Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 3, 2008

Thorstein Veblen (18571929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein av grunnleggjarane av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899). Veblen vart fødd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Norsk var første målet hans.

Veblen utvikla ei evolusjonær økonomilære for det 20. hundreåret basert på dei nye idéane som kom frå antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk økonomilære som voks fram på same tida, skildra Veblen økonomisk åtferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han såg økonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Folk, både rike og fattige, prøver å imponere andre og å stå fram som vinnarar ved det Veblen kalla «conspicuous consumption» (brautande forbruk) og «conspicuous leisure» (brautande fritid). I dette verket seier Veblen at forbruk blir bruka som ein måte å få og vise status på. Gjennom «conspicuous consumption» kom ofte «conspicuous waste» (brautande sløsing), som Veblen avskydde. Mykje av moderne reklame er bygd på det Veblen tala om når det gjeld forbruk. Les meir...