by sørvest i Tyskland og hovudstad i delstaten Baden-Württemberg. Byen har kring 590 000 innbyggjarar (2007). Stuttgart er eit viktig knutepunkt for jarnvegar og motorvegar, byen har òg ei viktig hamn ved elva Neckar.

Byen er velkjend for sine mange høgteknologiske føretak. I byen finst det to universitet, åtte faghøgskular, to Max-Planck-institutt og mange andre forskingsinstitutt. Stuttgart, som er hovudsete for Porsche og DaimlerChrysler, vert sedd på som ein av fire bil-hovudstader i verda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 39
Huey Long
Huey Long

Huey Pierce Long, Jr. (30. august 1893–10. september 1935) var ein USA-amerikansk politikar frå Louisiana. Long var guvernør i Louisiana frå 1928 til 1932 og senator frå 1932 til 1935. Han var demokrat, kjent for sin radikale, populistiske politikk. Han støtta Franklin D. Roosevelt ved presidentvalet i 1932, men trekte støtta til president Roosevelt i juni 1933.

Long var svært populær i Louisiana for sitt sosiale reformprogram og viljen til kraftfull handling. Motstandarane skulda han for diktatoriske tendensar. 8. september 1935 vart han skadeskoten i delstatsparlamentet i Baton Rouge. To dagar seinare døydde han. Long var modell for romanen All the King’s Men av Robert Penn Warren, som var vorte filmatisert to gonger. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 40
Eit økosystem består av autotrofe (produsentane), predatorar (konsumentar) og Dekomponentar (nedbrytarar)
Eit økosystem består av autotrofe (produsentane), predatorar (konsumentar) og Dekomponentar (nedbrytarar)

Økosystem er eit omgrep i økologien som omfatter eit samfunn av organismar (plantar, dyr og andre levande organismar) som fungerer saman med levemiljøet sitt (sjå biotop/habitat) som ei eining.

Første gongen omgrepet økosystem vart publisert var i 1935, i ein artikkel av den britiske økologen Arthur Tansley. Omgrepet hadde likevel vore brukt tidlegare av Tansleys kollega Roy Clapham i 1930, då han vart spurd om han kunne tenke seg eit passande ord som omfatta dei fysiske og biologiske komponentane i eit miljø sett i høve til kvarandre som ei felles eining.

Organismane i eit økosystem er vanlegvis vel balanserte i høve til kvarandre og til miljøet rundt. Innføring av nye miljøfaktorar eller artar kan ha katastrofale effektar og til slutt føre til at eit økosystem bryt saman eller at innfødde artar døyr ut. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 41

[[Fil:|120x170px|venstre|border|lenke={{{3}}}|Roerich måla fleire bilde inspirert av gammal russisk kultur, som dette bildet av ei ungjente frå 1910.]] Vårofferet (fransk Le Sacre du Printemps) er ein ballett med musikk skriven av den russiske komponisten Igor Stravinskij. Balletten var opphavlig koreografert av Vatslav Nizjinskij. Dei innovative og kompliserte rytmiske strukturane og klangane, gjer saman med den utstrakte bruken av dissonansar stykket til eit av dei viktigaste verka frå den klassiske musikken1900-talet.

Premieren fann stad i 1913 i Paris. Den intense rytmikken og det primitive scenarioet sjokkerte publikum, som var vane med den sømelige klassiske balletten. Den komplekse musikken og dei veldige dansetrinna som skulle førestilla fruktbarheitsritual, gjorde fyrst at publikum begynte å pipa og bua. Då fagottsoloen i opninga begynte og etter kvart blei harmonisert med nokre vage dissonansar, bua publikum høgt. Det var høgrøysta diskusjonar blant tilhengarane og motstandarane av verket, som raskt utvikla seg til roping og nevekamp. Vidare utvikla uroa blant publikum seg til eit reint oppstyr, og sjølv om politiet greip inn i pausen, klarte dei bare å få til nokolunde ro og orden. Kaos dominerte under resten av framføringa, og Stravinskij sjølv skal ha blitt så opprørt at han rømde gråtande frå salen før det var ferdig. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 42
{{{2}}}
{{{2}}}

Guru Nának (1469–1539) var grunnleggjaren av sikhismen og den første av dei ti sikh-guruane.

