Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2016

Ein rullestein utan mose
Ein rullestein utan mose

«Like a Rolling Stone» er ein song av Bob Dylan frå 1965. Han er ein av dei mest kjende og viktigaste songane hans, og hadde opphav i ein kort tekst Dylan skreiv før han utvikla songen til fire vers og eit refreng som han spelte inn nokre veker seinare. Songen vart gjeven ut på singel 20. juli 1965 og på albumet Highway 61 Revisited. Han er over seks minuttar lang, og berre enkelte gonger vart heile songen spelt på radio. Likevel klarte han å klarte til andreplass på den amerikanske singellista. Songen fekk kritikk frå tilhengjarane til Dylan på grunn av den hardare rockestilen, ein tydeleg skilnad frå folkemusikken han tidlegare hadde spelt.

Songen påverka musikkverda og popkulturen med dramatisk effekt, og bidrog til imaget og den ikoniske statusen til Dylan. Han har vorte spelt mange gonger av andre artistar, mellom andre Jimi Hendrix og The Rolling Stones. Musikkmagasinet Rolling Stone kåra songen som den beste songen på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Då Dylan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame fortalte Springsteen «Den første gongen eg høyrde Bob Dylan var eg i bilen med mor mi og høyrde på WMCA og på kom trommeslaget som høyrdest ut som nokon hadde sparka inn døra til sjela di.» Les meir …