Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2016

Dobbeltstjerna SS Leporis (17 Lep)
Dobbeltstjerna SS Leporis (17 Lep)

Dobbeltstjerner er stjernesystem der to stjerner går i krinslaup rundt eit felles tyngdepunkt eller barysentrum. Fenomenet er svært vanleg - ein stad mellom ein fjerdedel og halvparten av dei stjernene ein kan observera er medlemmar av stjernesystem med alt frå to til seks stjerner.

Ein må skilja dobbeltstjerner som dannar slike stjernesystem frå optiske dobbeltstjerner, som ikkje har noko anna samband enn at det ser ut som om dei ligg tett saman fordi dei ligg i same retning sett frå observasjonsstaden. Ein kan berre skilja optiske dobbeltstjerner frå dei fysiske gjennom lang tids observasjon der ein til dømes kan sjå stjernene som utgjer optiske dobbeltstjerner bevega seg rettlinja i høve til kvarande. Mange fysiske dobbeltstjerner, særleg dei som ligg langt unna, kan sjå ut for ein observatør som eit enkelt lyspunkt. Ein må då bruka andre metodar for å avgjera om dei utgjer ei dobbeltsjerne. Den lyssterkaste stjerna på himmelen, Sirius, er eit døme på ei dobbeltsjerne. Les meir …