Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2011

Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola.
Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola.

Den generelle relativitetsteorien, ofte berre kalla Generell relativitet, er ein teori om gravitasjon som vart publisert av Albert Einstein i 1915. Han sameinar den spesielle relativitetsteorien og Newton sin universelle gravitasjon med ideen om at gravitasjonen ikkje er ei kraft i tradisjonell meining, men ein manifestasjon av at romtida vert bøygd. Denne bøyinga vert avgjort av energien og materien si fordeling i rommet. Les meir …