Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2018

Galleblære
Galleblære

Galleblære er eit lite, pæreforma organ der galle blir lagra og konsentrert før han blir sleppt ut i tynntarmen.

Galleblæra er eit holorgan som ligg rett under den høgre lappen av levra. Hjå vaksne menneske målar ho om lag 8 centimeter i lengd og 4 centimeter i breidde når ho er heilt oppblåst. Ho rommar om lag 30–100 ml. Menneske kan leve utan galleblæra. Kirurgisk fjerning av galleblæra blir kalla kolecystektomi. Les meir …