Åpne hovedmenyen
Sayid Qutb sketch.png

Sayyid Qutb (9. oktober 1906–29. august 1966) var ein egyptisk, muslimsk tenkjar som frå 1940-åra vart ein av hovudpersonane i den egyptiske organisasjonen Det muslimske brorskapet. Synet hans hadde vidfemnande og djuptgåande verknad og vert i dag sett på som ein del av den grunnleggjande ideologien bak islamismen, og det har eggja mange fundamentalistiske rørsler. Han er kjend som «mannen bak idéane som ville skape Al-Qaida».

Dei viktigaste bøkene han skreiv er Sosial rettferd i islam, I skuggen åt Koranen og Milestolpar på vegen. Qutb meinte at Vesten stod for materialisme, medan Austen hadde eit meir åndrikt syn. I 1966 vart han dømt skuldig i samansverjing mot Egypt og vart gjeven dødsdom.

Dauden gjorde Qutb enno meir mektig. Tankane hans, og særleg dei i Milstolpar.., vekte ein generasjon radikale, både fredelege og opprørske. Det er mange som hevdar at Qutb sjølv ikkje stødde terrorisme. Den engelske omsetjaren av I Koranen sin skugge seier at han sjølv høyrde Qutb eggja radikale ungdom til å velja fredelege vegar. Les meir…