Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2024

Utsnitt frå Carta marina
Utsnitt frå Carta marina

Carta marina er eit kart utgitt i Venezia i 1539. Det er rekna å vera eit av dei tidlegaste karta over landa i Norden. Carta marina vart teikna av den svenske presten og kartografen Olaus Magnus, som arbeidde med kartet i kring tolv år fram mot 1539. Det finst berre eitt kjend tidlegare kart av Skandinavia: Skandia eller Schondia, teikna av geografen Jakob Ziegler i 1532.

Sjølv om kartet ikkje kan samanliknast med moderne kartografi, er Carta marina rekna for å vere eit av dei mest nøyaktige karta over Norden frå mellomalderen. Av større avvik frå den geografiske verkelegheita kan ein merke seg inkluderinga av øya Thule, ei mytisk øy frå gresk og romersk mytologi. På kartet finn ein også ei rekke illustrasjonar av dyr, natur og daglegliv i Norden. Nokre av desse viser også overnaturlege vesen, deriblant mange havmonster som kraker og sjøormar. Kartet er også dekorert med fire store kompassroser. Les meir …