Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2022

Solsikke
Solsikke

Solsikke (Helianthus annuus) er ein eittårig plante i solsikkeslekta som kan bli over fire meter høg. Stengelen er kraftig og ruhåra, og har opprett vekst. Blomane er store, og kan bestå av inntil 40 cm breie blomekorger med gule, brune eller raudaktige kronblad. Solsikke er relativt lettdyrka, men krev at visse vekstvilkår er oppfylt for å kunna veksa maksimalt. Planten trivst best med full sol og varm temperatur (helst over 20°C). Han krev også mykje vatn og næring.

Solsikke blei domestisert i Nord-Amerika, der den ville varianten av arten framleis veks vilt. Vill solsikke har greiner og fleire blomar på kvar plante. Dyrka solsikke har derimot som regel berre ein stilk og ein blome øvst. Amerikanske urfolk brukte solsikke til ei rekkje føremål, som å laga brød og til salvar, farging og kroppsmåling. På 1500-talet blei solsikkefrø frakta frå Amerika til Europa, der dei saman med solsikkeolje blei ein viktig ingrediens. Les meir …