Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 1, 2007

Tospråkleg vegskilt

Irsk (også irsk gælisk; Gaeilge (na hÉireann)) er eit keltisk språk som tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrste språk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og låglandsskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 blei det samrøyste vedteke at irsk blir eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket fekk verknad frå 1. januar 2007. Les meir…