Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 2, 2010
Hekla er ein stratovulkan sør på på Island med ei høgd på 1 488 meter over havet. Helka er den mest aktive vulkanen på Island og har hatt over 20 viktige utbrot i kjend tid. Gjennom mellomalderen kalla islendingane vulkanen for «Porten til helvete».
Hekla er ein del av ein vulkanrygg som er 40 km lang. Den mest aktive delen av ryggen er om lag 5,5 km lang og vert rekna som den eigentleg vulkanen Hekla. Utbrota til Hekla er svært varierte og vanskelege å føresjå. Nokre varar ei veke, medan andre eit par år. Jo lenger Hekla held seg i ro, jo større og meir katastrofalt er det neste utbrotet. Les meir …