Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2011

Sør-Sudan grensar i nord til Sudan, i aust til Etiopia, i sør til Kenya, Uganda og Den demokratiske republikken Kongo og i vest til Den sentralafrikanske republikken.
Sør-Sudan grensar i nord til Sudan, i aust til Etiopia, i sør til Kenya, Uganda og Den demokratiske republikken Kongo og i vest til Den sentralafrikanske republikken.

Sør-Sudan er eit land i Afrika. Hovudstaden er Juba. Landet fekk sjølvstende frå Sudan 9. juli 2011. Sør-Sudan er inndelt i ti delstatar.

Regionen har i negativ grad blitt påverka av to borgarkrigar sidan Sudan fekk sjølvstende, i 1955-1972 og 1985-2005. Ei omdiskutert folketeljing gjennomført i 2008 og offentleggjort i 2009 viste at Sør-Sudan hadde ein folkesetnad på 8,2 millionar. Folketeljinga viste òg at det bur 520 000 sørsudanarar i Sudan. I januar 2011 blei det halde folkerøysting i Sør-Sudan om landet skulle lausriva seg fullstendig frå Sudan. Heile 98,83 % røysta for sjølvstende. Les meir …