Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2014

Angela Georgina Burdett-Coutts
Angela Georgina Burdett-Coutts

Angela Burdett-Coutts (1814-1906) var ein engelsk velgjerar og ei av dei rikaste kvinnene i Storbritannia i viktoriatida. Gjennom eit langt liv støtta ho ei rekkje veldedige føremål innan utdanning, helsevesen, økonomisk utvikling og religion, gav hjelp til fattige og naudstilte og reiste fleire bygningar og minnesmerke.

Etter at ho blei myndig var ho sjølvstendig, og tok seg personleg av formuen sin og eigedelane sine i Coutts-banken. Burdett-Coutts fekk ei rekkje tilbod om ekteskap, men blei verande ugift heilt til alderdommen. Ho støtta ei rekkje gode føremål, både aktivt som leiar og gjennom gåver. For dette fekk ho mange takkseiingar, og blei mellom anna utnemnd til baronesse av Highgate og Brookfield av dronning Viktoria - den første kvinna i Storbritannia som hadde fått ein slik tittel i kraft av sitt eige virke. Les meir …