Nának vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, i nærleiken av Lahore i det noverande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Matta Tripat, var hinduar og høyrde til kjøpmannskasten. Allereie som gutunge var Nának fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reiser.

Ein morgon da han var 28 år gammal gjekk han som vanleg ned åt elva for å taka eit bad og meditere. Det er sagt at han var forsvunnen i tre dagar, og at han da han kom til syne att, fylt med Guds ande, sa: «Det finst ingen hindu og ingen muslim!» Frå denne tida av byrja han på misjonsarbeidet sitt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 43
Profil av Sivert Aarflot
Profil av Sivert Aarflot

Sivert Aarflot (1759–1817) var ein lærar, gardbrukar, lensmann, forfattar, boktrykkar og bladutgjevar i VoldaSunnmøre. Med løyve frå kongen starta han trykkeriet Aarflots prenteverk i 1809, og gav ut avisa Norsk Landboeblad. Dette var både det første trykkeriet og den første avisa på landsbygda i Noreg og truleg det femte trykkeriet i landet. For arbeidet sitt mottok han mellom anna Dannebrogordenen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 44
Stankelbein.
Stankelbein.

Stankelbein (Tipulidae) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei største dyra i gruppa mygg og er utbreidd over store delar av verda. Ein reknar dei som ei av dei mest primitive familiane innanfor tovengene, men stankelbeina er likevel med sine om lag 10 500 skildra artar mellom dei største og mest suksessfulle delgruppene.

Dei eldste stankelbeina me kjenner til er frå baltisk rav frå eocen og oligocen, det vil seie om lag 40 millionar år gamle; artane ein finn her liknar i stor grad på dei ein finn i dag og kan klassifiserast i fleire av dei same slektene. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 45
Gryllefjorden
Gryllefjorden

Gryllefjord er administrasjonssenteret i Torsken kommune i Troms. Staden er eit viktig fiskevær. Allereie i steinalderen har det vore menneske her, og det er gjort fleire funn frå den tida. Det finst 4 gravhaugar frå jernalderen i gardsområdet.

Stortida til Gryllefjord som fiskevær varte eit stykke inn i 1600-talet. I åra 1612 til 1630 var kvantumet i været rundt 2000 våger tørrfisk for året i følgje skattelistene. Dei siste ti åra har Gryllefjord opplevd nedgang i innbyggjartalet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 46
Sergej Prokudin-Gorskij
Sergej Prokudin-Gorskij

Sergej Prokudin-Gorskij (1863–1944) var ein russisk pioner innan fargefotografi. Fargebileta til Prokudin-Gorskij er unike historiske skildringar av det russiske imperiet kort tid før den russiske revolusjonen. Motiva omfattar skildringar av arkitektur, miljø, folk og personar.

Prokudin-Gorskij studerte kjemi i St. Petersburg, Berlin og Paris. Gjennom eiga forsking tok han patent på produksjon av fargedias og på projisering av fargefilm. Prosessen hans nytta eit kamera som eksponerte ein serie på tre svart-kvite bilete over eit par minutt (seinare korta ned til eit par sekund). Kvart bilete vart eksponert gjennom eit fargefilter; eit blått, eit raudt og eit grønt. Slik registrerte kvart bilete berre ein del av fargespekteret. Gjennom å projisere kvart bilete i farga lys, i høve til kva filter som var nytt under eksponeringa, for så å nøyaktig overlappe desse bileta, fekk ein eit bilete samansett av heile fargespekteret. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 47
Bergensbanen vart samankobla i 1907.
Bergensbanen vart samankobla i 1907.

Bergensbana er ei 50 mil lang jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgast liggjande hovudlina i Europa. Lina er ein populær turistatraksjon, der Hardangervidda vert kryssa 1300 meter over havet. Ho vart opna av kong Håkon VIIVoss stasjon den 27. november 1909.

Bygginga av bana kosta meir enn eit norsk statsbudsjett i 1909. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid er det fleire meter er snø.

Frå første stund var Bergensbanen ein suksess målt i trafikktal. I 1920-21 reiste 3,7 millionar passasjerar med banen. I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jernbanen ferdig elektrifisert. I 1984 begynte difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 48
Dei sju bruene i Königsberg
Dei sju bruene i Königsberg

Dei sju bruene i Königsberg er eit matematisk problem innan grafteori og topologi. Den sveitsiske matematikaren Leonhard Euler viste i artikkelen Solutio problematis ad geometriam situs pertinentis i 1736 at problemet ikkje lar seg løyse. Artikkelen hans vert ofte rekna som byrjinga på den matematiske greina grafteori.

