Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2013

Fuglefjellet på vestsida av Rundefjellet er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl.
Fuglefjelletvestsida av Rundefjellet er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl.

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølvmyntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet. Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret, mellom anna fleire forlis, nokre berre nemnde i segner.

Kvalneset heilt i nordvest på øya, ligg Runde fyr, oppretta i 1767 som eit av dei første i Noreg. Det høgste punktet er Varden med sine 332 meter over havet søraust på øya, men Rundabranden er lettare å sjå der han stig 294 meter nesten rett opp frå havet i vest. Vegen til Runde har kome over Rundebrua frå Remøy sidan 1982. Før den tid var sjøvegen einaste måten å kome seg til Runde.

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig veksende tal med havhest. Les meir …