Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2011

Barolo, rekna som ein av verdens beste vinar, vert produsert i Piemonte
Barolo, rekna som ein av verdens beste vinar, vert produsert i Piemonte

Piemonte er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 km², og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Viktige byar er Torino, Novara, Alessandria, Asti og Cuneo. Elva Po renn gjennom regionen.

Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia og viktige italienske verksemder har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia i Torino, næringsmiddelfabrikanten Ferrero i Alba og elektronikkselskapet Olivetti i Ivrea. Piemonte er òg kjend som eit godt område for trøffelsanking og for vinar som Barolo og Barbaresco. Les meir …