Maurangsfjorden

Maurangsfjorden (eller Maurangerfjorden) er ein arm av Hardangerfjorden i Mauranger i Kvinnherad kommune i Hordaland. Fjorden er 12,5 kilometer lang, og går i austleg retning frå innløpet til fjordbotnen ved Flatebø, like under vestsida av Folgefonna.[1] Den delen av fonna vert kalla for Nordfonna.

Maurangerfjorden

Den har innløp frå Sildafjorden, like aust for Varaldsøy, mellom Maurangsneset og Ænes. Dalen Sundal i Mauranger ligg på sørsida av fjorden og strekker seg inn mot Folgefonna. Nede ved fjorden i Sundal ligg tettstaden [[Sundalsøyra]]. Her deler fjorden seg i to greiner som kallast Austrepollen og Nordrepollen. Austrepollen går to kilometer austover til bygda Gjerde, mens Nordrepollen fortset fire kilometer nordover til Flatebø. Fjordsidene er svært bratte, og stiger opp til 800-1000 meter over havet.

Mauranger kraftverk har utløp i Austrepollen, her munnar også Folgefonntunnelen frå Odda ut. Tunnelen er ein del av riksvei 551, som fortset utover langs sørsida av fjorden. Fv51 går frå Austrepollen og rundt Nordrepollen til Eikenes på nordsida av fjorden.

Sundalsøyra i Sunndal ved Maurangerfjorden i 1880-åra.
Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum

ReferanserRediger

  1. ^ Maurangsfjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk

Koordinater: 60°6′27,518″N 6°9′57,877″Ø