Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2015

Stjernebiletet «Den vesle hunden»
Stjernebiletet «Den vesle hunden»

Den vesle hunden (frå latin Canis minor) er eit stjernebilde på både den nordlege og den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er eit av 48 stjernebilete som Klaudios Ptolemaios førte opp på 100-talet evt, og vert i dag rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den vesle og Den store hunden, følgjer stjernebiletet Orion, jegeren.

Den vesle hunden har berre to stjerner som er lysare enn fjerde storleiksklasse, Procyon (Alfa Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 0,34, og Gomeisa (Beta Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 2,9. Dei meir lyssvake stjernene i stjernebiletet vart noterte ned av Johann Bayer, som namngav åtte stjerner, inkludert Alfa og Beta, og John Flamsteed, som førte opp fjorten. Procyon er den sjuande lysaste stjerna på nattehimmelen, og ei av dei mest nærliggande. Ho er ei gulkvit hovudseriestjerne og har ein kvit dverg som følgjestjerne. Gomeisa er ei blåkvit hovudseriestjerne. Luyten-sjerna er ein raud dverg med niande storleiksklasse, og er den nest nærmaste stjerna til solsystemet i stjernebiletet etter Procyon. HD 66141 har fjerde storleiksklasse som har utvikla seg til ei oransje kjempe mot slutten av livssyklusen sin, som vart oppdaga å ha ein planet i 2012. Det er to svake djupromsobjekt innafor grensene til stjernebiletet. 11 Canis-Minoridane er ein meteorsverm ein kan sjå tidleg i desember. Les meir …