Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2016

Jerusalem
Jerusalem

Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Byen har ei fortid som hovudstad i det sjølvstendige Israel under David si ætt, seinare hovudstad for Hasmonearane sitt rike og for Herodes sitt kongerike, noko som gjer byen viktig for jødane og for dei kristne. Byen er òg religiøst viktig for muslimane ettersom profeten Muhammed skal ha utført si himmelreise herfrå.

Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Les meir …