Loen

bygd i Stryn kommune

Koordinater: 61°52′08″N 6°51′39″Ø

Loen
Loen
Utsikt over bygda Loen ved Lobukta på veg opp Skåla
LandNorge Norge
FylkeVestland
KommuneStryn

Loen
61°52′14″N 6°51′25″Ø

Loen er ei bygd ved Lobukta innerst i Nordfjord, i Stryn kommune i Vestland fylke. Bygda har dei siste åra hatt aukande turisme. Her finn ein plassar som Lodalen, Breng, og Rakssetra.

Rakssetra[1] ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida. Kvar dag gjennom sommaren tek titalls mennesker seg opp her.

Rakssetra er ei seter. Seter er frå gammalt av ein plass der ein tok med dyra sine for å beite på sommaren. Bygningane på ei seter blir oftast kalla sel, desse høyrer til dei ulike gardane i Bygda. Det er på grunn av dyra og tidlegare seterdrift at landskapet rundt er så vakkert og det skal ein takke bøndene for. I dag blir Rakssetra nytta som ferieplass for dei som eig sela der.

Lodalen og Lovatnet: [2]Lodalen er dalen som høyrer til Loen. I 1905 og 1936 raste delar av Ramnefjellet i Lovatnet søraust for Loen som førte til ei flodbølge som tok livet av i alt 135 personar. I fra Lodalen kan ein kjøre inn til Kjenndalsbreen som er ein brearm av Jostedalsbreen. Ein annan bre ein finn i nærleiken her er Bødalsbreen som ligg rett etter Bødalsseter.

Breng:[3] Like ved Lovatnet i Lodalen ligg Breng. Garden Breng har vert omtalt i ei rekke kjelde, den eldste heilt tilbake til 1340. Mange av desse kjeldene beskriv alle dei gongane Breng har blitt teke av fonna eller i vassdemme frå Brengselva. På 1970-åra hadde sela og fjøsane starta å forfalle, og det vart satt i gang arbeid med å redde bygningane. Det var bøndene som eige sela og fjøsane som sto for store delar av dette arbeidet. På tida det var vanleg seterdrift var der 14 byggnigar, i dag er der 13 att. I dag vert Breng framleis nytta som seter, men er også blitt ein populær badeplass for turistar og lokale.

Breng tiltrekke seg kvart år mennesker som vil ta bilde av det godt vedlikehaldne kulturlandskapet og dei flotte bygningane

NæringsvirksomhetRediger

Nordfjord Kjøtt, som flyttet fra Olden i 1978, er den største arbeidsplassen i Loen. Deretter kommer Hotel Alexandra, etablert 1884. Aktivitetsselskapet Loen Active åpnet klatrestien Via Ferrata Loen i 2011. Taubanen Loen Skylift til fjellet Hoven (1011 m.o.h.) åpnet i 2017. Landbruk er en stor del av næringsvirksomheten i Loen.

BilderRediger

ReferanserRediger

  1. ^ «Rakssetra | Visit Nordfjord». www.nordfjord.no. Besøkt 31. juli 2020. 
  2. ^ «Lodalen i Loen ved Lovatnet | Visit Nordfjord». www.nordfjord.no. Besøkt 31. juli 2020. 
  3. ^ «Breng | Visit Nordfjord». www.nordfjord.no. Besøkt 31. juli 2020. 
  4. ^ «En av verdens bratteste gondolbaner : – Nesten som å ta heis 1000 meter rett opp». Teknisk Ukeblad. 29. mars 2017. Besøkt 29. mars 2017. 

Se ogsåRediger

Eksterne lenkerRediger