Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2007

Engel under apokalypsen. Illustrasjon frå 900-talet.
Engel under apokalypsen. Illustrasjon frå 900-talet.

Englar er i jødisk, kristen og muslimsk tradisjon Guds tenarar og bodbringarar. Både det hebraiske ordet mal'akh (hebraisk מלאך) og det greske ordet angelos (gresk άγγελος) tyder 'sendebod'. Når det i Bibelen er skrive om sendebod frå åndeverda, så vert desse orda omsette med 'engel'. Bibelen skildrar englane som individuelle personar med sin eigen personlegdom.

Læra om englar utvikla seg i jødedommen i tida etter eksilet i Babylon. Omtalen av englane syner trekk frå gamle religionar i Det nære austen; i mesopotansk tru dyrka dei andevesen med vingar. Englane fekk spele ei stor rolle i jødedommen og i den tidlege kristendommen på grunn av gudssynet: Dels meinte folk at Gud var ein fjern Gud, og dei trengte englane som bodbringarar mellom Gud og menneske. Dels meinte folk at dei sjølve ikkje var verdige til å tale med Gud, men måtte bruke englar for å tale for seg. Les meir…