Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2016

Byste av Ingeborg Bachmann
Byste av Ingeborg Bachmann

Ingeborg Bachmann (1926-1973) var ein av dei viktigaste tyskspråklege lyrikarane og prosaforfattarane på 1900-talet. Ho skreiv i blant under pseudonymet «Ruth Keller».

Som barn hadde ho ambisjonar om å bli musikar og tok til å komponere musikk og skrive dikt allereie i ung alder. Frå 1945 til 1950 studerte ho filosofi, psykologi, språk og rettsvitskap. Doktorarbeidet var ei kritisk analyse av Martin Heidegger sin eksistensialisme.

Magasinet Kärntner Illustrierte publiserte i 1946 den vesle novella «Die Fähre», og det var det første verket Ingeborg Bachmann fekk på trykk. For den første novellesamlinga si, Das dreißigste Jahr (1961), vann ho den tyske kritikarprisen (Deutscher Kritikerpreis). Ho blei òg medlem av Berlin kunstakademi (Akademie der Künste). To av hennar forteljingar med eit eksplisitt kvinneperspektiv, Ein Schritt nach Gomorrha og Undine geht høyrer til dei tidlegaste døma på feministiske ytringar i den tyskspråklege etterkrigslitteraturen. Les meir …