Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2020

Den store hunden
Den store hunden

Den store hunden (frå latin Canis major) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. På 100-talet evt. førte Klaudios Ptolemaios stjernebiletet opp på lista over 48 stjernebilete, og det vert rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den store hunden og Den vesle hunden følgjer stjernebiletet Orion, jegeren, over himmelen. Mjølkevegen passerer gjennom Den store hunden og fleire opne hopar ligg innafor grensene, mellom anna M41.

Den store hunden inneheld Sirius, den lyssterkaste stjerna på natthimmelen, kjend som «hundestjerna». Ho lyser sterkt fordi ho ligg nær solsystemet. Andre lyssterke stjerner i stjernebiletet ligg lengre unna med høgare luminositet. Med storleiksklasse 1,5 er Epsilon Canis Majoris (Adhara) den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og den sterkaste kjelda til ekstrem ultrafiolett stråling på natthimmelen. Vidare kjem den gulkvite superkjempa Delta (Wezen) med 1,8, den blåkvite kjempa Beta (Mirzam) med 2,0, dei blåkvite superkjempene Eta (Aludra) med 2,4 og Omicron1 med 3,0, og den kvite, spektroskopiske dobbeltstjerna Zeta (Furud), òg på 3,0. Den raude hyperkjempa VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til, medan nøytronstjerna RX J0720.4-3125 har ein radius på berre 5 km. Les meir …