Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2018

Judas Priest opptrer i 2018
Judas Priest opptrer i 2018

Judas Priest er eit engelsk heavy metal-band skipa i Birmingham i England i 1969. Bandet har seld over 45 millionar album så langt. MTV rangerte dei som det nest største metal-bandet gjennom tidene. Trass i nyskapande musikk på siste halvdel av 1970-åra, sleit bandet med likegyldig-produserte album, mange byte av trommeslagarar og mangel på større kommersiell suksess eller merksemd før 1980, då dei gjekk for ein enklare stil med albumet British Steel som gjorde dei til superstjerner.

Bandet har hatt fleire endringar i besetninga, mellom anna mange forskjellige trommeslagarar i 1970-åra, og ein periode utan songaren Rob Halford tidleg i 1990-åra. Den noverande besetninga består av Halford, gitaristane Glenn Tipton og Richie Faulkner, bassisten Ian Hill og trommeslagaren Scott Travis. Det bestseljande albumet til bandet er Screaming for Vengeance frå 1982, med den mest suksessrike besetninga deira, som bestod av Halford, Tipton, Hill, gitaristen K.K. Downing og trommeslagaren Dave Holland. Les meir …