1700-talet var byen Königsberg delt inn i fire delar: den nordlege og sørlege sida av elva Pregel, som rann gjennom byen, samt to øyar midt i elva – ei mindre øy i vest og ei større øy i aust. Den minste av øyane, Kneiphof, var sentrum i byen, der mellom anna katedralen låg. Frå denne øya gjekk det to bruer til den nordlege breidda og to bruer til den sørlege breidda, samt ei bru til den største øya. Frå denne gjekk det i sin tur ei bru til den nordlege breidda og ei bru til den sørlege breidda. Totalt var dermed øyane og fastlandet knytt saman til kvarandre via sju bruer. Det vart sagt at innbyggjarane i byen på søndagsturane sine prøvde å finne ein måte å gå gjennom byen på ein slik måte at ein berre passerte kvar bru éin gong og at ein var tilbake til utgangspunktet når turen var over. Ingen hadde derfor lukkast med dette. Enkelte hevda at det var umogeleg, men ingen visste dette sikkert. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 49
Utbredelseskart over uralske språk. De fleste finnes i Russland
Utbredelseskart over uralske språk. De fleste finnes i Russland

Uralske språk er ein språkfamilie som består av to hovudgrupper: dei finsk-ugriske (som før vart sett som ein sjølvstendig språkfamilie) og dei samojediske. Tre uralske språk, alle finsk-ugriske, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar: ungarsk, finsk og estisk. Med unntak av minoritetar i dei skandinaviske landa og Latvia høyrer mest alle dei andre uralske språka heime i Russland. Nokre av dei, slik som komisk og mari, har eigne autonome republikkar, men ein stor del av dei mindre uralske språka er utryddingstruga. Sørsamisk, som blir tala i Noreg og Sverige, er òg sterkt truga. Les meir …

Vis - Diskusjon - historikk


Uke 50
{{{2}}}
{{{2}}}

NEAR Shoemaker var ein robotisk romsonde bygd for å studera nærjordasteroiden Eros på kloss hald. NEAR Shoemaker var operativ i bane rundt Eros i nesten eitt år og var den første romsonden til å gå i bane rundt ein asteroide og den første til å landa på ein. Sonden blei skoten opp 17. februar 1996 og gjekk inn i bane rundt Eros den 14. februar 2000. Den 12. februar 2001 utførte NEAR Shoemaker ei kontrollert landing på Eros. 28. februar 2001 hadde NASA kontakt med sonden for siste gong.

Sonden fekk namnet Shoemaker lagt til etter oppskytinga til ære for forskaren Eugene M. Shoemaker som døydde i ei bilulukke i juli 1997. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 51
{{{2}}}
{{{2}}}

Øystein Erlendsson (ca. 1120–1188) var den andre erkebiskopen av Nidaros, og levde under borgarkrigstida. Han var med på å styrka kyrkja si stilling i Noreg, og kan reknast blant dei viktigaste norske kyrkjeleiarane. Øystein er den einaste norske erkebiskopen som er rekna som ein helgen, men han er aldri blitt kanonisert av paven. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Uke 52
Ein englefigur frå Dolstad kyrkje
Ein englefigur frå Dolstad kyrkje

«No koma Guds englar» er ein norsk julesalme skriven av Elias Blix. Salmen vart utgjeven anonymt 1875 i salmeheftet Nokre Salmar, gamle og nye III. Dette var den første nynorsksalmen som vart sungen i ei offentleg gudsteneste. I denne salmen er hendingane julenatt flytt frå Betlehemsmarka til ei heimleg mørk og kald norsk vinternatt. Melodien som vert bruka til songen kjem frå Skottland og er omforma i ein folketone frå Vest-Agder. Salmen har i originalversjonen åtte vers. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005  · 2006  · 2007  · 2008  · 2009  · 2010  · 2011  · 2012  · 2013  · 2014  · 2015  · 2016  · 2017  · 2018  · 2019  · 2020  · 2021  · 2022  · 2023  · 2024