Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2011

Fairport Convention under førtiårsfeiringa si.
Fairport Convention under førtiårsfeiringa si.

Fairport Convention er eit engelsk folkrock- og seinare elektrisk folk-band, danna i 1967 og framleis aktive i dag. Dei vert i stor grad rekna som den viktigaste gruppa i utviklinga av engelsk folkrock.

Det tidlege albumet Liege and Lief vert rekna som albumet som lanserte elektrisk folk eller engelsk folkrock, som gav ein særeigen engelsk identitet i rocken og var med på å auke merksemda for tradisjonsmusikk generelt. Dei mange medlemmane som har vore innom bandet vert ofte høgt verdsett, og har spelt i mange andre kjende band, eller hatt viktige solokarrierar. Sidan 1979 har dei vore vertar for Cropredyfestivalen, som er den største årlege hendinga av sitt slag i England. Les meir …