Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2015

Alleghenyelva (venstre) og Monongahela (høgre) renn saman og dannar Ohioelva i Pittsburgh i Pennsylvania, det største byområdet ved elva.
Alleghenyelva (venstre) og Monongahela (høgre) renn saman og dannar Ohioelva i Pittsburgh i Pennsylvania, det største byområdet ved elva.

Ohioelva er den største sideelva til Mississippielva. Ho er om lag 1579 km lang og ligg i det austlege USA. Elva har vore viktig igjennom historia for indianarane og dei mange busetnadane som dukka opp langs elva. Dei siste 500 åra før europearane dukka opp, bygde Mississippikulturen opp fleire høvdingdøme og store jordvollar langs elva. I tusenvis av år har indianarane nytta elva for framkomst. Om lag år 1200 vart det ein langvarig krig i Kentucky mellom irokesarane, som invaderte området frå dagens New York, og andre stammer i Ohiodalen. Gjennom hundreåra har Osage, Omaha, Ponca og Kaw flytta vest for Mississippielva, og slo seg på midten av 1600-talet ned i Missouri, Arkansas og Oklahoma og nærliggande statar.

Etter europearane slo seg ned her tente elva stundom som grense mellom dagens Kentucky og Indianarterritoria. Ho var den viktigaste transportåra då nybyggjarane flytta vestover. Ho vert rekna som den naturlege vestlege forlenginga av den opphavlege Mason-Dixon-linja, som var ei grense for dei frie områda og slaveområda. Det var dermed ei uoffisiell grense mellom Nordstatane og Sørstatane. I dag vert Ohioelva rekna som grensa mellom Midtvesten og Sørstatane. Les meir …