Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2013

Orlando di Lasso
Orlando di Lasso

Orlando di Lasso (1532 - 1594) var ein fransk-flamsk komponist frå høgrenessansen.

Han vert i dag rekna som hovudrepresentanten for den mogne polyfone stilen som kjenneteiknar den siste aktivitetsfasen til den flamske skulen, og i lag med Palestrina og Victoria ein av dei mest kjende og viktige musikarane i Europa på slutten av 1500-talet. Orlando di Lasso er ein av dei mest produktive, allsidige og universelle komponistane frå høgrenessansen og skreiv over 2000 verk i alle latinske, franske, italienske og tyske vokalsjangrar som var kjende på denne tida. Nesten 60 messer har overlevd. Les meir …