Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2012

Taksvaler
Taksvaler

Taksvale er ein liten trekkfugl i svalefamilien som hekkar i Europa, Nord-Afrika og Asia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i tropisk Asia. Taksvala lever av insekt fanga i flukt, og dei migrerer til klima kor det er flust med flygande insekt. Fuglen har svart hovud og svart overside med blå glans, svarte venger og hale. Ho finst både i opne landskap og nær menneskeleg ferdsel. Taksvala liknar to andre svaleartar i Delichon-slekta, som begge er endemiske til austlege og sørlege Asia.

Taksvala byggjer eit lukka koppforma reir av gjørmepelletar under takskjegg og på liknande stader, vanlegvis i koloniar, nokre gonger vert gjødsling under slike reir eit problem. Til vanleg aksepterer dei fleste menneske å ha taksvaler i nærleiken. Les meir …