Maaneskinsmøyane

(Omdirigert fra «Måneskinsmøyane»)

«Maaneskinsmøyane» (i moderne nynorsk ortografi: «Måneskinsmøyane») er et dikt av Arne Garborg fra Haugtussa, utgitt første gang i 1895. I diktet maler Garborg med ord et bilde av Veslemøy som ser ut i vinternattens måneskinn og opplever månens stråler som dansende jomfruer.

«Måneskinsmøyane» rediger

Jordi søv i sitt Vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i Sylve skòri,
eller som bygd av Stjerneskin.
Jordi søv i sin Vinterblund.
Månen lyser paa Himilrund.
Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.
Bråkveikt blenkjande, strålerein
bivrar den Glitring um Kvist og Grein.
Det er liksom Lunden livde,
strødd med Perlur og Glimestein.
Stirande inn i den sylvblå Glans
Veslemøy stend utan Hugs og Sans;
då ser ho med ein Gong Møyar,
kvite Møyar som gjeng i Dans.
Kvite Møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i Stìg og Sving.
Det er som ein Dans i Draumar
til Takt av stilslegt Sylvklokke-Kling.
Bygde er dei av Lufti blå;
Kjolar av Måneflor hev dei på;
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar små.
Håret flyt i vallande Flaum
ned yvi Rygg som ein sylvgrå Straum.
Yvi dei bleike Vangar
Stjerne-Augo i stille Draum.
Aldri såg dei den varme Dag;
stilt det er i det Ungdomslag.
Stivt dei i Dansen smiler.
Kalde søv desse Andlits-Drag.
Lengi tryllt maa Veslemøy stå,
drøymd den Dansen stirande på.
Då nikkar dei som til Helsing.
Og kverv i Luft som ein Frostrøyk grå.

Bruk av diktet rediger

Eksterne lenker rediger