Åpne hovedmenyen
Somateria mollissima male female.jpg

Ærfuglen, Somateria mollissima, er ei stor marin dykkand som held til ved kysten i dei nordlege polarområda. Hannfuglane har eit lett kjennbart mønster av svarte og kvite felt medan hoene er brunspetta. Fuglen har vore kjelde til egg og dyrebare dun sidan førhistorisk tid, og blir fortsatt halde halvvegs som husdyr i det nordlege Noreg og på Island.

Duna ærfuglen fôrar reiret sitt med er særskilt mjuke, og er derfor mykje ettertrakta som fyll i dyner og liknande. Edderdun skil seg frå andre typar ved at dei ikkje har stilk, men mothaker som hektar seg i kvarandre, slik at dei dannar ein mjuk, samanhengande dott. Dunsanking har vore ein viktig næringsveg langs kysten, og fuglar og menneske har utvikla eit samspel som begge har nytte av. Les meir…