Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2016

Malevitsj: Svart sirkel, 1913

Suprematisme (russisk Супрематизм) var ei moderne russisk kunstrørsle konsentrert om grunnleggande geometriske former, framom alt firkanten og sirkelen. Rørsla vart grunnlagd av Kasimir Malevitsj med verk skapte rundt 1913 og presentert i 1915 ved 0,10-utstillinga i St. Petersburg, der Malevitsj og 13 andre kunstnarar stilte ut 36 verk i liknande stil. Omgrepet «suprematisme» viser til ein abstrakt kunst som byggjer på overhøgda til «rein kunstnarleg kjensle» i staden for den kunstnarlege avbildinga av ting.

Dei tidlege suprematistiske verka nytta enkle former som firkantar, sirklar og krossar. Fargepaletten for suprematismen i byrjinga var svart, kvitt, raudt, grønt og blått. Malevitsj nytta seinare fleire fargar (brunt, rosa og lilla) og former, som sirkeldelar og små trekantar, med variasjonar i tilhøvet mellom dei og illusjonar av tredimensjonalitet i verka. I verk frå 1917-1918 nytta Malevitsj kvitt på kvitt der alt som er igjen av figurane er eit svakt omriss. Malevitsj sjølv delte utviklinga av suprematismen inn i tre fasar, «svart», «farga» og «kvit». Les meir …