Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2017
Kenguruøya er den tredje største øya i Australia, etter Tasmania og Melvilleøya. Øya ligg 112 km sørvest for Adelaide ved innløpet til Saint Vincent-bukta. Ho er 153 km lang og dekker ei flatevidd på 4 405 km². På det næraste ligg Kenguruøya 13 km frå det australske fastlandet, det er Cape Jervis på odden av Fleurieu-halvøya i delstaten South Australia. Øya høyrer til den same delstaten. I fylgje ei folketeljing halden i 2011, budde 4 417 menneske på øya. Folketilveksten har minka i dei seinare åra, då mange av dei unge flyttar over til fastlandet.
Kenguruøya fekk namnet sitt av tidlege europeiske oppdagarar leia av Matthew Flinders på grunn av kenguruane dei fann her. Aboriginarar på fastlandet kalla øya «Karta» ('Daudeøya'). Les meir …