Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2013

Robert Boyle og Denis Papin inspiserer «le digesteur».
Robert Boyle og Denis Papin inspiserer «le digesteur».

Denis Papin (1647 - 1712) var ein fransk matematikar, fysikar og oppfinnar. Han er kjent for å ha funne opp og laga damdrivne pumper, ei dampmaskin, ein hjuldampar, ein undervassbåt, ein trykkokar, pluss ei rekkje andre oppfinningar.

Denis Papin vart fødd i nærleiken av Blois i Frankrike. Papin var kalvinist og på grunn av ediktet i Nantes flytta han rundt 1675 til London. Han hadde med seg ei tilråding frå Christiaan Huygens og fekk arbeid hjå Robert Boyle, som skjøna at Papin ville verta ein verdifull assistent i samband med studiar av eigenskapane til luft han arbeidde med. Det tok ikkje lang tid før Papin hadde konstruert både nytt utstyr for å generera vakuum og ein rakettmotor som nytta komprimert luft.

I 1679 hamna ei av oppfinningane til Pain, som han kalla «le digesteur» (fordøyaren), i rampelyset. Det var ein kraftig støypejarnsylinder som, på grunn av han var utstyrt med sikkerheitsventill, kunne settast under damptrykk utan at det var fare for at han eksploderte. Dette apparatet som i dag, avhengig av bruksområdet, vert kalla autoklav, gjorder det mogleg for Papin å utføra ein heil serie med ulike eksperiment ved trykk opp til 0,8 til 1 MPa, som i samtida vart rekna som svært høge trykk. Les meir …