Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2018

Ein maroonbusetnad på Jamaica
Ein maroonbusetnad på Jamaica

Nanny of the Maroons (kring 1685–kring 1755) var ein jamaicansk leiar på 1700-talet. Ho leia ei gruppe jamaicanske maroonar, det vil seia rømde afrikanske slavar og etterkomarane deira som hadde slått seg ned i lag med innfødde tainofolk i innlandet på øya. Dei heldt til i Nanny Town, som lenge var ein fristad for maroonane. Etter den første maroonkrigen gjekk koloniherskarane med på ein fredsavtale der gruppa fekk eigedomsrett over eit stykke land på 500 acre i Portland Parish. Her grunnla dei nye Nanny Town, den noverande Moore Town, som har eit minnesmerke over Nanny. Det er også reist eit monument til henne i National Heroes Park i Kingston. Les meir …