Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2007

Frå Brann-Lyn-kampen 2007
Frå Brann-Lyn-kampen 2007

Sportsklubben Brann er ein fotballklubb frå Bergen. Klubben vart skipa i 1908 og tok sitt første seriegull i 1963 og det andre i 2007. I dag har klubben etablert seg som ein av toppklubbane i Tippeligaen og har teke medalje tre av dei fire siste sesongane.

Klubben spelar i dag heimekampane sine på Brann stadion i Årstad i Bergen, med ca. 17 700 plassar. Treningsanlegget ligg rett ved sidan av stadion der to grasbanar og to kunstgrasbanar vart ferdigstilt til sesongen 2007. Desse banene vart referert til som Nymarksbanane. Les meir…