Åpne hovedmenyen
Myllarguten

Torgeir Augundsson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, var ein segngjeten spelemann frå Sauherad i Telemark. Han var son av Augund Torgeirsson frå Rinde i Sauherad, og kona hans, Gunhild Sigurdsdotter. Namnet hans blir helst uttala «Targjei», slik det er vanleg i Telemark. Faren var husmann, og flytte noko ikring på plassane i Sauherad medan Targjei var gut. Augund var møllar, og borna hans vart kalla «Møllarungein», og Targjei vart heitande «Møllarongen» eller «Myllarguten» i øvre Telemark. Under dette namnet vart han vidgjeten. Les meir…