Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2016

Fordi strukturen i menneske og dyr er ulik vert det nytta ulike omgrep for å ta omsyn til nevroaksen.
Fordi strukturen i menneske og dyr er ulik vert det nytta ulike omgrep for å ta omsyn til nevroaksen.

Anatomiske retningsskildringar vert nytta for å skildra anatomien hjå dyr og menneske ved hjelp av anatomisk terminologi, og seier noko om korleis anatomiske strukturar ligg i høve til kvarandre. Dei er ikkje språkspesifikke og kan tydast av alle, med lita eller inga omsetjing. Sjølv om skildringane er standardiserte innanfor bestemde biologiske fagområder, er det likevel uunngåelege og stundom dramatiske ulikheitar mellom enkelte disiplinar. Til dømes er dei terminologiske ulikheitane problematiske fordi terminologien er noko variert når den vert nytta om menneske, i forhold til når den vert nytta om andre kategoriar.

Virveldyr og kraniedyr (Craniata) deler ei monaleg arv og felles struktur, så mange av dei same omgrepa vert nytta for å skildra retning og plassering. For å unngå tvitydigheit er denne terminologien basert på anatomien til kvart dyr i vanleg forstand. For menneske, som er ein form for virveldyr, kan anatomiske skildringar skilje seg frå dei som vert nytta om virveldyr. Ein grunn til dette er at menneske har ein annan nevroakse og — i motsetnad til firbeinte dyr — vert skildra i anatomisk utgangsstilling. Medan hovudet vert rekna for å vera på «toppen» hjå menneske så er det kanskje ryggen som vert rekna som «toppen» hjå ein hund. Les meir …