Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2020

Teikningar av ulike fugleegg frå British Museum
Teikningar av ulike fugleegg frå British Museum

Eggemysteriet er ein teikneserie med Donald Duck, skriven og teikna av Carl Barks. Teikneserien vart utgjeven i 1949 under tittelen Lost in the Andes! og handlar om Donald og nevøane hans, Ole, Dole og Doffen, som reiser til Andesfjella for å finna opphavet til mystiske firkanta egg dei oppdaga på eit museum.

Teikneserien kom ut i Noreg i bladet Donald Duck & Co nr. 13–17 våren 1963, som er publisert på bokmål, og vekte åtgaum for bruken av nynorsk i omsetjinga. Firkantfolket i historia snakkar nynorsk med vossasvip, som dei lærte av ein oppdikta professor frå Voss. Enkelte nynorskfolk tok det ille opp at språket vart knytt til eit snodig folk i ein avsides landsby og på denne måten gjort til lått. Donald-nummera med firkantfolket vart same året tekne av hyllene i bibliotek i Oslo, etter fleire protestar.

Eggemysteriet er i dag mellom dei mest kjende Donald Duck-historiene og er rekna som ein teikneserieklassikar. Don Rosa likte historia såpass mykje at han laga to relaterte teikneseriar – The Son of the Sun («Solens sønn») og Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen»), ein oppfølgjar til Eggemysteriet. Les meir …