Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2016

Øya Montserrat i Karibia er framleis under Britisk styre
Øya Montserrat i Karibia er framleis under Britisk styre

Den britiske koloniseringa av Amerika starta seint på 1500-talet og nådde ein topp då koloniar var oppretta over heile Amerika og eit protektorat vart danna over kongedømet Hawaii i Stillehavet. Britane var ei av dei viktigaste kolonimaktene i Amerika og det amerikanske imperiet deira var ein stor rival til dei spanske koloniane både militært og økonomisk.

Etter den amerikanske sjølvstendekrigen fekk dei britiske territoria i Amerika ei meir ansvarleg regjering før dei gradvis fekk sjølvstyre på 1900-talet. På denne måten fekk to land i Nord-Amerika, ti i Karibia og eitt i Sør-Amerika sjølvstyre frå Storbritannia. I dag har Storbritannia framleis åtte oversjøiske område i Amerika, som har forskjellig grad av sjølvstyre. I tillegg er ni tidlegare britiske område i Amerika, som i dag er sjølvstendige, Samveldeland. Les meir …