Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 2, 2013

Tyrannosaurus rex, eit av dei største landrovdyra nokon gong levde mot slutten av kritt.
Tyrannosaurus rex, eit av dei største landrovdyra nokon gong levde mot slutten av kritt.

Krittida er ein geologisk periode som varte frå slutten av jura for 145,5 ± 4 millionar år sidan til byrjinga av paleocen for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Han er den yngste perioden i æraen mesozoikum og med ei lengd på 80 millionar år er han den lengste perioden i eonet fanerozoikum. Slutten av kritt er definert som grensa mellom mesozoikum og kenozoikum.

Det vart danna meir kalk i Kritt enn noko anna periode i fanerozoikum. Sirkulasjon av havvatn rundt dei store midthavsryggane tilførte hava kalsium som gjorde havet metta slik at det la seg på botn, samt at det var mykje kalkhaldige plankton. Omfattande karbonatavsettingar og andre sedimentære avsettingar gjorde kalken ekstra fin. Kjende formasjonar frå denne tida er til dømes Dei kvite klippene ved Dover i England.

Blomsterplanter spreidde seg i denne periode, og dei første biene dukka opp. På land var pattedyra enno små og relativt uviktig del av dyrelivet. Faunaen var dominert av archosaure krypdyr, særleg dinosaurar, som var på sitt mest mangfaldige i kritt. I havet vart rokker, moderne haiar og eigentlege beinfiskar vanlege. Les meir …