Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 4, 2016

Genesaretsjøen

Israelsk geografi er særs variert med ørkenforhold i sør, og snødekte fjell i nord. Israel ligg heilt aust i Middelhavet, som det meste av den 273 km lange kystlinja til Israel ligg mot. Israel har ei lita kystlinje mot Raudehavet i sør.

Arelaet til Israel er kring 27.000 km², som omfattar 445 km², med innlandsvatn. Israel strekkjer seg 424 km frå nord til sør og 114 km på det breiaste og 15 km på det smalaste. Dei israelskokkuperte israelskokkuperte territoria inkluderer Vestbreidda, 5 879 km², Aust-Jerusalem, 70 km² og Golanhøgdene, 1 150 km².

Det sørlege Israel er dominert av Negevørkenen som dekkjer kring 16.000 km², meir enn halvparten av landarealet. Nord for Negev ligg Judeaørkenen, der Daudehavet ligg ved grensa til Jordan. Daudehavet er med ei høgd på 417 meter under havnivå det lågaste punktet på jorda. Dei indre områda av det sentrale Israel er dominert av Judeafjella på Vestbreidda, medan den sentrale og nordlege kysten består av den flate og frodige israelske kystsletta. I dei indre, nordlege områda ligg Karmelberget, og innafor dei den frodige Jezreeldalen, og så åsane i Galilea. Genesaretsjøen ligg innafor dette, og grensar i aust til Golanhøgdene, som inneheld det høgaste punktet i dei israelskkontrollerte områda, Hermon på 2224 meter over havet. Internasjonalt vert det høgaste fjellet i Israel rekna for å vere Har Meron på 1208 meter over havet. Les meir …