«Margit Møy» er et skillingstrykk. Det ble presentert i 1956 i visespalten til Alf Prøysen i «Magasinet for alle».

Teksten rediger

1.Det var ein fager vårdag med sol og bekkebrus,
og lauv og gras som grodde i vårens ville rus,
og fuglar song og kvittra og leika i kvar busk
og vatnet skein kring kvar ein stein med glim og bylgjehusk.

2.På Gjervoll er det bryllaup med stas i gammalt tun,
der turar dei eit bryllaup med real sveis og dun.
Han Gjervoll-Knut er brurgom og Margit Solstad brur
der song og lått og feleslått kling lydt mot skog og ur.

3.Men oppi Haugegilet der elva syng i stein,
der eit på høgste tsupet ein stur og sorg gal ein,
han sit der unde heggen so glitrefrisk og våt,
i sus frå elv han sit og skjelv i sår og vonlaus gråt.

4.På Gjervoll er det gilde, der vilgjar dei mi møy,
mi livsens sol hev slokna no lyt eg ut og døy.
Når solskinnsdagen sloknar då vert det svalt mot kveld,
det gustar kaldt i mot meg alt frå dalens aude fjeld.

5.Så takk da, vesle Margit, for alt du til meg gav,
og gløym so svikne voner og at eg ligg i grav,
for no er leiken slutta og eg har allting brendt,
min siste song og så eit sprong, og all min sorg er endt.

6.Han syng og so han haukar imot den blåe kveld,
med avdagsglansen gløder som gull kring alle fjell.
Det svarar stilt frå nuten so skir og klår ein klang
og so han spring i bylgjering han kvarv i elvefang.

7.No er det lenge sidan vel mane hundre år,
men Bjørne-elva strøymer og fløymer kvar ein vår.
Og kvar gong når det skuggar ein vårkveld over hei
då kved det mildt og minnar stilt omd et som Gunnar leid.

8.Då talar det om elsk og svik og han som måtte døy
og mullar på ei vise om vesle Margit Møy.
Og all hans sprengte lengsler stig opp i fossebrus,
det klagar gråt og felelåt i Haugagilets sus.

Kilder rediger